Historia startar i Japan, i Nagasaki. Ein av dei mest sentrale personane – Hiroko Tanaka – er ei ung jente som i nær framtid skal gifte seg med Konrad Weiss. Men så; USA slepper atombomba over Nagasaki, og Hiroko står åleine att i verda. Bomba og verknadene av den har praktisk talt brent seg fast i henne – for alltid!
Eit par år seinare reiser Hiroko til India, til Dehli. Der møter ho familien til Konrad, Elisabeth (eller Ilse) og mannen hennar James. Som følge av livet hos desse to, endar ho opp med å gifte seg med tenaren deira, indiske Sajjad.
Vi følgjer desse to familiane gjennom mange politiske og personlege hendingar og tragediar – og i fleire ulike settingar og kulturar.
Eg sit att med eit noko ambivalent forhold til boka. Der var deler som engasjerte og skapte interesse og leselyst, på same tid som eg opplevde nokre deler som lite relevante – kanskje eg kan sei det så sterkt som uinteressante og kjedelige? (Det er ikkje sikkert eg yter boka full rettferd, sidan den er lesen i noko travle og for meg uvanlege, miljø.....) Spesielt deler av dei siste kapitla stiller eg meg noko undrande til.
For meg er boka først og fremst ei bok om det å ikkje høyre til nokon stad. På grunn av politiske hendingar i verdssamanheng og personlege hendingar måtte mange av personane fleire gonger flytte frå det kjende og trygge til det noko framande og ukjende. Uansett er det ei bok som får fram mange tankar og refleksonar.
Terningkast: 4?
Takk for det! Må nesten få sende gratulasjonen i retur - til alle!
Etter litt rask memorering trur eg at bøkene om PIPPI er dei som har betydd mest. Vesle, glade, uvanlege og optimistiske Pippi gav meg svært mykje i nokre krevande barneår.
Når det er sagt, så har eg no i seinare tid verkeleg fått sansen for Don Quijote!
Ha ein fin lesedag!
Stjerneklare netter, einsemd og kulde kan vere vakkert, faktisk så vakkert at ein ikkje vil at boka skal ta slutt. Mange av skildringane i Vinter i Maine er overraskande, intense og medrivande – trass i alt det fryktelige som hender.
Vi vert kjende med den noko sære Julius Winsome som bur åleine i eit gammalt, lite hus, langt frå næraste nabo – og som trivast der saman med sin kjære pitbull Hobbes og alle bøkene sine. I vinterhalvåret har han få arbeidsoppgåver, så bøkene får mykje av tida hans, ma Shakespeare som han har eit noko spesielt forhold til.
Så – ein morgon – finn han Hobbes i snøen, skoten. Dermed raknar tilværet hans totalt. Den fredelege mannen viser seg å verte både slu og destruktiv. Hans einaste fokus vert å ta den skuldige, sjølv om:
Det jeg vil ha sagt med alt dette, er at det å skyte ikke var noe som falt meg lett.
Eg opplevde boka som både vakker og spennande – på same tid poetisk, rystande og dramatisk. Trass i vel mange vemmelige hendingar var hovudpersonen så åleine i si sorg og si einsemd at ein føler med han.
Språkleg nydelig, flust som der er av vakre naturskildringar og gode tankar. Dette blir ei av mine favorittbøker!
Kar: Sterk 5
Har fullført på eit noko svært overflatisk vis.....Er enig i at boka er merkelig,både innhaldsmessig og språklig- stort sett skrive i presens - greidde ikkje å bli engasjert! Avstår frå terningkast........
Er du sikker på at dette er feil? Det er ikkje alltid ein kan omsette ord for ord - det må eksistere eit tilsvarande begrep på norsk - og om det finst ei slik forsikring på norsk veit eg ikkje.
Kanskje nokre av dei som arbeider med omsetjing kan svare deg på det.
I postkassa låg i dag ein pakke frå Haugenbok....gevinst frå årets påskequiz: Og været skiftet og det ble sommer og så videre av Pedro Carmona-Alvarez. (Vinnaren er svært fornøgd).
Har elles kjøpt Giftstrøm av Eystein Hansen - kunne ikkje dy meg sidan tilbodet var svært godt!
Boka Forsoningen av Fred Uhlman burde no vere aktuell...(det er ei stund sidan eg las den).
Har elles nylig avslutta ei nydelig bok der forsoning er eit viktig element: Keiseren av Portugalia av Selma Lagerløf.
Sjalusien har ingen øvre alder.
Jeg gikk ikke rundt og oppsøkte trøbbel, men det kom uansett, det var som om trøbbelet klistra seg fast til meg.
Nokre bøker er meir krevande enn andre......
Flommen vert av ein anmeldar karkaterisert som eit eksistensielt drama. Og dramatisk er det, på fleire plan.
Vi er i Melhus under ein periode med stor snøsmelting. Den vesle bygda vert hardt råka av flaum, og nokre misser husa sine. Mellom dei som må evakuere er småbrukaren Robert Gjørstad, ein mann som er på kant med det meste. Parallellt føgjer vi Stein Ove Sand, politimann og den andre «eg-personen» i boka. Det er gjennom desse to vi får fortalt det som hender.
