Flott bokomtale som alltid, Rose-Marie! Emnet er sårt, ikkje minst fordi eg veit at dette er verkeleg for mange barn. Skal merke meg boka, sidan forfattaren er ukjent for meg- trur eg!
Gjeld det alle her inne som har "forsvunne stjerner"?
Boka har stått lenge på vent, før eg no i ferien gav meg i kast med den. Og det tok tid - ikkje fordi den ikkje engasjerte, men fordi eg vart så opphengt i språket, med ganske (for meg ) uvanlege ordstillingar, ord-delingar etc. Utover i prossessen vart eg meir vant til skrivemåten, slik at fokuset vart flytta til historia om den tiltrekkande, og kanskje ein kan seie skarpe Elizabeth Bennet - og hennar forhold/ tilnærming til den litt eldre, arrogante og velståande Fitzwilliam Darcy. Dei andre jentene i Bennetfamilien spelar også ei viss rolle i handlinga.
Austen skriv godt, med elegante formuleringar skildrar ho situasjonen til unge, gifteklare kvinner i England på 1800-talet. Konvensjonar og "klassetilhørighet" spelar ei stor rolle i eit konservativt miljø, men det hindrar ikkje romantikk, intelligens og sterke kjensler - og ikkje minst det stolte og fordomsfulle.
Sjølv om eg til tider vart litt utolmodig - det tok tid - så er boka svært lesverdig. Med både snert og humor gir Austen eit godt tidsbilde av det konservative England, og kva kvinnene var opptekne av - og kvifor! No gler eg meg til å kunne sette eit førebels punktum med å sjå filmatiseringa som eg er så heldig å ha skaffa meg...
Det går seg nok til! Ser ellers at når eg trykker på bøkene som ligg på hovedsida, så er det nok med eit lite tastetrykk for å få opp og sjå nærmare på boka, evt legge den til. Det er berre i mine bokhyller på I-pad det er vanskelig - iallfall i dag :-))
Korrigert: Det gjekk heilt flott på laptopen - så veit vi det!
Ok, Takk skal du ha! Det gjekk bra å opne boka på den måten, men når eg skulle prøve å legge den i liste, så gjekk det over til legg inn nytt bokomslag, det låg for nært...må kanskje bruke ei anna maskin til det...
Dette blir sikkert bra til slutt.....men, sit med min I-pad og prøver å trykke på bøker i ei av bokhyllene mine for å legge den til i ei liste o.l , men ingenting skjer...Er det ein lur og enkel måte eg kan gjere det på?
I følge mi litteraturhistorie (Beyer) så opplevde Hamsun sjølv det å gå svolten: "Men han ble avvist av forlaget, sultet seg gjennom en vinter i Kristiania,..." - og å svelte seg gjennom ein vinter i hovudstaden opplevde han ikkje berre ein , men to gonger, den siste i 1886.
Eg opplever at han er skamfull, og at han nesten for einkvar pris vil halde på verdigheita.
Importance may sometimes be purchased too dearly.
Kjempeviktige spørsmål; Kven er dei skuldige, - og kven er heilt utan skuld?
I rein solidaritet skrudde eg ikkje opp varmen i dag, sjølv om eg synest det er litt kjølig inne...
"Annet stykke" gav meg umiddelbart assosiasjonar til "Piken med fyrstikkene" - einsemda, svolten og kulden gir hallusinasjonar. Han vekslar mellom å ville finne løysingar på sin nedrige og tragiske situasjon, motløyse, gråt og sinne:
-Jeg var blitt drukken av sult, min hunger hadde beruset mig
-Jeg lo, lo og banket mig i knæet, lo som en rasende mand. Og ikke en lyd kom mig fra strupen, min latter var tyst og hektisk, hadde en gråts inderlighet....
