Er veldig usikker på kva som skal vere mitt forslag denne gongen. kunne godt ha tenkt meg Selma Lagerløf eg også, men då gjerne Gøsta Berlings saga. Kunne også godt ha tenkt meg å lese ei av bøkene til Aksel Sandemose, men.....etter litt fram og tilbake her, så blir mitt forslag:
Pelle erobreren av Martin Andersen Nexø

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det er berre så altfor fristande med salg...enten dei no kallar det det eine maisalg, eller noko anna. Enda opp med to nye bøker til: "1001 natt" av Vetle Lid Larsen som eg virkelig ser fram til + "Jordmora" av Katja Kettu - som også såg litt interessant ut.
Så er det berre å finne tid til å lese alt som står og ventar i hylla.......

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har akkurat sett filmen som vårt hjelpsame bibliotek har skaffa oss. Den er langt unna dei kvalitetene som boka gir, irriterande til tider! Men -vi har likevel hatt ei trivelig stund med flotte bilde frå ei gresk øy ( er det filma på Kefalonia?), og ikkje minst så sette vi stor pris på musikken!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er enig! Dette er ei bok som iallfall fekk meg til å undre meg over styrken som nokre kan vise i dei mest krevande situasjonar eit menneske- eller som her: Eit lite barn - kan greie seg gjennom. Bodskapen hans er vel verdt å få med seg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Synest å huske at eg har sett filmen ein gong for nokre år sidan. Huskar ikkje innhaldet så godt, men fekk jammen lyst til å lese boka,ja.....Las ganske nyleg Kaptein Corellis mandolin som handla om krigsåra i Hellas. Den anbefalar eg virkelig!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg må tilstå at eg opplevde denne boka som sær, givande - men du, så krevande! Eg må også tilstå at eg har skumlese deler av Annen Del, eg har hoppa over ein del sider - og likevel så har eg tenkt å tillate meg sjølv å skrive "Har lest"....(Skal avslutte med epilogen no i kveld)

Trur nesten dette er noko av det mest spesielle eg har vore borti når det gjeld litteratur. Eg likte aller best kapitla som omhandla Pilatus - dei vart for meg det mest "normale" - både språkleg og innhaldsmessig, sjølv om eg ikkje heilt forstår motivet med å ta dei med parallelt med dei meir absurde, overnaturlege delane med både Mesteren og Margarita.
Ok å lese Erik Egebergs omtale på slutten. Likte hans syn på motiv, spesielt det tredje: "Manuskripter brenner ikke." OG: ..,"Papiret brenner nok, men ikke budskapet; det kan ikke tilintetgjøres." Så derfor avsluttar eg med å sitere det russiske ordtaket han viser til:

Sannheten brenner ikke i ild og synker ikke i vann.

Terningkast vert uaktuelt frå mi side. Takk til alle i lesegruppa for ei svært interessant oppleving, og spesielt til kjell k som legg så godt til rette :-D

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Elle...Melle...skal...skal ikkje? No har eg telt på knappane om eg skulle levere boka tilbake sidan lånetida var ute. Det vart ein bøyg for meg å starte opp igjen no etter påske, men - gjekk iallfall inn på biblioteket og fekk utvida lånetida. Bibliotekaren forsikra meg om at det var heilt problemfritt, ingen stod på venteliste - og ho ytra igjen at ho var imponert over at eg i det heile las denne boka. Akk ja...
Har lese eit stykke ut i del to, og må sei at eg er forvirra, og ikkje berre litt! Er enig i det som står øvst på side 325 i mi utgåve:

Vrøvl!
Og det mest interessante i dette vrøvlet er, sa Woland, - at det er vrøvl fra ende til annen!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Enig! Eg er dessverre ikkje i målgruppa for denne, greidde ikkje å verte engasjert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vart så fascinert at eg faktisk ikkje la merke til at kapittel 2 var kjedelig...vart kanskje noko meir avmålt i deler av slutten på historia. No reklamerer eg sterkt for boka til både venner og familie.
Vårt lokale bibliotek har bestilt filmen for meg, trass i at eg fryktar eg vil bli skuffa etter det eg har lese om den her inne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjærleik og krig

Alt frå første setning går vi rett inn i ei handling som engsjerer og motiverer og grip tak i ein:

«Dr. Iannis hadde hatt en vellykket dag da ingen av pasientene hans
hadde dødd eller blitt dårligere. Han hadde overvåket en forbausende
lett kalving, stukket hull på en byll, trukket en jeksel, forsynt en
av gatens løse fugler med Salvarsan, foretatt en ubehagelig, men
oppsiktsvekkende fruktbar klystérbehandling, og utført et mirakel ved
hjelp av inspirert medisinsk taskenspilleri.»

I åra før 2. verdskrigen lever dei eit enkelt, men trygt liv på den greske øya Kefallinia.. Den sjølvlærte landsbylegen Iannis lækjer små og store plager hos folk, medan Pelagia, datra hans, opplever den første store kjærleiken. Ho trulovar seg med fiskaren Mandras, og det meste ser ut til å vere så idyllisk som det kan bli – hadde det ikkje vore for krigen som råkar også dei.
Italienske soldatar inntek øya, og det same gjer ein stor del tyske soldatar. Livet og levevilkåra endrar seg radikalt.

Mellom dei italienske soldatane kjem også Kaptein Antonio Corelli, og tilfeldigheitene gjer at han får husrom hos Iannis og Pelagia. Corelli er meir oppteken av mandolinen sin og musikken enn krigen, og etterkvart vert han mest av alt oppteken av Pelagia.

