Og det eg lurer på, er om fleire enn meg har lagt merke til at enkelte "bokelskere" ikkje viser i kolonne Sist sagt. Eg har god tid for tida, og har då sett at minst ein tre- fire som skriv svar er fullstendig fråverande, før eg går inn i sjølve diskusjonen.
Er dette berre hos meg, eller er det andre som har opplevd det same?
Tråd for litt av kvart som vi måtte lure på når det gjeld bokelskere.no, forfattarar, evt bøker....
Artig at også eg vart sitert i masteroppgåva......:-)
Du har rett i at framstillinga av handlingane innanfor klanen vert framstilte som heilt rette og naturlige innanfor deira rettsoppfatning. Eg vert likevel forundra og litt lei meg over nokre av rituala deira...utifrå mi rettsoppfatning er eg ikkje i stand til å skjøne kvifor. Dei som styrer med åndene har svært stor makt. Har lese litt om tvillingfødslar der Nigeria skal vere det landet som har flest. Men likevel såg dei på tvillingar som ei ulukke for heile stamma.
Må tilstå at eg har lese heile boka, den gjer verkeleg inntrykk, på godt og vondt. Eg har lært mykje, og skal følgje med på diskusjonen vidare.
PS Sjå på s 3 i dok om tvillingfødslar, der står det om Nigeria, og er relevant for det som vi også kan lese om i "Mønsteret rakner"
Om du ikkje er avhengig av å eige den boka du les, så kan du gjere som meg. Mitt lokale bibliotek skaffa meg på kort tid ei flott utgåve som eg no kan fordjupe meg i.
Lukke til, kjekt om du blir med på felleslesinga!
Har lese nokre kap i boka, og sluttar meg til dei som seier at boka er lettlesen og velskriven. Miljøet er svært ulikt det eg les om til vanleg, likevel får eg assosiasjonar til noko eg har lese før, utan at eg kan sei kva....
Det som likevel slår meg er det brutale i skildringar av personar og samfunnet dei lever i:
Sist Umuofia var i krig, var han førstemann til å komme hjem med et menneskehode.
Og syntest det var vondt å lese om late og tiltakslause Unoka då han vart sjuk....han fekk ikkje døy heime, han var ikkje eingong verdig til å vert gravlagt, han ville forpeste jorda.
Okonkwo hovudperson hadde ingen far å vere stolt av, og kvinnene sin status var - ikkje uventa - svært underdanig.
Skal bli spennande å lese vidare!
Hmmmm...då kan eg røpe at bokpakken som kanskje kjem i morgon inneheld fire!! bøker! Pinlig, nesten, men den der vart litt for fristande.
Så let eg jåleriet få overtaket, og ikkje berre vart det Don Quijote, men ei praktutgåve til, nemlig den historiske Dronningsagaen og Kongespeil av Vera Henriksen.
Og for å få litt perspektiv på shoppinga, bestilte eg Shoppingfri av Irina Lee.
Eg trur eg er fornøgd, Mammut skal få vere i fred for meg heretter, trur eg....
PS Vår lokale bokhandel har ikkje denne i sitt utval, dei kunne bestille den til full pris. Trur kanskje utvalet varierer litt.
Jostein, er eg jålete...eller dum om eg bestiller praktutgåva av Don Quijote ...sjølv om eg alt har ei paperback av boka? I går var eg eit tastetrykk ifrå å gjere det, men ombestemte meg, tenkte at det får då vere grenser for tøv. (Husbonden seier eg må berre gjere det....)
Det er forresten den boka eg er aller mest stolt over å ha lese!
Men, altså er boka så flott at eg kan unne meg den?
Omtalen din gjorde at også eg har skaffa meg denne. Kjekt å ha noko å sjå fram til :-)
Er enig i at denne ikkje svarte heilt til forventningane. Eg såg fram til å lese om pinsemiljøet som ikkje alltid er slik ein skulle tru, men eg kjeda meg til tider. Synd.....for ideen er god! Vart likevel ein 4 på terningen her også
Denne er fullstendig ukjent for meg, men ser fram til å gjere eit nytt, litterært bekjentskap. Skal prøve å finne eit eks på biblioteket, dei er svært flinke med å hjelpe til.
Ellers så er det så kjekt at du er aktivt tilbake,Wolfcat. :-)
Mange gode forslag her. Forslaget mitt er Døde sjeler av Nicolaj Gogol. Sidan eg har vore og er fullstendig utslått av influensa, orkar eg ikkje å kome med så mange argument for boka, men du kan lese om boka her , og i tillegg her i Dagbladet.
Frodig og humoristisk russisk klassiker står det der.......
