Så har faktisk også eg fullført boka, nesten på trass. Eg opplevde at nokre sekvensar var godt skildra, medan andre deler fekk fram irritasjon, så,då vart det nok litt skumlesing...må tilstå det. Veit ikkje om eg tolkar det rett når eg trur bodskapen rett og slett er kva ulike opplevingar litteraturen kan gi.
(Fekk også ei litt vag kjensle av at heile boka er ein slags litterær utgåve av " Keiserens nye klær"?)
Elles må eg få takke hjarteleg kjell k så som har lagt alle felleslesingane så godt til rette for oss. Det er leit at du må takke av, men håper at du kan kome tilbake når situasjonen tillet det.
Ha ein god sommar! :-)
Dei siste dagane har eg hatt Alt lyset vi ikke ser som nattlektyre. At boka er tjukk og lite egna seint på kvelden er no ein ting, men at boka ikkje svarar heilt til mine forventningar er noko anna. No må eg sjå om siste delen blir betre. Den er ikkje dårlig, heller litt middels, kanskje....
Så strevar eg med "Hvis en reisende en vinternatt". Har vore nær ved å gi opp, men trur eg skal kome gjennom. Har iallfall bestemt meg for at neste boka eg opnar skal vere ei eg kan kose meg med......kanskje..
God helg!
Jeg kommer trekkende med altfor mange historier på en gang, for det jeg vil, er at man rundt fortellingen skal føle en metning av andre historier som jeg kunne fortelle eller kanskje kommer til å fortelle, eller hvem vet om jeg ikke har fortalt dem ved en annen anledning, et rom fullt av historier som kanskje ikke er annet enn min livstid, hvor man kan bevege seg i alle retninger, som i rommet , og alltid finne historier som man først måtte fortelle andre historier for å kunne fortelle, slik at ved å starte på et hvilket som helst øyeblikk og sted, møter man den samme tetthet av materiale som skal fortelles.
s 98
...og denne lesaren lurer på kva som er den eigentlege bodskapen i romanen?
Om de andre finn ut av det, tek eg imot med takk!
Har lese ca halve boka.....
(PS Eg er berre litt fortvila over at eg ikkje ser bodskapen i ei bok som ganske mange likar ...)
Det er da du allerede fra første side blir klar over at den romanen du holder i hånden, ikke har noe å gjøre med den du satt og leste i går. s30
Eg veit ikkje kva eg skal sei, eg har nesten lese 1/3, og sit nesten og kjenner meg dum som ikkje får så mykje ut av det.
Første kap var artig, det var så mykje eg som lesar kunne kjenne meg igjen i...men, så blir det så mange sidesprang og "viderverdigheter" at eg misser tråden, om der i det heile er ein tråd. Det er nesten som eg kjenner at Calvino sit og godtar seg over at eg er så forvirra. Sukk....
Då har eg såvidt starta på romanen med ei snål overskrift, ei halvferdig setning.
Og det er merkelig det vesle eg har lese til no (1. kap).
Dette må vel vere prototypen på ein metaroman?
Eg er hovudperson, og jammen kan eg kjenne igjen litt av meg som lesar.
Hm...
.. og eg har selskap av danske Helle
som kanskje har litt av kvart å fortelle
om Roar som rett og slett går seg bort
.. og kor det går?
Eg veit ikkje stort :-)
Eg! :-)
...og då,har vesle, tynne Kain funne sin plass i bokhylla.
Skulle nesten ønske at nokre av oss kunne tenke seg å diskutere den boka. Saramago er ein stor og respektert forfattar, og eg les at denne var den siste boka han gav ut.
PS Har også fått ei velbrukt utgåve av En reisende en vinternatt i hus. Biblioteket skaffa den :-)
Ja, då blir det ein tur på biblioteket igjen...Det ser ut som ei spennande bok som vart valt. Forfattaren er heilt ukjend for meg,trur eg...