Boka gjer inntrykk på meir enn ein måte. Kjærleiken blir skildra med innleving – på same tid som blodige krigsscener nesten tek pusten frå ein. De Bernières skildrar kvardagen og folket, og gjennom deira auge opplever vi krigen som får så store konsekvensar – for alle. Genialt!
Han formidlar korrekte historiske fakta samtidig som han skildrar lagnader og kjensler. Språkleg er dette mellom det fremste, med skildringar som framkallar både tårer og latter.

Personleg opplevde eg dei første to/tredjedelene som det aller beste. Der kunne eg ha gitt terningkast seks, utan tvil.
Siste delen verka noko meir hastverksprega på meg, så enda derfor opp med å gi kar. fem.
Uansett – eg er lei meg for at denne boka av ein eller annan grunn har stått så mange år og berre samla støv i bokhylla. Det har den ikkje fortent!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er midt inne i denne no, og er berre så irritert på meg sjølv fordi den har stått så lenge ulest i hylla! (Trudde eg hadde lese den, men der tok eg feil! )
Boka er god - svært god - forteljarkunst mellom det fremste!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så kom endelig "Den stille veka", roa kan senke seg, og i tillegg til litt planlagt familiehygge skal boka/bøkene få mi merksemd.
I tillegg til dei bøkene som eg alt er i gang med, har eg lyst til å få med meg litt krim også.
Ser at eg har fire uleste bøker av John le Carre - forstår ikkje kvifor eg har kjøpt dei sidan dei berre har stått og samla støv. Trur kanskje dei blir ståande litt til, har nesten litt lyst til å prøve ein for meg heilt ukjent forfattar, Eystein Hanssen og hans De ingen savner.

Uansett: Ha ei God Påske, og kos deg med boka di! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Prøver å "kvinne meg opp" til å gå i gang med Mesteren og Margerita etter ei ganske krevande veke. (Takk og pris at vi står framfor ei etterlengta ferieveke!)
Har ellers lese nokre få sider i Kaptein Corellis mandolin som eg har gledd meg til lenge!
Det vesle eg har lese lovar godt - svært godt, faktisk!

God helg - og God påske til alle! :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Veit ikkje heilt kva eg skal seie om denne. Temaet gjer inntrykk, utan tvil - eit eldre ektepar som vel å forlate livet i lag. Forfattaren er barnebarnet deira, og ho prøver å finne ut så mykje ho kan om deira liv som ungarske jødar i krigsåra.
Eg trur eg må seie at første delen av boka opplevde eg som noko springande, litt innfallsprega....
Dei siste sidene greip meg likevel så sterkt at eg under tvil enda med terningkast 4

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det må eg sei! Må vel kallast eit kupp, det der! Trur mi utgåve var minst ni gonger dyrare :-)
Håper du får litt meir ut av boka enn det eg gjorde.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men søte Dem, det er jo det rene sprøyt!
(Sitat s 240)

...Og, ja det er det "glade vanvidd" som avsluttar FØRSTE DEL.
Eg har nesten gitt opp å få med meg alle dei ulike personane som dukkar opp, for ikkje å seie all den vanvittige, urealistiske trolldomen som grip inn i handlinga.
Trur eg må konkludere for meg sjølv at: Ein ting må vere klinkande klart - han mangla iallfall ikkje fantasi den gode Bulgakov!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Og verkeleg eit salgs-stunt med suksess, trur eg....
Reklamen for krimbøker florerar overalt, synest eg. For eit par dagar medan eg stod i kassa-kø inne på eit av kjøpesentera her eg bur, stod ei dame framfor meg. Ho kjøpte ikkje mindre enn ti!! krimbøker som ho skulle kose seg med i påska, sa ho. (Eg er forresten ikkje så glad for at kolonialbutikkane sel bøker....trur det fører til at utvalet i bokhandelen blir meir begrensa?)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg likar godt å lese ei god! krimbok i ny og ne - uansett om det er påske eller ikkje.
Men dette med krim+påske har vore vanleg i ganske mange år. Veit at eg har lese ein eller annan stad om kva som var starten på fenomenet, utan at eg kan huske kvar og kva.
Veit heller ikkje om dette er eit særnorsk fenomen, eller .....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg veit ikkje om det er meininga at eg skal skratte av all galskapen?
Det gjer no imidlertid eg no....kanskje med fare for å bli innlagt, dvs tvangsinnlagt, eg også?

Har lese tom kap 11, og kan ikkje unngå at eg får assosiasjonar til "Prosessen"..... Opplever at mykje av det Bulgakov formidlar er vittig, humoristisk, sjølv om eg kanskje kan ane litt underliggande samfunnskritikk?
Eg hadde ingen aning om kva eg gav meg i kast med når eg starta på boka, og hittil har eg opplevd alt frå total forvirring til å more meg kostelig :-)
Finn mange gode formuleringar, ma denne:

Han der er ikke dum, tenkte Ivan, det skal innrømmes at selv blant de intellektuelle finnes det usedvanlig skarpe folk. Det kan ikke benektes.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er det "obligatorisk" å lese krim i påska? Ser at avisene bugnar av annonser for Påskekrim, og eg må innrømme at eg ofte let meg friste.
Denne påska skal eg iallfall ha selskap av Mesteren og Margarita, men har også bestemt meg for å leite fram Kaptein Corellis mandolin som eg trur eg har lese før, men har svært lyst til gjensyn......
Og om tida og veret tillet det, så vil det nok bli litt krim også.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundTove