Legende frå Latin-Amerika

Denne skal vere ei magisk og moderne gjenforteljing av ei dei største legendene i Sør-Amerika. Merkelig fortalt er det iallfall - sjølv om historia er god!
Mor til Arminto døyr under fødselen, og faren Amando kan aldri tilgi sonen som vart årsak til tapet av den han elska. Faren er rik, styrtrik og har mange eigedomar, skip etc - men han har ikkje evna til å gi sonen den kjærleiken han hungrar etter. I staden er det ei ung kvinne, Floridita, som tek seg av Arminito.

Arminito er ein heller veik, ung mann som lever eit utsvevande og ansvarslaust liv,han tek det han vil av livets gode sider. Så døyr faren, og han arvar alt. Samtidig forelskar han seg i ei vakker og heilt spesiell ung jente som held til ved ein barneheim nær dei. Dinaura vert hans store kjærleik i livet, hans lidenskap, og også den som får alt å seie for lagnaden hans.

Historia er god, svært god - og siste halvdelen var til dels spennande. Forteljarmåten var derimot noko uvant , det var ikkje alltid like lett å halde tråden, spesielt innleiingsvis. Kanskje det er vanleg brasiliansk forteljemåte?? Boka er kort, berre knapt 140 s - og absolutt verdt å bruke eit par timar på. Terningkast er vanskelig, men kan iallfall forsvare 3+

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg heldt ut - på eit vis. Men denne svarte ikkje til dei forventningane eg hadde på nokon måte, heller tvert imot. Eg greidde ikkje å finne meininga....eller kva det eigentleg handla om. Opplevde det nesten som det reinaste tøv - og det er synd, for Fløgstad kan skrive.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då er vi iallfall to. Dette var merkelige greier!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ope brev til Kjartan Fløgstad

Hei!
(Det er kanskje litt vel personlig å skrive «hei» - men «vyrde» vart for seriøst...og sidan eg kjøpte boka av deg personleg, og du har sjølv skrive ei personleg helsing til meg inne i boka, så......).

Denne hadde eg gledd meg til lenge. Du fortalde så engasjert om innhaldet då du presenterte boka di for eit bra stort publikum, og då du las opp frå teksten var eg overtydd om at dette var noko for meg. Dei artige namna som Birger Barents, Pål Likør og Plottar Doggerbank lova humor av godt format. Så – no når vi omsider er i feriemodus med lange, lyse netter premierte eg meg sjølv med å hente den fram. Såg fram til nokre triveleg timar.

Men – kva er dette? Eg har fullført, på eit vis med litt skumlesing fram og tilbake. Og no sit eg altså her og er forvirra. Kva handlar dette om? På baksida av coveret står der at det handlar om to gutar som blir evakuerte etter den spanske borgarkrigen – at ein hamnar i Sovjet, og ein i Mexico. Javel – men kvar har historia blitt av? Kvar finn eg dette i teksten?

Eg leita og leita etter ein tråd, noko som kunne halde meg på rett spor, men innhaldet minte meg meir og meir og ei stor korg med trådnøste eg hadde ein gong, der alle trådane var blanda i ein vanvittig stor floke – slik at det vart heilt umulig å sortere. Så no lurer eg på om innfallsmetoden er den beste? Sidan eg ikkje skjønar kva bodskapen er, meiner eg....

Til slutt – du er ein kløppar når det gjeld ordspel. Mange av dei likte eg , men det er med det som med alt anna: Når det blir for mykje av det gode, smakar det ikkje alltid like godt.

(Om ein eller annan kan forklare meg kva dette eigentlig er, så hadde eg sett pris på det.)

Mvh
Hilda
24.06.13

PS: Om eg skulle gi terningkast ville det ikkje bli av dei beste, så eg let vere...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Les denne no, og etter ca hundre sider greier eg ikkje å fatte kva dette eigentlig handlar om. Ordspel er her, både nok og for mykje.....men, på meg verkar det som Fløgstad skriv etter innfallsmetoden.....blir det betre utover i boka? (Har lest litt usamanhengande, så det kan kanskje gjere sitt, men roman?? - kan boka virkelig kallast det?)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Framkallar gode minne om late sommardagar den der! Ha ein god sommar, Kirsten! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Haha! You made my day!
(Sjølv om eg først las hemmelig bokskap......det hadde vore noko for Bokelskere, eller? )

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Små menneske under bratte fjell

Noveller

"Sjabervik" teiknar eit bilete av ei meir eller mindre typisk bygd på nordvestlandet, synest Orten skildrar miljøet i ei lita, snever kystbygd godt.
(Sjaber = elendig,shabby- om nokon skulle lure på det.)
Vi møter ulike personar i bygda som kjenner seg utanfor, som av ein eller annan grunn fell utanfor det etablerte og godkjende.
Tidsperspektivet i dei 21 novellene er frå 1835 og fram til vår moderne tid.

