Som tilbehør til ettermiddagskaffen er "Menneskefluene" lest av Nils Nordberg perfekt. Vi ser nok kanskje ein slags parallell til Agatha Christie sin stil, men det er trivelig! Blir sikkert meir Lahlum,ja.....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jean Valjean, Cosette, Javert og dei andre personane i boka(bøkene) - blir ikkje ferdig med dei på ei stund, trur eg.....
Det er nokre år sidan eg las bøkene, men dei gjorde inntrykk! Opplevde frustrasjon over Javert - som ikkje kunne gløyme, eller tilgi. Han var styrt av sin ekstreme sans for rettferd , noko som også vart hans bane. Smerte, vondskap og fattigdom står sentralt, men det gode og - ikkje minst kjærleik og ein eineståande tillit viser seg å ha størst kraft! Det likar eg, og likar det godt!

Eg har vore så heldig å ha sett Les Miserables på teater fleire gonger, og no filmen! For meg var det stort! Forteljinga, songen og musikken sit "under huda på meg"....

(Dei "tilfeldige" møta vel eg å sjå litt stort på :-))

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hm - må nok erkjenne at denne ikkje svarte heilt til forventningane......(som var til dels høge etter alle dei positive kommentarane i denne tråden..).
Historia om Jon, Siri og dei to barna deira Alma og Liv + Jenny er ei sterk historie om kommunikasjon, eller tvertimot, kanskje - ein total mangel på kommunikasjon.....og det opplevde eg som det berande, det gjennomgåande i romanen.
Minuset for meg er regien, med dei mange skifta i synsvinkel og forteljarstemmer, og spesielt delane med Mille. Synest også at (mellom anna) Alma sine vanskar og frustrasjonar virkar noko uferdige, eller ubesvarte......Og at Irma skulle ha så stor makt over Jenny og Siri - eg finn det lite truverdig. (men, kanskje eg er naiv?)
Men - skrive, det kan ho! Spesielt siste halvdelen engasjerte. Eg enda opp med terningkast 4. :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, du har rett i at det står respekt av engasjementet til Gilbert og Fosse! Innhaldet i boka er sterkt, og det som gjer det ekstra trist er at situasjonen for barna i Gaza ser ut til å ha endra seg lite....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjølv om eg ikkje har lese siste boka, så synest også eg at kølfogden Hedstrøm er både interessant og merkelig...spesielt etter at eg har sett filmen, An-Magritt. (Dei hadde den på biblioteket.) Også i filmen framstår han som eventyraktig og okkult. I mi litteraturhistorie vert han presentert som bilde på det reint mytiske:

Med ham er vi helt over i det mytiske. Ingen vet hvem han er, hvor han kommer fra, eller hvor gammel han er. Men han opptrer som en god makt, et vennlig forsyn; kanskje er han - som flere har ment - et sendebud fra dikteren selv.
s 310 Litteraturhistorie, Beyer

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tengo + Aomame = sant?

Så er den avslutta, denne merkelige romanen. Historia om Tengo og Aomame, deira frykt, lengsel og leiting får ein ende - ein ende som forventa.....
Boka er direkte framhald av det dramaet som utspelte seg i bok 1&2 ( for mitt vedkomande er det litt for lenge sidan eg las den - men kom likevel ganske raskt inn i historia).

Studenten og hobbyskribenten Tengo har vore med på å skrive boka "Luftpuppe", noko som viser seg å få fatale følgjer, både for han og for den religiøse sekta Sakigake. Aomame lever i skjul - og med fare for livet sitt - men, i ei anna verkelegheit, 1Q84, etter å ha vore i konflikt med den same sekta.....På kvar si side lengtar dei etter kvarandre - dei har mange felles referansar - og dei er nær kvarandre - og fjærne..på same tid.

I tillegg til Tengo og Aomame stiftar vi ma bekjentskap med Ushikawa, "privatdetektiv" engasjert av sekta Sakigake, som spelar ei ikkje ubetydelig rolle i romanen. Murakami driv handlinga fram gjennom desse tre - ved til dels kvardagslege, dvelande og stillestående sekvensar - og gjennom det meir dramatiske og thrillerprega. Ushikawa framstår som einsam, usympatisk og lite pen - likevel får ein kanskje litt sympati for han som skal vere med på å ramme dei to hovudpersonane?

Etter mi meining kan boka lesast på fleire plan - både som ein overnaturlig thriller - og som ei historie med eit meir psykologisk/ mentalt fokus....Synest også at avslutninga ikkje gav alle svar...

1Q84 er ei bok som både språkleg og innhaldsmessig er original, fantasifull og - kanskje litt i overkant merkelig? Sluttkarakter frå meg: 5 minus

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Han var en slik som gikk rett på sak når han hadde bestemt seg for noe, og som derfor aldri kunne lykkes som advokat eller børsmegler.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er bare kvinner i førtiårene som omhyggelig og med stor selvdisiplin har tatt vare på kroppen, som kan fremskynde slike lett meningsbærende, sjarmerende og intellektuelle smilerynker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det som er blitt dyrket fram over tid, lar seg ikke oppsluke av intetheten uten videre.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Er omsider i gang med denne no. Har hørt halvparten, og hos oss vekslar vi mellom fortviling og sinne. Dette er sterke saker ja,....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for det...Skal undersøke på biblioteket om filmen kan skaffast..(men trur eg ventar til vi evt får plussgrader :-))

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så er siste side vendt i Johannes - og igjen kjenner eg utmattelsen og fortvilinga sige innover meg...sjølv om der ikkje er heilt fritt for lyspunkt ( men jammen er dei ikkje fleire enn så såre trengst!).
Opplevde at denne boka kanskje endå meir enn dei to første har parallellar til Bibelen og bibelske fortellingar. Bibelske hendingar vert siterte og refererte til rett så ofte.