Og trass i det, eit snev av verdighet har han intakt, han nedverdigar seg ikkje til å fortelje om sin tragiske tilstand slik at han kan få ein livbergande matkupong:
-Med løftet hode, med millionær holdning og hænderne hæftet i mit frakkefald skrider jeg ut av rådstuen.
Så ille er situasjonen hans at endåtil Gud får svi: -Jeg skal si dig ett, min kjære herre Gud: Du er en noksagt! Og jeg nikker rasende med sammenbitte tænder op mot skyerne: Du er fan ta mig en noksagt!
Samtidig som eg lar meg fange inn i ei svært truverdig og realistisk skildring av den pinsla det er å vere fattig og svolten, så sit eg heile tida å lurer på kven han eigentleg er...og ein ting til: kjem han til å treffe si Ylajali?
Det lurte eg også på - litt merkelig sidan språket er så godt?
Første stykke er ferdiglest - får nesten dårlig samvit av å sitte med ein god kopp te ....
Er fascinert av hovudpersonen "jeg", som til tross for det mest kummerlige tilværet som tenkast kan, likevel greier å sjå lyspunkt, finne håp, motstå freistingar og ikkje minst - hans standhaftige mål om å halde på "verdigheten".
Håpet gløder igjen op i mig, endnu var intet tapt, tværtimot, jeg kunne vinne alt endnu, for den skyld.
Hurtig gjør jeg helt om, holder pakken skjult foran mig og iler nedover Kirkegaten flau og angst for at man skulle ha set mig fra vinduerne.
Det er merkelig at denne "jeg" som absolutt ikkje vil reknast mellom dei elendige i byen, er så åleine - utan venner - og, kan eg ane at han har tilknyting til eit miljø med ein viss status?? Synest også at hovudpersonen vert framstilt med humor og med kreativitet. Skildringa av faser og sinns-stemningar hos ein person som manglar det mest eksistensielle er "excellent", etter mi meining...
Har aldri vore frista til å lese Linn Ullmann - av ein eller annan merkelig grunn. Men sidan boka har fått så mykje fin omtale, vart gåvekortet mitt brukt på denne i dag. Håper at også eg vil sitte igjen med ei positiv oppleving. :-)
Jeg har aldri hatt noen ergrelse som ikke kunne helbredes av en times lesning.
Georg Brandes
"Dett var dett"....og meir er det ikkje å seie om det....
Har tørka støv av mi nydelige, innbundne utgåve av Sult - utgitt i 1976 - i rødt skinnbind og med signatur av Hamsun i gullskrift på forsida. Dette blir kjekt!
Det var i den tid jeg gik omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt merker av den........
Fullførte denne boka for nokre dagar sidan....Den har stått i bokhylla ganske lenge, har ikkje frista så veldig. Men, då eg såg at dei hadde vore på ei ganske lang reise, og til nokre stader eg også har besøkt, så tenkte eg det kunne vere eit bra alternativ til mykje anna som står på vent.
Både Nicholas Sparks og broren Micah står som forfattarar - dei reiste iallfall saman på ei reise rundt i verda: Både Machu Picchu, Ayers Rocks, Påskeøya, Malta ..mm.. og til slutt Tromsø var blant reisemåla,og det medverka til at eg tok fatt på boka.
Men, reisa vart nesten berre ei ramme - innhaldet var sjølvbiografisk, og vi vart kjende med familien Sparks på godt og vondt - vi fekk innsyn i mange både varme og vonde, triste stunder i ein familie med sterke band.
Boka var lettlest, variert i innhaldet, men til trass for at Sparks skal vere "suksessforfattar" med filmatiserte bøker, trur eg at held på terningkast fire , såvidt.
A. Det er ditt liv, (......,.,,,).
B. Det du ønsker og det du får, er som regel to helt forskjellige ting.
C. Ingen har noen gang sagt at livet er rettferdig.
Kan det bety at det er vanskeleg å oppdra eit einebarn??
Trur det betyr at det er betre om ti skuldige går fri, enn at ein straffar ein som er uskuldig.