Nokre av tekstane gjorde stort inntrykk, spesielt den innleiande teksten om husmannen Angel som stel ein bortkomen sau for å få julemat til familien. Ein husmann var ikkje mykje verd – og straffa står ikkje i forhold til brotsverket sett med våre moderne auge. Den novella har eg lese fleire gonger, og i fleire fora. Egnar seg godt som innleiing til diskusjon om etiske spørsmål.
Ei anna novelle med sterkt innhald var den om Pige Naomi. Små, spinkle jenteskuldrar måtte bere mange tunge bører!

Boka er ikkje av dei lengste, den er lettlest og inneheld mange gode historier til ettertanke. Språket er etter mitt syn godt, spesielt var det å lese nokre av tekstane på gammal dansknorsk og på gammal nynorsk. Novellene er ulike i lengde, i form og innhald, men der går ein raud tråd av personar og hendingar gjennom store deler av boka.

Sjølv likte eg aller best første delen, den frå den eldste tida. I siste halvdel av boka var det ikkje alltid like lett å fange bodskapen, så derfor landar eg på kar 4+!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Må tilstå at eg vart så inspirert av Ole Larsen sine kupp hos Norli at eg måtte kike innom der....og kom heim med Hegrenes dal av Sarita Mandanna. Ei bok om ulykkelig? kjærleik- med miljø frå India. Kanskje god sommarlektyre.......
(Ole Larsen si imponerande liste ligg lenger nede i tråden her..)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Veit nesten ikkje kva eg skal sei om denne....
Ein liten familie, faren og dei to små sønene Axel og Ben, får det store sjokket når dei er vitne til at mora omkjem i ei tragisk ulukke. Dei to brørne må støtte kvarandre uvanleg mykje då faren aldri meir blir den omsorgspersonen han burde vere. Han vil ikkje snakke om ulukka, men ein gong kvart år held dei ein slags minnefest.
Vi møter brørne i vaksen alder, medan dei fremdeles lever saman med faren og den snille farmora, og får vere med i deira forsøk på å finne sin plass i tilveret. Litt konflikter blir det i familien når brørne vel andre vegar for livet sitt enn det faren ynskjer for dei.

Eg las, og delvis skumlas for om mulig å finne svar, om der var noko som kunne forklare litt meir om ulukka og den tagale faren. Men - trur eg sit og kjenner meg litt snytt. Derfor: terningkast 3

Godt sagt! (1) Varsle Svar

You'd better get used to it! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hmmm, kanskje eg må legge denne inn i mine leseplanar for sommaren? :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt tips! Takkar så mykje for det!
God informasjon i forkant kan bety eit stort pluss på reisemålet! Det er ut i det blå om det vert fleire turar til Cuba for mitt vedkomande, men bilda som illustrerte boka gav gode minne. (Har faktisk veldig lyst til Argentina, men det må vere hemmelig ei stund til....)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne boka er "midt i blinken" om du har tenkt deg til Cuba!
(Eller om du er interessert i ein god sigar....)
Vi besøkte landet for eit par år sidan, og hadde nok hatt litt større utbytte av turen om denne hadde vore lesen på førehand. Men, det var eit godt "gjensyn" - ikkje minst takka vere dei mange flotte bilda som Rolf M. Aagaard er ansvarleg for.
Har hatt nokre trivelege lesestunder trass i travle dagar!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein mann og hans sigar

Sjølv eg som er ikkje-røykar fann denne boka både fornøyelig og interessant.
Torgrim Eggen skriv laust og ledig om «alt» som har med tobakk og sigarar å gjere – om tobakken og sigaren si historie, kva betydning den har og -har hatt for Cuba, både politisk og økonomisk.
Han fortel om tobakksplanta som medisin, om forfattarar og andre kjende personar og deira forhold til sigaren, om kvalitet, produksjon, om ulike merke, om antirøyk.....