Må elles sei takk til deg kjell k for eit godt organiseringsarbeid! Du har fortent ei rose :-)
(PS...og eg som har bestilt Kain-boka på butikken alt...trudde det vart den)
Eg er enig med deg i at kjærleikshistoria kanskje er litt annleis, (sjølv om eg nesten synest den minner meg om noko...), og at klosterlivet var interessant. Burma kjenner eg lite til, så det likte eg å lese om. Første halvdelen av boka opplevde eg som medrivande- kjærleiken mellom dei to var no rørande - men så vart det meste litt forutsigbart.
For meg vart dette ei OK, lettlesen bok....ei bok som passar til varme soldagar :-)
Eigentleg hadde eg tenkt å foreslå Forelskelsene av spanske Javier Maras. Det er bok som skal ha fått kjempegode kritikkar. Men, den er på over trehundre sider, så derfor blir også mitt forslag ei bok frå Brasil, Jostein :-) Den er kort nok for ein kort leseperiode.
Snø fra Brasil av Adriana Lisboa vert presentert som ei bok med variert innhald, både på personleg og historisk plan.
"Sammenvevd med Vanjas fortelling, er Fernando og hans hemmelige fortid i geriljabevegelsen i Amazonas skoger. Romanen gir oss et innblikk i Brasils historie, kultur og mennesker, men mest av alt er Snø fra Brasil en gripende fortelling om hva familie er og hvordan vi skaper oss et hjem."
Så er ei interessant..og faktisk litt krevande...leseperiode avslutta!
Romanen har gitt meg mykje, både tankar og grøss- nokre slik at eg måtte lese fleire gonger. Siste delen gjekk kanskje vel fort, må nok bla gjennom nokre gonger om eg vil forstå alt.
Morten prest framsto som lite tru til religionen, sett med mine auge. Han levde hardt, helsa hans vart nedbroten, og det var ein tannlaus og uroleg kar som returnerte til heimlandet.
Kua Rosalil fekk ein ublid lagnad, og dei ti bibelske boda vart brotne, nokre på det grovaste! Misjonslivet på Grønland var røft, og gav meg som lesar ein dose med spenning.
Men, eg har fått innsikt i symbolet som gjekk gjennom heile romanen: ✝
Då er eg i gang igjen.
Har lese eit godt stykke inn i del to, og finn framleis gode sekvensar som eg må dvele med, medan andre skildringar er på eit meir røft nivå. Har elles ei oppfatning av at synsvinkelen skiftar litt, Falck er ikkje like mykje i sentrum som i del 1? Sidan eg har hatt eit lite opphald sit eg no og lurer på kven reisekameraten Bertel eigentleg er?
Noko anna som også får tankane i sving er det religiøse. Vi lærte mykje om gudar og tru i Afrika og hos indiananrane i barndommen, men lærte lite anna enn enn geografi og kultur hos eskimoane - eller seinare grønlenderane. Dei vert sett på som heidningar og vantru, men får meg ikkje til å tru at også dei hadde ei form for gudsdyrking. Kjenner nokon til det? Kan det vere noko liknande som det var hos dei indianske kulturane med gudsdyrking knytt til naturen?
PS- lagt til:
Har leita litt på nettet, og inuittane hadde ei form for religion, der Månemannen og Havkvinnen var dei mest sentrale figurane.. Dei hadde også ein angakokk som var ein sjaman som var bindeledd til det styrande...slik eg forstod det. Men i forhold til kristendommen var dei hedningar.
Hipp hurra!! Då har eg endeleg fått mi eiga utgåve av "Profetene", så no skal eg verkeleg gå i gang med lesinga. Har no ti dagar på meg, så det skal gå bra, tenkjer eg!