An-Magritt står endå klarare fram for meg som sterk, modig og barmhjertig - ho får nesten eit overjordisk, helgenaktig preg. Åleine som kvinne i det barske og brutale gruvesamfunnet lyser ho opp - ho er både klok, lærd og uredd. Ho får ein posisjon som berre få kvinner oppnår - og slett ikkje på den tida! Og det med eit utgangspunkt som ingen kunne misunne henne.( Heile tida medan eg les, ser eg for meg Liv Ullmann i rolla - og håper at filmen kan skaffast på eit eller anna vis.)

Kjenner at eg må ta ei pause frå kulden, frosten og det umenneskeleg slitet som Falkberget skildrar så godt. Det er utmattande - sjølv om eg berre må ta det innover meg på prent. Får ikkje frå meg vesle Eva - og dei avklemde fingrane i dørsprekka, eller dei utmagra, utpinte ansikta hos "bøxlere og leilendinger" i den vågale, stillferdige protestferda dei gjorde til Trondhjem. Det står respekt av Hedstrøm, Pistolen og An-Magritt som svelt i solidaritet:
Ifall de hadde hatt niste ville de aldri vågd å ta den fram. Ved synet av den kunne de sultne bøxlere og leilendinger bli grepet av avmektig raseri. I det hele tatt å ete så hungrige så det - og uten å dele - hørte til de store dødssynder.

Men - eg gler meg iallfall saman med An-Magritt, Johannes og Eva over at dei får vindu på "Kiempeplassen", slik at lyset og solvarmen kan gjere stova litt meir varm.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

When I'm into a novel, I'm seeing the world differently during that time - not just for the hour or so in the day when I get to read. I'm actually walking around in a bit of haze, spellbound by the book and looking at everything through a different prism.
(Colin Firth)

Derfor, kanskje? Vil anbefale deg også å prøve....
(såg på boklista di.....)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er enig i di vurdering av boka. Reint litterært er den ikkje heilt i toppen. Men, historia er relevant for mange. Det er alltid trist å lese om nedvurderinga av jentebarn i så mange kulturar.
Det som gav meg mest, var skildringa av ulike indiske kulturelle situasjonar; festar og feiringar ma. Synest forfattaren formidlar det med god innsikt, naturlig nok?

Derfor: Ei grei, lettlest bok. Terningkast: 4

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Daisy Bates var ei spennande og svært spesiell kvinne - som har fortent ei bok etter seg ...men, denne nådde ikkje heilt opp hos meg, dessverre!
Det som drog mest ned, var at forfattaren i midten av boka lar Daisy Bates sjølv "føre ordet"...
Derfor berre terningkast 3.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Merkelig er det. Ser at det gjeld fleire bøker..kanskje alle? Kanskje dette er noko for admin?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lite jul - mykje lengt

Juleoratoriet er ei bok som både gir og tar. Vakre skildringar og tapte draumar går hand i hand gjennom heile boka.
Vi er i Sverige, i Sunne, der også Selma Lagerløf spelar ei ikkje uvesentleg rolle i hendingane.

Heilt i starten møter vi Solveig, og familiefaren Aron og deira to born; Sidner og Eva-Liisa. Solveig døyr i ei tragisk ulukke, ei ulukke som får fatale følger for mange - og lenge.
Juleoratoriet vert ikkje framført, Aron lever vidare , meir eller mindre, i fortida. Men, heilt tilfeldig kjem han i kontakt med Tessa i New Zealand, ei kontakt som gjennom brevveksling gir dei begge to draumar å leve på.

I tillegg til desse er mange personar med på å drive fram handlinga: Sidner sin bestevenn Splendid, Fanny- som får eit barn med Sidner, Victor, og som prøver å heve seg over dei "lavare lag" i samfunnet, Torin, onkelen til Sidner m.fl.
Boka er ikkje lettlest etter mi meining. Dei mange forteljarstemmene og skiftiga av synsvinkel gjorde det litt forvirrande til tider. Kven snakkar no?
Men, det var lett å la seg rive med i fortvilinga, lengselen, saknet og sorga som prega personane på ulike måtar. Også galskap og smerte skildra Tunstrøm med ein så sterk intensitet at ein "kunne kjenne det på kroppen". Mange skildringar av stemningar og kjensler kan berre karakteriserast som glitrande.

Det er saknaden, einsemda og draumane hos dei ulike personane som tek så sterkt tak, og det å "sjå" at dei lever på eit eit slags vis utanfor sitt eige liv.
Mitt terningkast: fem

(Viser elles til ein meir utfyllande omtale Rose-Marie har laga om boka. Sjå under diskusjoner)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ikkje dumt! - og iallfall ikkje vanskeleg å halde. :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er krevande stoff, utan tvil, men ein gløymer det ikkje så lett. "Rødt korn" kjem kanskje med også på mi leseliste.:-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skudd gir oss skjelven.
Gift gjør oss syke.
Dyvåt er elven.
Tau pleier ryke.
Fall gjør oss temmelig
svimle i svevet.
Gass lukter vemmelig.
Skitt, la oss leve.

Dorothy Parker

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg Marit TinholtKirsten LundSolPiippokattaNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik Røkkum