Til tross for de røykfylte interiørene hos Charles Dickens, var han
selv en moderat røyker - «en god sigar etter middag» er hvordan han
har beskrevet sin last. S 42

Mark Twain er av de største både som forfatter og sigarrøyker:--
«Hvis det ikke er tillatt å røyke sigarer i himmelen, drar jeg
gladelig til det andre stedet. s 45

Det er også- etter mi meining – eit stort pluss at boka er rikt illustrert. Rolf M. Aagaard har vore saman med Eggen og teke mange verkeleg flotte bilde, bildekunst.
(Eg er ingen ekspert, men synest bilda er gode!)
duften av havana

At Eggen argumenterer for røykaren, og då spesielt den sigarrøykande sin rett til å røyke får så vere. Eg har kosa meg stort med boka, eg har lært litt, også ein del om produksjon av sigarar som eg ikkje visste frå før. Det viser seg å vere ein kunst. Og kanskje kan eit par av sigarane som ligg i frysaren vår vise seg å vere ein skatt??
Eg er sikkert litt snill, men det blir kar: 5

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mine gleders by har eg lese fleire gonger - både før og under Londonbesøk.. Fornøyelig!
Kom plutselig på at Ei reise til Mallorca av George Sand heller ikkje er heilt av vegen - sjølv om den er frå ei heilt anna tid, lenge før masseturismen. Eg mora meg godt over den, og har bestemt meg for at den skal med på mi neste reise til ferieøya.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hm...skuler?? Trur heller den ser ned på deg med eit muntert lite smil. :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv i dei beste familier....

José Maria Eca de Queiroz (1845 - 1900) er ansvarleg for denne portugisiske familieromanen som vart utgitt i 1888 – meir enn hundre år før den kom i norsk omsetjing. I coveret kan vi lese at han var: «uekte sønn av en dommer, og selv en kort tid advokat, men ble tidlig opptatt av litteratur.» Han vert ma samanlikna med Dickens.

Afonso da Maia er den solide støtta eller bærebjelken i den vesle, velståande familien. Kona hans døyr ganske tidleg, og den einaste sonen deira, Pedro, giftar seg med den lysblonde, vakre Maria Monforte - mot faren sin vilje. Dei får to barn: Maria og Carlos. Og dermed skulle lukka vere fullkomen for Pedro. Men - då hadde det kanskje ikkje vore så mykje meir å fylle dei 575 sidene med.
Det skulle nemlig vise seg at Afonso sin skepsis var vel begrunna. Maria sviktar både Pedro og den vesle sonen sin, og så ulukkeleg er Pedro at han fell for eigen pistol. Trass i det, får Carlos ein god oppvekst hos bestefaren.

Det er Carlos vi vert aller mest kjende med. Han er på solsida reint økonomisk, lever med i dei beste samfunnslag - med aristokratiet og selskapslivet, ma i Lisboa.Han har alle muligheiter til å vere med mellom dei fremste på alle måtar, muligheiter som han ikkje utnyttar til fulle. På meg framstår han som noko karaktersvak, ein veik mann i mange samanhengar. Han må støtte seg til den gode venen Ega meir enn ein gong. Når Carlos møter den store kjærleiken, får livet hans eit dramatisk vendepunkt....

Boka er eit døme på samfunnskritikk retta mot det portugisiske borgarskapet på slutten av 1800-talet. Det ser ut til at utruskap er meir vanleg enn uvanleg. Vi får presentert eit tidsbilde med mange overflatiske menneske som har lite fornuftig å bruke livet sitt på.

Historia i boka er god, spesielt mot slutten. Men, ikkje alt var like lettfordøyeleg. Både språk og innhald ber preg av tida det er skrive i, til tider litt tungt og omstendelig. Men der er heldigvis også innslag av humor og sarkasme.
Alt i alt: Ei bok eg er glad for å ha fullført. Kar: 4

(Ser at berre 11 av nesten 23000 har denne i samlinga si – ein av Gyldendal sine klassikarar....)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er den nylig utgitt? Gratulerer i så fall!
Temaet er nok aktuelt for mange, dessverre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for interessant opplysning!
Vi har ikkje hatt planar om å reise nordover i sommar, men no fekk vi virkelig lyst til å få med oss dette! Den siste viking gjorde stort inntrykk både på gemalen og meg i si tid, så,dette skal verkeleg vurderast seriøst. :-)
Har du sett dette framført tidlegare?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

EvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyAnniken LMarianne  Skage