Katastrofen rammar bygda, og den rammar hardt. Og – like mykje som at naturen bryt ned det trygge, det beståande, så vert vi vitne til at mykje gammalt nag, hat og mistru bryt ned personar som skulle stå kvarandre nær. Det er lite som vert halde skjult for lesaren – og mykje av det vi får servert er vondt å ta innover seg, nesten fysisk vondt gjorde det å lese. Ser at Jonny Halberg vert karakterisert som ein frontfigur innanfor «skitten realisme», og det trur eg på....
Eg opplevde boka som utfordrande av fleire grunnar:
Det var til tider ikkje heilt lett å følgje med på kven som sa og gjorde kva og kvifor.....måtte konsentrere meg for å få med meg kven dei ulike personane var.
Det røffe, usminka språket var vondt å lese....
Halberg brukar språket til å karakterisere personane sine – Robert sine kapittel er skrivne i radikalt bokmål, som for å poengtere at han er ein noko rå og brutal fyr. Snedig!
Eg kjende ubehag ved lesing av boka, på same tid som eg følte medkjensle med dei som vart så hardt ramma.
Om denne stilen er gjennomgåande hos Halberg, trur eg at han skal få vere i fred for meg heretter.
Kar? Kanskje 4 minus....
For meg var han ukjend, men når eg søkte han opp ser eg at han er frå Møre og Romsdal, at han er overlege i psykiatri, at han er involvert i Bjørnsonfestivalen og har gitt ut ma fleire diktsamlingar.
Enig! Murakami er ein av favorittane!
å leve
å leve
er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser
og fin musikk
men sidan no
dette orgelet likevel står her
kan vi vel spele litt på det
Arne Ruset
frå diktsamlinga "kjenn ditt hjarta falle"
Takk for at du gjorde meg merksam på at eg i min iver hadde skrive ingen der det skulle stå få. Det verste er at eg stussa medan eg skreiv det.....Har korrigert teksten no.
På vaskeseddelen bake på boka står det:
Dette har gjort henne til et yndet motiv for kunstnere - Maria Magdalena er blant de klassiske figurer som er hyppigst gjengitt i europeisk maleri og skulptur.
Flott innlegg om majestetisk og sjelden fugl - og det på ei frodig og vakker øy! Besøket vårt der gløymer eg aldri, trass i at vi ikkje fekk sett ei ørn......
Takk skal du ha! Har skrive det ut og lagt det saman med min roman om denne interessante kvinna...
«Maria stod kort sagt Jesus nærmere enn noen annen, og dette tvinger fram et interessant spørsmål: Når det er spørsmål om å godta at Jesus var gift (......), foretrekker vi vi virkelig å tro at at han satset på et uforpliktende forhold til en prostituert fremfor å gifte seg?»
«Hvordan kan det ha seg at Maria Magdalena er overhode for denne gruppen av hustruer, og at navnet hennes alltid står først på listen, om hun ikke er Jesu gemalinne?»
«Hvordan kan hun gjøre krav på Jesu legeme for å ta det med seg (som i Joh 20,15) om hun ikke var hans nærmeste pårørende?»
«Hvorfor skulle hun påta seg hustruplikten med å salve Jesus før begravelsen om hun ikke var hans kone?»
Eg trur eg tillet meg å skrive " har lest", sjølv om nokre sider mot slutten er lesne med harelabb.....
Det var ikkje alltid like lett å ta innover seg all informasjonen og alle forsøk på å bevise at Maria var Jesu næraste – og at ho og hennar og Jesu etterkomarar slo seg ned i Frankrike. Enkelte av teoriane som er framsette, er baserte på kva som var vanleg samlivspraksis elles i Palestina rundt år 0.
Det er likevel interessant lesing – og ikkje minst: Det er med stor interesse eg les om kva menn har bestemt og diktert på ulike kirkemøte. OM.... det er sant alt som vert påpeika i denne boka om utelating og fornekting av fakta, så må bodskapen vere at ein stor del av vår religion basert på berre deler av det som verkeleg hende....
Enkelte hevdar at Maria Magdalena var skjøge. Dette kan ikkje dokumenterast, iallfall ikkje ut frå evangelia. Det er heilt utrulig at ho har hatt sine forkjemparar i 2000 år – så frå å vere beskulda for prostitusjon, fekk ho tilkjent helgenstatus i den katolske kyrkja i 1969.
Uansett: Maria Magdalena var ei sterk kvinne som har hatt stor betydning for forfattarar, kunstnarar av alle slag. Få bibelske kvinner er meir presentert i maleri, skulpturar, altertavler enn henne. Eg for min del er ikkje ferdig med henne enno....
Alnes må være et av de vakreste stedene på hele Sunnmørskysten, med ansiktet vendt mot storhavet, åpent, værhardt, pittoresk.