Då les vi nok på veldig forskjellige måtar. Eg er oppteken av å finne ei meinig i og forstå dei bøkene eg les, utan at det øydelegg lesargleda for meg. Snarare tvert i mot finn eg mykje glede i å lese bøker som gir meining. Også er det nokre bøker som presenterer ei meining eg ikkje liker, og då blir eg litt negativ til desse bøkene. Men med fare for å gjenta meg sjølv, trur eg eg skal la dette ligge nå. Eg har sagt kva eg meiner om denne boka.
Anmeldelse av boka på huvenes.no
Takk for godt og grundig svar. Eg prøvde å søke i gamle trådar, men etter å ha lese opptil fleire diskusjonar om lesebretta si rolle i forhald til papirbøker, ga eg opp å finne ut noko om spesifikke lesebrett.
Eg trur eg kjem til å kjøpe dette, men det er interessant det du skriv om arkivfunksjonen. Eg skal gjere litt meir reasearch og finne ut korleis det står til med andre brett på dette området.
Dette med mange bøker på ferie er vel utløysande årsak til at eg vil kjøpe brett.
Brukar du det saman med mac eller pc? Eg er macbrukar og vil gjerne ha noko som fungerer saman med mac, men eg vil ikkje ha ipad.
Då er vi nok grunnleggjande ueinige der :), for eg trur nemleg at bøker har stor betydning for folk sine haldningar. I alle fall bøker som i stor grad gir seg ut for å ha dokumentariske trekk. Det verdisynet eg meiner denne (og ei rekke andre bøker, filmar og andre medier) representerer, er ei formidling av vestlege (amerikanske) kulturimperialistiske verdiar.
Det er mykje gale med måten talibanregimet behandlar folk på, og det er absolutt kritikkverdig. Men denne kritikken må komme innanfrå, med utgangspunkt i korleis folk har det og korleis det er å leve der. I Drageløperen blir samfunnskritikken presentert gjennom måten det afghanske samfunnet skil seg frå det amerikanske, med ei tydeleg "hadde dei bare vore som oss"- haldning, ville ikkje noko av dette vonde skjedd. Og det er eit unyansert utgangspunkt. Eg meiner at boka ikkje problematiserer situasjonen slik han er, i Afghanistan, men at ho samanliknar det afghanske samfunnet med noko det ikkje er i det heile tatt. Folk har opplevd mykje vondt under Taliban, men det legitimerer på ingen måte den krigen som foregår der nede nå. Den krigen bunnar også i den same utanifrå-haldninga som boka presenterer: vi i vesten skal komme og redde dei stakkarane frå det fæle regimet dei lever under. Og eg synest dette utgangspunktet er kritikkverdig. Det eg reagerer på er altså at kritikken kjem i eit utanifrå-perspektiv og ikkje i eit innanfrå-perspektiv.
For å ha samanlikningsgrunnlag kan eg jo nemne Persepolis som eit motstykke. Persepolis reiser mykje av den same krtikken som Drageløperen gjer, mot regimet i iran, men i Persepolis er opprøret lokalisert i Marjane, i eit innanfrå-perspektiv og ikkje i eit "alt er mykje betre hos oss"- perspektiv. Og det er dette eg reagerer på.
Men eg har på ingen måte meint å rakke ned på andre sine lesevaner. Eg har bare forsøkt å forklare korfor eg personleg eigentleg kunne klart meg fint utan å ha lese akkurat denne boka. Og eg trur at vi gjennom film, medier og bøker lar oss påverke til å tru bestemte ting om verda.
Det kan hende det bare er meg, men når det står 12 utropsteikn i overskrifta, tenker eg at det er eit uttrykk for for eksemepel å vere rysta eller sjokkert - derav den feilslutning :)
Eg synest også å seie at "den er for kommersiell" er litt for enkelt, men likevel er eg einig i at boka er kommersiell. Og det var det eg svarte på - kva som gjer at eg er einig i at dette er ei kommersiell bok. Viss ikkje det var det du spurte om i det heile tatt, beklager eg at eg misforstod deg.
Eg er heilt einig i at alle skal få velje kva dei vil lese. Men eg opplever ofte at det blir sett på som eit uttrykk for ei negativ, snobbete og elitistisk haldning å faktisk ta desse vala, dersom dei går ut over bøker som sel i enorme opplag. Dersom ein vel at ein vil lese desse bøkene derimot, er det heilt greit å avfeie andre bøker ved å seie "Eg liker ikkje tunge bøker", utan at ein eigentleg veit om boka er "tung" eller ikkje. Og det er jo like lettvint, men langt meir akseptert.
Stereotyp og karikert antihelt, men likevel, eg fekk vondt i magen då han stod i sikkerheitskontrollen. Det er jo eit teikn på at dei har fått til noko. Ja, eg skal også sjå dei neste to episodane.
I nettsammenheng er det kanskje litt beskjedne tall, men vi er jo et nisjenettsted uten markedsføringsbudsjett.
Vi har hatt svært jevn vekst helt siden oppstart, noe jeg ikke hadde ventet.
Jeg trodde at vi enten ville nå et slags vippepunkt, der vi fikk eksponensiell vekst; eller bare dø en langsom død; der det aldri tok av.
I stedet har vi fått en slags mellomting; der vi vokser med noen hundre hver måned.
Det blir spennende å se hvordan det går videre!
Jeg skal se denne!
Ja, overskrifta seier vel det meste: Kva slags erfaringar har de med Sony Reader Touch-edition, PRS650?