Sit her med Mammutkatalogen og kjenner meg litt letta....Vart nemlig litt bekymra over meg sjølv, bokshopoholikar som eg er, sidan eg ikkje har hatt lyst på ei einaste bok på ei god stund - og det sjølv om eg har tilgodelapp hos Norli! Men, no når katalogen kom, så har eg kryssa av ei to- tre bøker som skal føyast til dei overfylte bokhyllene mine.
Så då får vi sjå......det hadde forresten vore greit om eg fekk redusert "skal-lese" lista mi endå meir då, men......
Eg har alt lese ganske mange bøker i det nye året; og Stoner av John Williams vart for meg den aller største leseopplevinga! Den greip meg uventa sterkt! Fekk topp terningkast av meg.
Må nemne ei til som gjorde inntrykk, nemlig Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg.
Har ikkje gitt den terningkast, må sikkert lese den ein gong til....
Har Mårbackatrilogi av Selma Lagerløf på "Skal lese-lista"mi......gler meg til å lese den, om litt....
Ha ein god søndag der ute! Her i nordvest har vi eit fantastisk flott vinterver, så det spørs om vi ikkje må ta på eit sjal og kome oss ut litt :-)
Har nettopp avslutta denne no, og kjenner meg nesten tom innvendig! Historia om stillferdige, anonyme Stoner greip meg sterkt, mykje sterkare enn eg hadde forventa. Opplevde nesten at eg vart godt kjend med denne sjenerte karakteren som kom frå så svært enkle kår - noko som prega han heile livet.
Her vart det terningkast 6, og det er ikkje ofte.
Trur det må vere rette tilnærmingsmåten.
Eg har no lese første halvdel av boka, og må tilstå at eg ikkje er like begeistra over denne som eg var over Keiseren av Portugalia. Dei gode, svært gode, skildringane er det mange av også her, enkelte gjer sånt inntrykk på meg at eg må lese dei mange gonger. Nokre av historiene er fornøyelege, både humrar og ler, medan eg nesten er litt forundra innimellom - skjønar liksom ikkje samanhengen.
Må også spørje meg sjølv innimellom: "kven var no det, igjen? " Ikkje lett å halde styr på alle kavalerar og andre adelstitlar ....
Men- bjørnen han likte eg! Sidan eg ikkje er så veldig glad i snø og kulde kunne eg gjerne ha hatt det som han:
Vil den sove bort den frosne vinterens råkalde netter og farveløse dager for å vekkes av brusende bekker og fuglesang?
Ha ei god helg -i selskap med Gøsta Berling, sjølv om han ikkje er like mykje framme i lyset alltid!
Er så enig, Lillevi!
Sjømenn som seilte under krigen fortener så absolutt å få si historie, men denne trefte dessverre ikkje meg i det heile. Trass i at eg har nær familie og ein ven som har vore på havet - eg prøvde å relatere innhaldet til dei så eg skulle orke å lese -, så irriterte eg meg slik over skrivemåten at eg heldt på å avbryte fleire gonger.
Innhaldet kunne med fordel ha vore avkorta drastisk, det gav meg " lite og inkje" (som vi seier her hos oss) å m.a. lese om kva Halvor hadde på dei tre brødskivene sine.....
Nokre ok sekvensar gjorde at eg likevel fullførte, kanskje spesielt slutten, men synest nesten at eg har gjort meg fortent til ei premiering (frå meg sjølv!).
Som KjellG under her har også eg vore på besøk i Mårbacka og i Rottneros. Med selskap av fleire i familien var eg der ein nydeleg, vakker sommardag for nokre år sidan. Kjekt!
Fekk lyst til å sitere litt frå 501 Store Forfattere:
Gøsta Berlings saga er et mesterverk innen svensk romantikk. Lagerløf begynte å skrive på romanen mens hun jobbet som lærer og sendte inn de første kapitlene til en litterær konkurranse, noe som sikret henne utgivelsekontrakt. (.......) den er i dag hennes mest populære verk.
Eg har leita fram boka, og håper at eg kan vere med på felleslesinga. Boka har stått lenge i hylla og venta....
Kaldt og mørkt og lite sol.....
Lesesituasjonen min er kanskje årsak til at eg ikkje er like begeistra som dei andre her inne. Med orkanen "Nina" som bakteppe hos oss her vest,- og med den eine snøstormen etter den andre som Gutten og Jens postmann måtte kjempe seg gjennom - for meg vart det så mykje kulde, snø og is at eg nesten fraus her eg sat.
Stefanson skriv jo godt, lyrisk, men eg opplevde handlinga som stilleståande. Så trass i flott tittel, så vart det vel mykje snø, kulde, storm, gjenferd og død for min del....
Håper det er meir liv i neste boka!