Så lenge vi held avsporingane i dei sidegreinene av tråden som allereide er langt uti grøfta, ser det ut som om det går an å fortsette å ha ein seriøs diskusjon om å lese 1001 bøker på toppen. Kanskje...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja! Dette er ei veldig bra bok. Samanlikninga med Elling har eg ikkje tenkt på, men det er noko med måten dei ser samfunnet på, frå utsida som er ganske likt. Du har rett i det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette med lik tilgang til kunnskap er veldig viktig for folkeopplysninga. Og folkeopplysning er viktig for demokratiet, så det er litt korttenkt å seie at "Gratis bøker ikkje er ein mennskerett." Heldigvis er det jo slik at ungdomspartia ofte kjem med korttenkte forslag, som skapar ein kort debattvind og så blåser over.

FrP har ein kulturfiendtleg kulturpolitikk og stortingsrepresentantar som ikkje veit at bøker er kultur, så eg er ikkje sjokkert. Men eg trur ikkje det blir noko av forslaget, utover ein kort debatt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Frp er ingen person...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bare hyggeleg å kunne vere til hjelp. Eg har blitt utsett for eit par typar ala Jarle Klepp gjennom studietida.

Sånn elles kan eg anbefale Moderne Litteraturteori av Atle Kittang, dersom ein vil ha ein lett og oversikteleg innføring i Adorno og andre (meir interessante) teoretikarar frå 1900-taler. Der er det mykje bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den første er det ikke. Bag of fun-boken Trude Helen Holes "Sannheten om Lotte-Marie -usensurert" kom ut for noen år siden, og den var IKKE bra. Håper og tror denne her er bedre. Den venter på tur i bokhylla.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Adorno kritiserer både idealiseringa av kunsten (at kunsten er ein opphøgd veg til innsikt i det sanne og det gode) og det marxistiske kunstsynet (at kunsten ikkje seier nokonting om kva som er sant, men bare gjenspeglar klasseskilnadar). Samtidig kritiserer han det dialektiske historiesynet til Hegel, som er ei forståing av at historien stadig utvikler seg mot noko betre.

Adorno var aktiv på 30-talet og han såg Hitlertyskland vokse. På den eine sida, kan ein seie at Hitler framstod som den perfekte leidar. Han fekk samfunnet til å vokse, fekk sysselsakt folk, det var ei enorm vekst osv. Nazismen var også eit system som overlot tenkinga til dei som styrte og oppløyste grensene mellom politikk og privatliv. Det var ikkje nokon grunn til å tenke sjølv, for systemet tok seg av dette. Dette kan altså vere det perfekte system. Men på den andre sida har dette perfekte systemet ei enorm skyggeside: alle dei som ikkje passar inn, blir reinska bort, anten det er jødar, homoseksuelle eller systemkritiske kunstnarar. Dette bruker Adorno som eit eksempel på det han kallar "den negative dialektikk" (i motsetnad til Hegel sin utviklingsoptimistiske dialektikk). Jakta på det gode samfunn, fører til barbari, og Hitlertyskland er stadfestinga av dette. Det er ei gjensidig avhengigheit mellom individ og samfunn, den einskilde eksisterer i kraft av samfunnet han er ein del av, og samfunnet eksisterer i kraft av dei individa som det består av.

Den negative dialektikken blir ikkje bare brukt om synet på historisk utvikling, men også om tenkinga. For gjennom filosofihistoria har det vore ein tendens til å identifisere begrep med sak og sak med begrep (på samme måten som foholdet mellom individ og samfunn). Filosofihistoria vil ha tingen og begrepet om tingen til å vere identiske. Dette avviser Adorno. Tingen er tingen og begrepet er eit begrep. Dei to er ikkje identiske. Dermed etablerer han begrepet om ikke-identitet, noko som har vore veldig sentralt for utviklinga av seinare, postmoderne teoriar.

For å redde det ikke-identiske, vender Adorno seg mot kunsten (musikk, litteratur og biletkuns), som er ei utfolding av sanninga. Kunsten er ifølgje Adorno formidla gjennom samfunnet og samtidig eit produkt av dei samfunnsmessige konflikane som er aktuelle. Dermed er også kunsten eit sentralt objekt for analyse av samfunnet. Sidan kunsten i seg sjølv ikkje har eit praktisk formål, er han ein ikkje-begrepsleg storleik og dermed er også kunsten den viktigaste kritiske instansen.

Adorno si tenking har vore veldig sentral for vidare tenking og utviklinga av seinare, postmoderne teoriar. Blant litteraturvitskapeleg nerdar, er Adorno (saman med Derrida) ein filosof det er "kult" å kunne namedroppe over ein lunsj, ein gong i ny og ne. Det er liksom som om det å trekke inn Adorno i tide og utide gir ein viss status. Det er eit slikt namn ein kan bruke, for å lire av seg meir eller mindre gjennomtenkte flosklar, og dersom dei rundt ein ikkje forstår kva som blir sagt, våger dei ikkje spørre, fordi dei kjenner seg dumme.

Når eg les om Jarle Klepp i Charlotte Isabell Hansen og om Adorno-fotoet på arbeidsrommet, les eg dette som ei ironisering over den nerdete flinkis-litt.vit.studenten. Fordi Adorno har vore så viktig gjennom siste halvdel av 1900-talet, blir Jarle Klepp si opphenging i han (for meg) eit slags jag etter status og aksept i universitetsmiljøet, på same måte som iveren etter å få trykka bokmeldinga si i Morgenbladet representerer den same strebinga etter aksept i eit miljø. Eg les Jarle som den middelmådige studenten, som så inderleg gjerne vil vere noko meir enn han er, også bruker han Adorno for å forsøke å oppnå ei viss anerkjenning og status frå folk rundt seg. (Eg veit ikkje om dette er ei riktig lesing, men han minner meg om nokre "typer" eg har møtt på Blindern, og det er dette som gir desse assoisiasjonane). Dermed les eg bruken Adorno som ei ironisering over ein stereotyp (og relativt usjølvstendig) litteraturstudent-type.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Åh, på Ullevål stadion? Då er det ikkje den fine bokhandelen eg tenker på. "Min" er på John Colletts plass, og er absolutt verdt eit besøk. Dei har bokhyller til taket med bøker i! Og viss du leiter etter noko dei ikkje har, bestiller dei det for deg, også ringer dei når dei får det inn.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Åh, eg saknar å gå forbi den bokhandelen på veg heim frå Blindern. Det er ein av dei få delikatessebokhandlarane som ikkje er overkommersialisert, som framleis er igjen. Eg trur eg må ta meg ein tur dit igjen, snart.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det at bøkene er forskjellige, er i seg sjølv ei styrke. Det er eg einig i. Men som eg har skrive i bloggomtalen av boka, er det fleire ting som gjer at denne ikkje lever opp til forventningane mine. Det går ikkje på at bøkene er ulike, men det går på kvaliteten på Din nestes hus.

Hovudproblemet for min del, blir at Kaarsbøl forsøker seg på eit forteljargrep som ho ikkje får til å fungere. Forteljinga er forsøkt framstilt scenisk. Kaarsbøl viser fram epsiodar og viser kva Laus og dei andre karakterane seier og gjer. Innimellom får lesaren innblikk i Laus sine tankerekker, men då ser han ofte tilbake på scener frå tidlegare i livet. Dette er eit spennande grep, men eg opplever at det fungerer dårlig i denne romanen. Forteljinga får eit hakkete og oppstykka preg. Vi får vite svært lite om kva Laus eigentleg tenker og kva slags kjensler eg-personen har, noko som også gjer at samanhengane blir borte. Eg får ikkje forståing for Laus, handlingane hans og vala hans. Kombinasjonen med eg-forteljaren gjer at det blir ei avstand mellom lesar og forteljar, som eg opplever som forstyrrande.