Eg prøvde eigentleg bare å forklare korfor eg er einig i uttalinga om at denne boka er "kommersiell", som trådstartar var så rysta over. Og eg meiner at boka er kommersiell, fordi ho formidler populære fordommar som sel godt, på ein lite nyansert måte.
Eg opplever at du legg ord i munnen på meg, som eg ikkje har sagt. Eg meiner ikkje at ein bør skamme seg over å ikkje ha den rette oppfatninga, slik du skriv. Men eg meiner at det er synd at alle dei som møter "slike verdener for første gang gjennom ei slik bok som Drageløperen" som du seier, møter slike verdner gjennom ei så unyansert framstilling. Eg trur "Drageløperen" tener meir til å stadfeste fordommar enn å utfordre dei. Og det synest eg ikkje er ein god ting.
Det er ei forferdeleg bok. Likevel er det dumt å grue seg til å lese ho. For det er språket som held ho oppe frå det djupaste mørkre (og dette er ein av grunnane til at eg har vald å la vere å sjå filmen). Dei poetiske replikkane og den sterke skildringa av det som er, og ikkje er, mellom mennesker gjer at boka ikkje bare er mørk og grusom.
Drageløperen si handling kan vel summerast slikt: Gutt veks opp i Afghanistan. Gutt må flykte frå Afghanistan på grunn av Taliban. Gutt lærer amerikanske verdiar og blir mann. Mann kjem tilbake til Afghanistan og kritiserer forhalda der, i lys av dei nye, vakre amerikanske verdiane han har lært.
Det er lov å vere kritisk. Eg har ikkje sagt noko anna, men eg meiner at måten Drageløperen er kritisk på, er unyansert og einsidig. Det er lov å skrive om mennesker som blir undertrykka av brutale regime eller diktatorar. Men det er noko med utanfrå-perspektivet i Drageløperen. Når kritikken skal formidlast gjennom vestlege briller, er eg meir interessert i nyheitsmagasin og artiklar, ikkje romanar.
For min del opplever eg ikkje at Drageløperen er ein roman som gir meg noko nytt, eg opplever at Drageløperen er ein roman som ønsker å stadfeste dei fordommane mediebiletet vil at eg skal ha. Eg vil heller lese ein roman som forklarar korfor slike som skulekameraten til hovudpersonen (eg har gløymd namna) blir med i Taliban-partiet og vel å leve slik han gjer. Det kan fortelje meg noko nytt, frå eit innanfrå-perspektiv, som eg ikkje har lese før.
Takk for ditt bidrag! Det var stas å få en ny gjesteblogger.
Samme her :)
Mange av elevane mine i denne aldersgruppa har hatt stor gelde av å lese John Ajvide Lindquist si La den rette komme inn, Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim av Tore Renberg, Doppler av Erlend Loe, Skyskraper-trilogien til Tove Nilsen og Harry-Hole-bøkene av Jo Nesbø i tillegg til Regines bok og Idas dans som er nemd over.
Eg las Rebecca i sommar, og ho var framleis like god.
Eg tenker at det handlar litt om å velje kva ein vil gå glipp av. Og sjølv om ein ikkje kan vite kva ein går glipp av om ein ikkje har lese det, har i alle fall ikkje eg kapasitet til å lese alt eg vil. Og då brukar eg gjetningar som utgangspunkt for kva eg skal velje bort. Desse gjetningane er basert på fordommar, men det er jo alle val.
Eg er veldig glad i både Bikubesong og Rom ved havet, rom i byen, og føler også at eg gjorde eit kupp då eg fann Noveller i samling. Frode Grytten er flink til å skrive, altså!
Det er veldig interessant dette med marknadsføring av noveller. Det er som om dei drukner litt innimellom romanane og sakprosabøkene. Og kanskje du har rett i at det er lettare å omtale romanar. Eg merkar at det å skrive om novellesamlingar ofte er vanskeleg, fordi det er så mykje å ta tak i. Korleis kan ein presentere ei novellesamling på ein oversikteleg måte, utan at ein gjenfortel handlinga i alle novellene?
Når det er sagt liker eg å lese noveller, fordi dei er så korte og fine. Og ofte gir desse korte tekstane minst like sterke inntrykk som ein heil roman kan gjere.
Eg liker godt å lese noveller, fordi dei er så korte. I ein hektisk kvardag, kor ein har begrensa med lesetid, er novellene fine å ha. Det er også spennande å leite seg fram til nye, gode noveller. Ofte har eg inntrykk av at det kan vere 2-3 gode og 8-10 dårlege noveller i ei novellesamling, så ein må leite litt meir enn når ein skal finne romanar. Men det er absolutt mange skattar der ute.
Nå for tida har eg gått laus på Karavane, ein antologi med noveller av forfattarar i verdsklasse. Her er det mange gode tekstar. Og det å begynne med antologiar, gir jo rom for å lene seg litt på andre sine utval og lese tekstar andre har anbefalt.
Eg har utfordra meg sjølv og nokon fleire til å lese 52 noveller i 2011, og her er det lenkar til mange gode og grundige omtaler av noveller av ulik kvalitet. Til nå har eg bare lese dei mest kjendte, Naja Marie Aidt, Ingvild H. Rishøi, Alice Munro, Bjarte Breiteig og Frode Grytten, men eg ser jo at det er ei enorm verd av noveller der ute, som er i ferd med å åpne seg.