Har lese nokre sider av del to der miljøet i Evighetsfjorden er skildra....og eg forstår at eg har litt i vente....Det er ikkje akkurat noko idyll vi får skildra, men ser likevel fram til resten av boka. Skal bli interessant å sjå kor det går med den stakkars kua/kviga som dei akkurat har heist på land- ein raritet for dei fastbuande :-)
Eg er heilt i utakt! Har berre lese del 1, og har grunn for det. Bibliotekboka eg har heime er så velbrukt at eg fekk problem med å lese den som sengelektyre....(det er kanskje sært..har ikkje opplevd det same med andre bibliotekbøker som eg kan huske..), så har eg bestilt ei ny på vår lokale bokhandel, men det tok uvanleg lang tid. No er eg endåtil på reisefot nokre dagar, så det blir mest lydbok i bilen. Men, eg ser at eg likevel har god tid, så eg håper eg skal kome sterkare igjen.
Det er ei bok eg er glad for å vere med på iallfall!
Hjelpe meg! Har etter eit par dagars opphald lese ferdig del 1, og nokre av skildringane på slutten her var litt vel nærgåande! Likte ikkje...Kan kanskje sei at romanen er av det realistiske/naturalistiske slaget?
Når det er sagt, så gjer boka inntrykk! Håper verkeleg at Morten Falck ikkje er representativ for resten av prestestanden på den tida!
Haha....den såg ikkje eg! :-) Men jammen er det heilt utruleg kva "kviger" kan få til :-)
Du har så rett, Gretemor! Det står faktisk på s 82 i mi utgåve. Dei gamle seilskutene gjekk nok ikkje så fort. Såg på nettet at dei som utvandra frå Norge til Amerika ofte måtte vere to tre månader om bord i skuta. Det er nesten utenkjeleg i vår tid!
Ellers så likar eg boka så godt at eg har bestemt meg for å kjøpe..........
For meg er dette - iallfall til no - ei bok som får tankane i sving. Reisa frå Danmark til Grønland er alt anna enn ein luksustur.
Vår hovudperson Martin prøver å gjere det beste ut av forholda, han må berre konstatere at lopper og lus vert nær han undervegs. Han imponerte med sitt kjennskap og vennskap med kua Roselil som gir mannskapet nødvendig vitamintilskot på overfarten. I si pleie og omsorg for henne framstår han som meir sympatisk enn før....
Men, han verkar både feig og likegyldig i forhold til den vesle skipsguten som får ein så ublid lagnad! Trist å lese!
(Elles så lurer eg på kor lang tid ei reise frå Danmark kunne ta i 1787. Kapittelet er frå juni til august det året. Dei hadde nokre stopp undervegs, og dei opplevde å ligge i vindstille ei stund...likevel verka det som svært lang overfartstid. Har prøvd å leite på nett om kva som var vanleg, men fann det ikkje ut.)
Og når reisa er over, når han går i land...
....helt tilbake til Lier og barndomshjemmet, han er ikke vekk ennå. Ikke helt vekk. Det er fortsatt en lenke. Men når han går i land er han vekk. Da er han fri.
Har lese Kapittel 1 om åra i København frå 1782 til 87.
Norske teologistudent Morten Pedersen, eller Falck som han likar betre, er ein underleg skrue.
Eg veit ikkje heilt om eg likar han så godt. Han er oppteken av "det annet kjønn", på ein måte som ein ikkje forventar av ein som skal stå på preikestolen og forkynne.?
Eg skjønar heller ikkje hans forhold til Abelone...Og det er spesielt med korset som innleier større avsnitt i teksten.
Men, Kim Leine skriv godt. Eg har ikkje lese noko av han før. Han skildrar tankar og handlingar hos hovedpersonen så ein nesten kjenner dei er verkelege. Han skildrar også miljøet og tida med innsikt.
Lurer på om han skriv så språkleg konservativt i andre bøker, eller om det er bevisst for å vise tida det er frå. Ma ord som galanteri, trolovet, uterlighetene er ikkje ord som er dagligdagse i vår tid.
Er glad for å vere med på denne felleslesinga. Trur eg/ vi får mange opplevingar utover i ei spesiell bok.
Ha ei God Påske vidare!