Trur du har rett i det. Det er ikkje alt som er like lett å tyde - sjølv ikkje for ein nynorskbrukar. Mange av orda vert ikkje brukte lenger....
No vart eg faktisk frista til å tørke støv av bøkene mine - og lese dei ein gong til....
Kriterie for kva som er god eller dårleg litteratur, er ikkje nødvendigvis sjanger. Det finst god krim, og det finst også ein god del mindre god krim( til dels dårlig). Men, at krim pr definisjon er litteratur, det er udiskutabelt etter mi meining.
Likar godt krim sjølv- innimellom -og om boka har god oppbygging, godt språk og gode karakteristikkar, så er det eit pluss, sjølvsagt!
Takkar for god bokmelding, igjen. Trur denne må få ein plass på ønskelista mi - og kanskje den kan passe godt for ein lesesirkel?
Med godt tolmod(tålmodighet) kan ein greie det utrulige, det er også mi erfaring!
Når eg ser alle mine bøker som står på vent, så er eg svært fornøgd med å kome heim utelukkande med mine to bestilte: Adjø,Istanbul og Stalins kyr ... + at gemalen tok med Legendarisk måljeger, ein biografi om Ole Gunnar Solskjer..
Det drysser av fugler på gater og tak hvor solen og sølen flommer.
Og luften har farge og duft og smak av våren som kanskje kommer.
Herman Wildenwey
Hm, denne har eg på vent i bokhylla. Trur kanskje den skal få vente litt til, sidan eg no er i gang med ei anna enkel bok. Men, underhaldning i passe porsjonar er greit,det....
Vakkert - og heilt nytt for meg!
Ja, vener eller venner - og den forma der har eg ikkje sett før. Men opphavet kjem frå gammal latin og gammalnorsk vinr - etter det eg trur, men kanskje andre språkfolk veit meir enn meg...
Viner må vere ei gammal form (sjå forkl lenger oppe) for venner, vitja = besøke, og tidt = ofte.
Trur at Viner = venner: Ein skal besøke sine venner, men ikkje for ofte :-)
Men står der Viner i boka di, Kirsten? Den forma har eg i så fall ikkje vore borti før.
Ser i ordboka mi at ven eller venn har sitt opphav i glnorsk vinr som igjen har opphav i det latinske venus - venleik og den romerske kjærleiksgudinna Venus
Det kan vere på sin plass å bli mint på det, ofte er det altfor lett å ta alt som "selvfølegelig"....
No vart eg litt nysgjerrig...Om den beste blir skremt langt ut på "hedensk venstreside", kvar er han då?
Så har eg sett punktum for La llave de Sarah!
Inntrykket etter å ha lese boka på spansk er noko annleis enn det eg hadde etter den norske utgåva (Har lese den fordi eg vil verte meir sikker i språket... god øving..)..Lesinga har gått noko langsommare, og dermed vart eg faktisk endå meir berørt av Sarah sin lagnad. Ein del språklege settingar/formuleringar var med på å forsterke innhaldet..
Derimot vart den parallelle historia endå meir "platt" i denne utgåva, så dei siste sidene kjeda meg såpass at eg berre skumlas....kanskje også fordi eg har lese det før!
Språk kan utan tvil påverke oppleving av tekst, på same måte som når ulike opplesarar set sitt preg på det dei framfører.
Reflektert og god omtale av ei bok eg skal styre unna! Definitivt!
Eg er glad for at eg har fullført boka - endelig - ei sterk leseoppleving!
Ho er no søt, og blid...Kjenner forbausande mange som i ei oppjaga tid prøver å finne svar på eksistensielle spørsmål, så ho appellerer nok til nokre ...
Konflikt som har engasjert -og som engasjerer! Har ikkje lese denne boka, men ein del andre.