Og eg ser absolutt rom for misforståinga. Eg endra punktum til kolon, i håp om å tydeleggjere det. Eg meinte det i det minste som ei spissformulering, ikkje som ein oppriktig påstand.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bedre å fortelle om god litteratur enn å kritisere den du synes er dårlig.

Dette er eg ikkje einig i. Eg synest ikkje det skal vere slik at vi bare kan uttale oss om bøker vi liker. Eg vil diskutere bøker eg har lese, både dei eg likte og dei eg ikkje likte. Elles er eg einig i at det å vere konstruktiv er viktig, uansett kva grunnlag ein har for det.

Det jeg mener å si er at det er ikke alltid ment slik det skrives/ oppfattes. Om en bokelsker bruker vanskelige ord er det flere grunner til det - 1.at det er en naturlig del av vokabularet deres, 2.at de prøver å imponere 3. eller prøver å tråkke på andre (forhåpentligvis få av disse)

Eg kan fort vere ein av dei som bruker "vanskelege ord". Dette skuldast i hovudsak at eg har vore i eit aktivt fagmiljø, og ikkje nødvendigvis tenker over at ikkje alle andre er ein del av dette fagmiljøet, når eg diskuterer litteratur. Det kan også skuldast at det mangel på adekvate synonymer (ja, det var eit forsøk på å vere morsom), som uttrykker dei same nyansene i det kvardagslege språket. Når vi beveger oss over i filosofidiskusjonar, som for eksempel den diskusjonen som gjekk om subjektivitet og objektivitet i kunsten, for ei tid sidan, er det lettare å bruke eit akademisk språk enn eit kvardagsleg språk. Det er ikkje for å imponere eller for å tråkke på andre, men det er rett og slett fordi ein fagleg diskusjon ofte krever eit fagspråk.

Eg kjem nok aldri til å slutte å la meg overraske over at folk tar det ille opp at nokon har annan kunnskap og andre interesser enn dei sjølv. Det overrasker meg like mykje kvar gong.

Godt sagt! (18) Varsle Svar

Vi får gjere vårt til å bidra til at dei seriøse og gode diskusjonane blir oppretthaldne. Men for meg er ikkje det det same som å seie at alle bøker er like gode, for det synest eg ikkje dei er.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er jo direkte ufint. Om det har vore mange slike diskusjonar her tidlegare, kan jo det også forklare noko av den litt såre reaksjonen mange kjem med når bøker blir kritisert.

Likevel, eg trur fleirtalet her inne ønsker å diskutere bøker på ein konstruktiv måte. Og konstruktive diskusjonar krever begrunningar og velvilje. Dårleg begrunna innlegg og innlegg med mangel på vilje til å forstå kva den andre meiner fungerer sjeldan godt i ein slik samanheng som denne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei diskusjonane om Alkymisten har ikkje eg fått med meg. Men eg har ikkje inntrykk av at den tonen du beskriver er gjennomgåande og representerer nivået på diskusjonane her på forumet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var leit å høyre. Får håpe du har rett i at det ikkje skjer så ofte lenger.

Det siste du skriv sitt eg også med eit inntrykk av. Det verkar som om det er ein tendens til å lese "Denne boka var lite engasjerande, og eg la ho bort halvvegs" som "Du er ein dust som liker boka", og svare deretter. Det er synd, synest eg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

For øvrig reagerer jeg med hver fiber i kroppen når noen rakker ned på andre bokelskere pga smaken deres, eller begynner å analysere hva som er "galt" med vedkommende som ikke har forstått essensen i aktuelle bok.

Det er mogleg eg har gått glipp av noko, men eg kjenner meg ikkje igjen i denne typen personangrep. Finn dei verkeleg stad, her inne?

Eg ser jo at det tidvis er nokon som svarer på negative omtaler av bøker dei liker, som om dei var personangrep. Og det synest eg er veldig synd.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg trur du misforstod utsegna mi:

Her går denne diskusjonen igjen og igjen, med den same negative innfallsvinkelen. Nokon trur dei er betre enn andre, fordi dei foretrekker bestemte bøker framføre andre. Dei har ikkje rett til å tru at dei er betre enn andre.

Eg forsøker å beskrive den typiske diskusjonen, som stadig går her inne. Det som kjenneteiknar diskusjonen er ofte at dei som liker dei bøkene som ofte blir kategorisert som populærlitteratur, beskylder dei som liker andre bøker for å vere snobbar eller i dette tilfellet forståsegpåarar. Folk blir altså beskyldt for å tru dei er betre enn andre.

Eg er einig med deg i at ein er ikkje betre enn andre. Og det var det eg forsøkte å få fram. Vi har bare ulik smak.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

To minutter i bokhandelen på flyplassen før avgang. Gaute Heivolls «Før jeg brenner ned» eller Nick Hornbys «Juliet, naked» med i posen. Hvilken skal jeg lese først? Innspill, kjære bokelskere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den har eg liggjande. Eg har ikkje lese ho ennå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenker at den radikale familien på Otterøya er ein del av miljøskildringane. Det er mykje vekt på korleis det konservative mannsidealet pregar folk der ute på øya. Måten samfunnet tar imot denne familien på, er med på å understreke kor vanskeleg det er å vere annleis enn forventa, i dette øysamfunnet, kor menn ikkje kan drikke vin fordi det er for feminint. I bok 1 kjem det fram at David i tenåra er tiltrekt av den bohemske levemåten til familien til Silje, og hans kunstnardraumar. Dette står jo i veldig sterk kontrast til dei forventningane han må møte av miljøet han veks opp i og kanskje særleg av bestefaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg synest Tiller si utruleg gode evne til å skildre mangfoldet i ein karakter kjem godt fram hos Ole og Tom Roger. Særleg Tom Roger-delen har nokre av dei same kvalitetane som Skråninga, i og med at han er så usympatisk og samtidig blir framstilt på ein måte som gjer at eg får sympati for han. Dette er, etter mi meining den sterkaste delen av boka.

For min del taper boka seg mot slutten. Paula blir ikkje ein truverdig karakter for meg. Tiller sin styrke, i tidlegare bøker, har jo vore denne evna hans til å skildre folk, slik at vi skjønner motivasjonen bak handlingane deira, utan at vi nødvendigvis anerkjenner måten dei opptrer på. Dette synest eg ikkje fungerer i avsnittet om Paula. Og Paula blir ikkje ein karakter med fleire dimensjonar, slik som dei andre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spørsmåla om litterær kvalitet, er eit av dei mest diskuterte spørsmåla blant litteraturinteresserte. Og likevel har ennå ingen komme fram til nokre eintydige og objektive kriterier for korleis dette kan vurderast.

Her går denne diskusjonen igjen og igjen, med den same negative innfallsvinkelen: Nokon trur dei er betre enn andre, fordi dei foretrekker bestemte bøker framføre andre. Dei har ikkje rett til å tru at dei er betre enn andre.

Korfor kan vi ikkje heller vinkle desse diskusjonane positivt. Kva er det som gjer at du liker ei bok? Er det spenninga og intensiteten i handlinga? Er det det at ho har eit originalt språk som får deg til å tenke gjennom det som blir skrive på ein ny måte? Er det det at ho seier noko nytt om samfunnet vi lev i? Er det dei gode personskildringane som gjer at du kjenner at du kjem på innsida av personane, eller er det den originale forteljarsynsvinkelen som gjer at du ser ting i eit nytt perspektiv? Er det dei levande mijløskildringane? Eller er det fleire av desse faktorane?

Det er ulike grunnar til at vi liker og ikkje liker bøker. Og eg trur ikkje vi heller kan komme fram til objektive kriterier for litterær kvalitet, nokon gong. Det er det ingen som har klart før oss. Det betyr ikkje at vi ikkje kan vurdere dei bøkene vi har lese, som gode eller dårlege lesaropplevingar. Det betyr heller ikkje at vi ikkje kan begrunne vurderinga ut i frå kriterier vi synest er viktige. Og kanskje er ikkje du einig i at dei kriteriene eg synest er viktige, er viktige. Men eg kan ikkje skjønne at det er eit mål i seg sjølv, å bli einige. Eg trudde poenget var å prate om bøker. Viss ikkje vi skal kunne komme med våre subjektive vurderinger av bøkene vi har lese, forsvinn mykje av poenget med eit bokforum, for min del. Kva skal vi då snakke om?

Godt sagt! (25) Varsle Svar

Ja! Eg skjønner verkeleg ikkje korfor det er eit slikt problem at vi har ulik smak...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, det gjer filmen også. Eg såg han for ganske lenge sidan, og tenkte at eg skulle vente til inntrykket av filmen hadde falma litt. Eg liker det best, dersom eg ser film før bok. Men eg hugser at det var ein sterk film. (Eg fekk Menneskehavn av John Ajvide Lindquist, i bokklubben. Kanskje eg heller skulle tatt denne?)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Elskeren har eit vakkert og poetisk språk, som eg lar meg gripe av. Forteljinga om den 15 år gamle kvite jenta, som møter ein kinesisk millionær på ferga over Mekongfloden og innleier eit seksuelt forhold til denne voksne mannen, blir fortald gjennom den gamle kvinna sitt tilbakeblikk på livet. Dette er eit grep som gir ein oppstykka kronologi, og mange sprang i tid. Sjølv las eg boka i to lange jafs, noko som gjorde at eg ikkje blei forstyrra av dette. Eg trur at det er ei bok som bør lesast nokonlunde samanhengande. Heldigvis er romanen også kort nok, til at dette ikkje er eit problem.

Det som slår meg, med Elskeren, er at romanen er strippa for vurderande kommentarar frå forteljaren si side. Den gamle forteljarstemma seier ingenting om kor vidt ho angrar på forholdet til kinesaren, om det var godt for hennar personlege utvikling eller ikkje. Det er tydeleg at dette forholdet har prega den gamle dama som fortel. Innleiingsvis fortel ho om korleis ho som femtenåring slutta å vere vakker, og desse refleksjonane forstår eg som ei skildring av korleis forholdet til kinesaren har prega henne.

Elskeren er ei bok eg liker svært godt, både fordi framstillinga av handlinga er så annleis enn i andre romanar med liknande tematikk og fordi språket er så gripande.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Er Høytleseren romanen bak filmen "The Reader"? Det er i alle fall ein veldig fin film.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skrivandets hantverk av Sven Wernström. Han tar for seg en bok han skrevet og beskriver trinn for trinn hvordan han rent praktisk gikk frem for å fullföre boken. Et trinn for trinn opplegg som kan passe hvermansen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mønsteret på slipset så ut som en strukket versjon av en talentløs kunststudents forsøk på å portrettere en sammenfloket klump med sommernudler.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her fant jeg nytt lesestoff! Takk!:)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliElisabeth SveeKaren PatriciaBjørn SturødKirsten LundChristinaBeathe SolbergRandiADemeterJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken RøilKristinHeidi HoltanTine VictoriaTine SundalKaramasov11VegardJørgen NStig TTrude JensenCecilie69Hilde Merete GjessingKristine87SolveigBjørg L.Grete AastorpErlend Rødal VikhagenHarald KRandiTove Obrestad Wøien