Det er mange flotte element i boka, og særlig skildringa av jentungen til presteparet, synest eg er svært god. Men eg syntest forteljinga blei hakkete, oppstykka og usamanhengande, på ein måte som gjorde at totalpakka ikkje fungerte heilt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ligger i blodet var en liten skattekiste av en vampyrbok, litt anderledes fordi den ikke først og fremst handler om vampyrer egentlig men det å være en familie. Jeg koste meg stort da jeg leste denne boken, det var rett og slett noe avslappende ved skrivestilen til Haig. Kapittelene dro ikke ut i det vide og det brede, ofte var de bare på en tre, fire sider. Boken var morsom og underholdene, selv om handlingen i boken nok er noe mørkere enn en del av de nyere vampyrbøkene, men det syntes jeg det var utelukkende positivt.

Noen vil kanskje få assosiasjoner til Twilight når de leser videre i anmeldelsen, men bøkene er veldig forskjellige med unntak et par likhetstrekk i livsstilen til vampyrene. Jeg vil også tro at Haigs bok har en langt større apeal til begge kjønn enn hva Mayers bøker har.

Hvert kapittel i boken begynner med et avsnitt fra Håndboken for de avholdne, familien Radley prøver nemlig sitt beste for bare passe inn i samfunnet og være slik som alle andre(les: menneskene). En ting man bør lære seg først som sist er at det ikke alltid så lurt å prøve å undertrykke sin egen personlighet.

Tittelen på boken ga meg umiddelbart assosiasjoner til Harper Lees berømte roman To Kill A Mockingbird(min anmeldelse) og det var ikke feil for forfatteren har latt seg inspirere av den berømte Boo Radley fra denne romanen. I et intervju med Pulishers Weekly kan man lese følgende:

Were you influenced by Boo Radley of Harper Lee's To Kill a Mockingbird? Yes, Boo, pale-faced, misunderstood suburban outsider, was definitely my inspiration, though I later discovered Radley means "of the red meadow," which can have vampire connotations.

Boken passer både for ungdom(fra 16 år og oppover kanskje) og voksne, i England er boken utgitt i to versjoner; en for ungdom og en for voksne, her i Norge tror jeg de fleste tåler å lese samme bok.

Absolutt en bok som fortjener å bli lest, den skal forresten også filmatiseres.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lydboken lest av forfatteren var veldig god syntes jeg :) Det er mitt tips til versjon man bør velge av denne boken.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ser ut som om lista er avgrensa til romanar for voksne. Ingen dramatikk, ingen lyrikk, ingen noveller og ingen barnebøker. Så ho er jo på ingen måte fullstendig, men ho har jo likevel ei heilt klar avgrensing. Og då synest eg ikkje det gjer noko om dette manglar. Sjølv om ein sjølvsagt kan diskutere om det er riktig å avgrense på denne måten. Eg ville nok ikkje gjort det, skulle eg skrive ei liste over viktige verk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er eit spørsmål det har vore ganske mange ulike svar på, opp gjennom historia, og det kjem vel an på kven du spør og kva dikt du snakkar om.

Eg les ganske mykje dikt. Eg bruker ofte fleire måndar på ei diktsamling. Eg les dei eit og eit, sakte. Og eg trur det er noko av meininga med diktet. Eg er veldig glad i den russiske filosofen Victor B. Slovskij, som meiner diktet sitt språk skil seg frå kvardagen sitt språk gjennom at vi får oppdage verda på ein ny måte. Kvardagsspråket er automatisert, slik at vi ikkje lenger legg merke til språket, vi veit bare kva dei ulike orda betyr også er vi veldig raske med å koble ord til meining. Diktet sitt språk er ofte annleis enn kvardagasspråket, og dette kalla Slovskij for "underleggjering". Det underleggjorte språket, gjer at språket må sansast og lesast om og om igjen. Eg sanser språket i diktet gjennom å lese diktet sakte. Nokre dikt smaker, andre lukter. Og det er det som er så fint med dikt. Ein kan få sjå ting på ein ny måte.

Men om ein skal lese ei diktsamling i strekk eller om ein skal lese 4-5 dikt til dagen, det kan eg ikkje svare på. Nokre dikt er episke dikt, og dei skal lesast i strekk. Andre dikt skal lesast sakte. Andre diktsamlinger igjen liker eg å bla gjennom, skumme litt og stoppe opp der eg kjem over noko som ser spennande ut. Det er inga fasit på korleis diktet skal lesast.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har lese både Enke for et år og ein del noveller, og eg har liksom ikkje latt meg begeistre. Snarare tvert imot.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, denne likte jeg godt! Blir helt sikkert en bok mange vil låne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenker snarare at eg føler meg inspirert til å lese bestemte bøker, framfor forplikta. Når "alle" eg kjenner har sagt at Kjærligheten i koleraens tid er ei veldig bra bok, har eg jo lyst til å lese ho. Men eg har ennå ikkje opplevd at eg synest det er pinleg å ikkje ha lese ho. Det er to forskjellige ting.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det same gjeld for meg. Eg har ein tendens til å lese det nyaste, og tenke at eg skulle ha lese fleire av klassikarane eg har kjøpt, som står i hylla. Og som eg svarte Cathy under, er dette ein måte å lese noko anna enn skandinavisk og amerikansk samtidslitteratur på, for meg. For til vanleg vel eg dei same forfattarane om og om igjen. Dette er eit prosjekt som kan hjelpe til meir variasjon.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg tar ingenting for å leggje vekk bøker som ikkje fenger. Og når eg har lese ein fjerdedel av boka, utan å la meg engasjere, gidd eg sjeldan meir. Når det gjeld ringenes herre, kjende eg meg litt snurt då filmane kom året etter at eg hadde kjempa meg gjennom boka for å få vite korleis det gjekk til slutt. Då kunne eg fått vite korleis det gjekk til slutt, utan å lese side opp og side ned om krig og snakkande tre. (Nei, eg er ikkje i fantasy-gjengen).

Eg er einig i at lesing skal vere lystbetont. Derfor tenker eg det er viktig at dei som eventuelt vil vere med på å lese ei bok i månaden frå lista, skal ha lyst til det :)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Cathy har komme med samme innvendingane som deg lenger nede i tråden, og dei er grundig besvart der. Det er jo opp til ein sjølv å velje om ein vil vere med på slike ufordringar. Det går jo an å la dei som synest slikt er morsomt få lov til å delta i fred, og bare la vere å melde seg på, viss ein synest det heile er dødsteit.

Det er nokon her som skal lese Ibsens samlede i 2011. Og det er heilt greit for meg at dei gjer det. Eg las så mykje av det, i 2006 då eg tok nokre Ibsenkurs, at eg kjenner meg metta på livsløgner for ei tid framover og kjem ikkje til å slenge meg på. Det at eg vel å ikkje delta i dette, betyr ikkje at eg er programforplikta til å gå inn i tråden om Ibsens samlede og vere negativ. Eg kan velje å la vere å kommentere prosjektet i det heile tatt, og la dei som koser seg med å lese Ibsen, kose seg med å lese Ibsen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

FredrikAkima MontgomeryHallgrim BarlaupIreneleserMads Leonard HolvikErika NMarit MogstadDemeterJane Foss HaugenPirelliTone SundlandTor-Arne JensenSiw ThorbjørnsenEllen E. MartolKirsten LundAnne-Stine Ruud HusevågVariosaHarald KLars Johann MiljemgeToveAlice NordliElisabeth SveeKaren PatriciaBjørn SturødChristinaBeathe SolbergRandiAJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken Røil