Medan brevskrivarane i Innsirkling 1 var ungdomsvener av David er det no barndomsvener vi møter. Dermed får vi eit noko anna bilde enn i den første boka, og ikkje minst får vi inngåande kjennskap til heimbrent-, fyll- og tjuverimiljøet på Otterøya og i Namsos. Dette er eit beiksvart miljø skildra som om Tiller sjølv må ha vokse opp der. Mykje handlar om forholdet til foreldre, mor-dotter, mor-son, far-son og også besteforeldre. Som skarphandlarbestefaren, den forfylla mora, Tom Roger, sonen til Tom Roger og kjærasten hans, og deira fyllefest. Så handlar det óg om psykiske lidingar, både i notid og fortid og gjennom fleire generasjonar. Medan Innsirkling 1 hadde nokre daudparti som eg fann kjedelge, er Innsirkling 2 ein sidesnuar som toppar seg med overraskingar mot slutten. Kva tid kjem Innsirkling 3?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Helt enig med deg i at denne boka var bedre enn den første. Innsirkling 2 var veldig vanskelig å legge fra seg! Gleder meg til neste bok, og håper vi får svar på en del av spørsmåla der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg synest Tiller si utruleg gode evne til å skildre mangfoldet i ein karakter kjem godt fram hos Ole og Tom Roger. Særleg Tom Roger-delen har nokre av dei same kvalitetane som Skråninga, i og med at han er så usympatisk og samtidig blir framstilt på ein måte som gjer at eg får sympati for han. Dette er, etter mi meining den sterkaste delen av boka.

For min del taper boka seg mot slutten. Paula blir ikkje ein truverdig karakter for meg. Tiller sin styrke, i tidlegare bøker, har jo vore denne evna hans til å skildre folk, slik at vi skjønner motivasjonen bak handlingane deira, utan at vi nødvendigvis anerkjenner måten dei opptrer på. Dette synest eg ikkje fungerer i avsnittet om Paula. Og Paula blir ikkje ein karakter med fleire dimensjonar, slik som dei andre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmmmm...interessant! Men det er ein del som eg ikkje heilt har forstått kvifor forfattaren har tatt med. Den radikale familien på Otterøya t.d.. Kvifor har skildringa av dei fått så stor plass? Den breie forteljinga om dei har ikkje har noka direkte tilknytning til David, eller kva? (Sjølvsagt gjennom skuldningane han framset mot Grim, men ikkje elles). For ikkje å snakke om den døde jenta. Kva har eigentleg skjedd med henne? Mange spørsmål reiser seg her. Underleg at ikkje dette får større plass. Men kanskje Tiller kjem attende til denne hendinga i neste boka? I alle fall må vi der få vite meir om David sitt opphav, hans eigentlege familie. Lurer på om han kan ha ant at noko ikkje stemde her. Var det difor han nekta å feire sin eigen fødselsdag?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenker at den radikale familien på Otterøya er ein del av miljøskildringane. Det er mykje vekt på korleis det konservative mannsidealet pregar folk der ute på øya. Måten samfunnet tar imot denne familien på, er med på å understreke kor vanskeleg det er å vere annleis enn forventa, i dette øysamfunnet, kor menn ikkje kan drikke vin fordi det er for feminint. I bok 1 kjem det fram at David i tenåra er tiltrekt av den bohemske levemåten til familien til Silje, og hans kunstnardraumar. Dette står jo i veldig sterk kontrast til dei forventningane han må møte av miljøet han veks opp i og kanskje særleg av bestefaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, det er svært merkeleg at historia med den daude jenta får så liten plass, og ikkje nemnast av fleire. Dette må vel bli noko som følgjast opp i neste bok? Synst dete er spanande!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken