Klart ein kan diskutere saker på generelt grunnlag. Men når du stadig bruker meg som eit hypotetisk eksempel i innlegga dine, begynner eg jo å lure på kor generelt du eigentleg diskuterer. Og at vi skal søke å bli forstått er jo ikkje eit dumt forslag, elles klappar all kommunikasjon saman. Men i dine innlegg framstillar du det som om det er eit problem at folk her inne ikkje uttrykker seg forståeleg. Eg ser ikkje dette problemet. Så lenge du ikkje utdjuper og forklarer kva du faktisk meiner, blir det litt vanskeleg å skjønne om dette er ei prinsippiell diskusjon, eller ikkje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje problem med å forstå folk her inne, så sidan du stadig trekk fram dette med vanskeleg språk i svara på samtlege av mine innlegg, begynner eg jo å lure på om det er meg du siktar til...

Men er det verkeleg eit reelt problem, dette med at folk skriv vanskeleg? Eg kjenner meg framleis ikkje igjen i dette. Men det blir jo gjentatt og gjentatt og gjentatt. Eg slit litt med å skjønne kor du vil.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, ikkje minst!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men er det verkeleg eit så stort problem for deg, at du ikkje skjønner kva eg seier? Du trekker stadig fram dette med språk. Men eg kjenner meg ikkje heilt igjen i det at eg bruker eit over middels komplisert språk. Er det eit reelt problem?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har av og til med "liste" og leiter etter konkrete bøker, andre gonger går eg bare innom og leiter etter inspirasjon. Nå har eg lett tilgang på bibliiotek, det ville kanskje vore annleis, om eg ikkje hadde gått forbi kvar dag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det hender eg sett meg med eit lunsjbord kor alle andre prater om fotball, bil eller fødsel. Det betyr ikkje at eg begynner å diskutere samtaletemaet si rett eller forsøker å forklare dei andre kor lite interessert eg er i fotball, bil eller fødsel. Eg spiser opp maten min, er høflig, sjølv om eg ikkje har så mykje å bidra med i samtalen og så setter eg meg kanskje ikkje nødvendigvis med dei same folka neste dag.

Korfor tenker vi ikkje slik, når vi går inn i ein tråd som er utføre vårt interesseområde?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg skjønte det. Eg ser jo at eg var litt upresis også.

Eg trur kanskje helle det har forskyve seg. Sjå bare på alle miljøvernarane som køyrer bil til og frå jobb, eller reiser med fly stadig vekk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg meinte at lesinga til Helland står og faller på det premisset. Som du seier, kan det jo hende han har tatt seg ein kunstnarisk fridom og at Alving er far til Osvald, sjølv om ikkje fru Alving er smitta. Men tanken om at ikkje Alving (og kanskje Pastor Manders) er faren står og faller på premisset om Ibsen sin kjennskap til medisin. Dersom det skal vere rimeleg grunn til å anta at "det er noe presteaktig over ham", må det også vere rimeleg grunn til å anta at Ibsen kunne såpass mykje om genene sine gangar.

Veldig einig i det med dobbeltmoral og samfunnsstøtter! Er det betre nå?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Omslagene finner du på huvenes

Kom med en kommentar på bloggen og kanskje er det nettopp du som stikker av med en bokgave!

Fred

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg bare digger omslagene på Austen-parodiene! Har aldri kommet så langt som til å lese dem, men...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er jo fleire teoriar rundt dette. Det som er interessant med Helland si tolkning, er jo det at Osvald sin sjukdom sannsynlegvis ikkje ville ha komme så langt, viss han var smitta av utsvevande liv i voksen alder. Det at Fru Alving ikkje er smitta, er jo eit logisk brist, med tanke den tradisjonelle tolkinga. Og i og med at Ibsen var apotekar, er det jo rimeleg grunn til å anta at han hadde nok medisinske kunnskap til å sjå dette. Men det er jo på dette premisset lesinga står og faller.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eller Jon Fosse, som i Morgon og kveld skriv 14 sider utan punktum. Der fungerer det! Men det er noko med det at ein må kjenne reglane for å tøye dei. Då kan det få ein veldig god effekt. Men der det ikkje fungerer og ikkje ser ut som eit bevisst brukt verkemiddel er det irriterande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Der skulle det vore kolon, ikkje semikolon. Og det er nok den mest vanlege feilbruken. Eg bruker ofte korrekturavdelingen, for å sjekke teiknettingsreglar, når eg må slå opp. Her kan du lese om semikolon.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jo, det er to tilfeller semikolon høyrer heime. Ved oppramsing, og ved to heilsetningar som heng saman. Det å bytte ut med komma, for eksempel mellom heilsetning og leddsetning er det mange som gjer, og det irriterer meg. Og som Jenni Canard seier under, mange bruker det også som kolon. Og det er langt nærare punktumet enn kolonet i bruk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Han studerte de indiske passasjerene - mennesker han neppe ville se igjen etter de nærmeste timene - mer fryktsomt enn han hadde studert tamilene og andre indere i Berlin." Er dette feil eller riktig bruk av tankestrek?

Det er brukbar bruk av tankestrek, men det kunne like gjerne vore komma. Det kan vere veldig effektfullt å bruke tankestrek ved innskutt leddsetning, men mange gjer det for ofte. Og då mister det litt av effekta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er veldig sjeldan ein gjer feil, om ein kuttar det ut, så det er ingen dum ide, det altså.

Litt ved sida av språk i bøker, men eg merker at eg er allergisk mot punktum i overskrifter også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nå må du roe ned og slutte å leite etter spøkelser, frøken!

Eg prøvde å gi uttrykk for at eg er sterkare i norsk enn engelsk. Verken meir eller mindre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig! Er stor fan av Hole, og denne skuffer ikke! De detaljerte skildringene fra narkotikamiljøet er utrolige, skulle nesten tro han hadde opplevd det selv. Og overraskende absolutt!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jo, Pan fortener absolutt eit rituale! Eg ser den også manglar på mi liste... (Ja, det er vanskeleg, men morsomt å sjå kva folk svarar).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lese bøkene på engelsk, også har eg lese utdrag på norsk i ettertid. Eg opplever det Ingrid beskriv som meir påtrengande i dei norske oversettingane enn i dei engelske utgåvene, men det er heilt sikkert eit uttrykk for mi språklege kompetanse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

ChristinaBeathe SolbergRandiADemeterJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken RøilKristinHeidi HoltanTine VictoriaKirsten LundTine SundalKaramasov11VegardJørgen NStig TTrude JensenCecilie69Hilde Merete GjessingKristine87SolveigBjørg L.Grete AastorpErlend Rødal VikhagenHarald KRandiTove Obrestad WøienToveKristine LouiseEmil ChristiansenLars Johann Milje