Har starta på Don Quijote av Cervantes (Fantastisk!) som eg les parallellt med Don Quijote I, av M Claussen. Nærast eit prosjekt som vil vare langt inn i påska. Så har eg leita fram Flaggermusenes by av Dario Fo, som eg har tenkt å lese innimellom. Og ikkje nok med det, på nattbordet ligg De nye krimheltene redigert av Nils Nordberg.
Har aldri før lese meir enn ei bok om gongen, så det er litt uvant, faktisk...
Artig! Denne forfattaren er heilt ukjent for meg. Og den kan vel ikkje vere utgitt nylig? Synest språket virkar noko gammalmodig!
Lettlest, trivielt - og går fort i gløymeboka!
Den var vrien! Kanskje slik: Sjølv om ein er aldri så gode venner, så kan ein vere uenige???
Lurer på om det med påskekrim er eit spesielt norsk fenomen? Har ikkje tenkt så nøye over det før, og er ikkje spesielt sjangerbunden til påske.
På TV, derimot, ventar vi alltid på den gode spenninga om kvelden - etter evt skitur og Kvikk-lunsj. Rart med tradisjonar....
Det blir det, og det meste er jo det...
Er ikkje kjekt å lese om korleis undervisninga på nynorsk har vore for mange ( sjølv om vi veit det jo) - kan då avsløre at det finst mange flotte, velutdanna og inspirerande lærarar i faget - og om du treng litt "input", må du berre ta kontakt....kan litt eg og..
Jauda, det er det! :-)
Sidan dette har hamna i ein tråd som starta med krim, så seier eg berre kriminelt...... på nynorsk :-)
I eit anfall av entusiasme bestilte eg denne boka i dag - men er litt usikker på korleis eg skal bruke den. Er det lurt å lese i den samtidig med hovudboka, eller bør eg vente til etterpå, eller?? Tek gjerne imot tips. ( I tillegg til entusiasmen, så kosta den berre 49..)
Takk for godt - og sikkert lurt råd. :-)
Gler meg til å lese, boka kom i hus i dag! Vart litt forskrekka då eg såg alle sidene med SÅ lita skrift. Blir nok lesing litt i rykk og napp, så sant eg ikkje blir hekta...
Fullførte, sjølv om eg var nære på å gi meg halvvegs....
Etter at Carmen døyr av kreft, sit Stijn igjen med deira vesle datter, Luna 3 år. Sorga er stor i den vesle familien, og faren drukner seg i Amsterdams og Ibizas uteliv (sitat), i staden for å ta sorga innover seg.
Etter ein del uheldig livsførsel - for å sei det mildt! - tek han med seg vesle Luna, reiser til Australia der dei to skal reise til stader som kan gi minne om Carmen.
Det er reisa i Australia som vart lesverdig for meg. Den første delen gav meg lite, både innhaldsmessig og språkmessig.(Litt skumlesing der) Vart ikkje eingong provosert .....Så om målet var å vise kor tomt og meiningslaust livet var, så greidde han kanskje det?
Boka er forutsigbar, men har også ein del rørande skildringar av sørgande far og datter på reise i campingbil.
Etter at boka var ferdiglesen såg eg på omslaget at Kluun vart enkemann i 2001, og at han tok med seg si tre år gamle datter til Australia.......
Etter Oscar Wao kjende eg behov for noko lett, humørfyllt - og enda opp med "Enkemannen" av Kluun (som eg tvilar på blir fullført..) og "Skodronningen" av A. Davies. Trur ikkje det blir den beste lesehelga eg har hatt,men trivelige middagsgjester får vege opp for det!
Ha ein god lesesøndag!
Det har du rett i, det var berre det at mi tolking av Byr ikkje var korrekt; Byr = bør (som i medbør/motbør- om vind) - du finn ei god forklaring hos Gretemor lenger nede her :-)
Har lytta ferdig - i rykk og napp- og er ikkje lei meg for det! Blir fort gløymt, trur eg.
Det har du heilt rett i! Byr er sikkert bør, eller medbør!
Veit ikkje om eg skjønar heilt denne her: Det som er ein manns byrde, er annan manns motgang??
Måtte til å sjå i Nynorskordboka: andror = tung roing mot vinden.
Jeg tror vi burde lese bøker som sårer og gjennomborer oss.....En bok må være øksen til den frosne sjøen i vårt indre.
Franz Kafka
Carmen og jeg hadde lært at følelser er som influensa. Forsømmer man dem, får man dem knallhardt i retur.