Da bergenseren Ole Bull skrev "På solen jeg ser", oppholdt han seg av naturlige grunner i utlandet.
Det er pussig at paraplyen ikke er en norsk oppfinnelse.
Så vakkert sagt! Er glad for å eige denne boka no!
Å eie livet
Å drikke av livet
Men aldri røre Reservoaret
Huff!! No er det min tur til å ha problem med lesegleda.Det har vore ferietid, og nokre bøker har vore med på ferda, men no er ro og leseglede borte vekk! Om det er ferien eller dårlig bokval som er grunnen....tja, det veit eg ikkje. Har nettopp starta på ei bok eg har gledd meg til meg lenge: Pride and prejudice,utan at det hjelper stort...
Enno ei stund
skal vi sjå mandeltrea bløma,
marmoren lysa i sola,
havet gå i bølgjer
- enno ei stund
så vi kan tøya oss litt lenger opp.
GIORGOS SEFERIS omsett av Bjarte Kaldhol
Dette er boka for den som likar noko som er annleis. Den handlar om eit oppløyst ekteskap: Forteljaren og forfattaren kjenner seg svikta når kona hans vert gravid med ein annan mann. Han bestemmer seg for å skrive ei bok om trivialitetar, eller ei bok som berre består av begynnelsar...fluger, toilettbesøk(!), vanlige menneske og situasjonar. På vaskeseddelen bake på boka kan vi lese: "The New Yorker har beskrevet boken som en "anarkistisk, eksperimentell debut".
Formatet på boka er lite, kapitla er korte og mange har uventa form og innhald! Men dette er ikkje ei lita bok for meg: Dei mange forandringane gir mykje næring til tanken, mange assosiasjonar til levd liv- og her bugnar av gode, men uvanlege og uventa språklege bilde:
Du er fullstendig sprø. Offentligheten vil erklære deg ravende gal. En bok med formålsløse samtaler. Delte historier. Delt med hvem, om jeg tør spørre. Med en flue. Vil du virkelig utgi en slik bok?
Blikk-Diko hører til blant dem som er blitt sprø av å lese. Han bor i et skur bygget av store blikkbokser som har vært brukt til fetaost.Oppe på taket holder han en kanin i bur....
Det spesielle i det trivielle, og dei mange fantasifulle og visuelle formuleringane fører til mitt terningkast: fem
Men hvis Venezia skulle synke i havet, ville det helt sikkert lages et undervannsmuseum av byen. Så får man heller betrakte den iført en dykkerdrakt. Jeg kan levende se for meg hvordan de japanske turistene svømmer rundt i stimer, som småfisk med undervannskameraer.
Da jeg var ni år gammel, åpenbarte Gud seg for meg for første gang i form av en elektronisk lyspære.
Nokre bøker frå mi bokhylle som kan vere verdt å bruke litt tid på:
KINA - "Maleren fra Shanghai" av JF Epstein, "Tjenestetid" av Ha Jin,"Ville Svaner" av Jung Chang
BURMA - "Glasslottet" av Amitav Ghosh,
INDIA - "Et hav av valmuer" av Amitav Ghosh,og "Balansekunst" av Rohinton Mistry.....
Fattig er den,der har mistet sin ven -
ei nogen hans tab har veiet.
Men ti - ja tusindfold fattig er den,
der aldri en ven har eiet.
Erik Bøgh
Har ei! av bøkene i bokhylla, og må tilstå at den ikkje er lest...Må kanskje revurdere det, ser eg!
Ikkje den beste av Paasilinna denne her!
Kan ikkje nok om verspådommar til å gå god for den der, men bestefar min hadde ein del sånne som han brukte. Fud anar eg ikkje kva er - fann berre ut eit ord på gamalnorsk som var fu(th-har ikkje den lyden på mi maskin), og det betyr bakende/baken...
Her er det iallfall alt anna en klart og varmt!
Blir gjerne med,eg..håper berre at tida strekk til. Men, lysta er der iallfall!
Likte godt historia om Valdemar og Anna....
Gud var så nøgd då han hadde skapt Vestlandet, at han bestemte seg for å vaske kvar dag.
(Sagt av ordførar Trude Brosvik i Gulen kommune om sommaren 2011- og det ser ut til at det held fram......)
Absolutt ikkje noko læja her,nei...vi berre ler..hehe
Får prøve oss med ei tolking frå "nynorskland": Ein må av og til le, sjølv om ein ikkje har lyst( ein ikkje er lysten til det).
Her eg bur seier/sa gamalt folk: "Det er no so ymist", som eg tolkar som: Det er så forskjellig.
Det skjer at ein ler sjølv om ein ikkje er i humør til det
Er ganske stolt over å hal fullført Don Quijote no i år,faktisk! Eg tolkar uttrykket "Å kjempe mot vindmøller" som ein håplaus kamp, ein kamp mot ein innbilt fiende, eller ein "fiende" som du er dømt til å tape for.
Don Quijote har vore og er ei viktig bok for svært mykje litteratur som har kome i ettertid. I svært mange bøker kan ein finne sitat eller uttrykk som refererer til denne boka. På nettsida her inne er det nokre som kan ganske mykje om den "håplause" Don Quijote.
Eg er glad eg har denne boka i hylla no, og eg låner den heller ikkje ut - den er nemlIg full av lappar og avmerkingar. Den kan absolutt vere ei bok som har verdi i eikvar bokhylle.