Alle novellene er gode, ofte røyver dei ved kjenslene, og viser skjebner og liv i ei tid då dei altså rissa runer i trepinnar og det meste var annleis. Samstundes var mykje det same: Liv, død, kjærleik, skjebne, tru og håp. Eit levande språk på fin nynorsk. Veldig god bok.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Flott bok om insekta i hagen. Han fortel med utgangspunkt i sin eigen hage. Alt livet som er rundt ikring oss, og som vi berre ser og anar ein liten del av.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi følgjer ei lita jente på landet gjennom eit år i nærkontakt med naturen, dyra og livet på garden ho bur på. Ho sansar, leikar, undrar seg og testar grenser. Fine illustrasjonar innimellom. Språket er i diktform, men utan fast rim og rytme. Likevel vidunderlege rim og ordleik her og der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Veldig flotte illustrasjonar. Mektig og vakker natur. Kvar side viser den storslåtte naturen opp mot dei to vesle menneska. Ylva reddar ei geit som føder frå ørna sine klør. Er det greit å gripe inn i naturens gang slik? Ylva er blitt ven med den olme geitebukken som så jagar vekk ørna. Tilforlateleg? No les eg kanskje barneboka med vaksne auger, men det var noko som skurra i sjølve forteljinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skrive på vakker nynorsk med malande, levande skildringar som innimellom er heilt glimrande. Eg kjem til å hugse boka lenge. Grensar til terningkast 6.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Glimrande bok om djup kjærleik, intense kjensler og livets djupne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte boka godt. Minte meg littegrann om Fuglane. Eg likte einsemda og språket og den mystiske historia som på ein måte enda med ein open slutt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har alltid fleire bøker som eg vekslar mellom, men kanskje ofte ein roman, ei novellesamling og ei fagbok. Kjem eg over ei bok eg likar ekstra godt, les eg ho som oftast ferdig utan å veksle mykje mellom andre bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Udødeleg bok som for evig og alltid vil vere aktuell. Heilt grunnleggjande for å forstå mennesket. Samstundes som boka er så djup, har ho eit driv som nærmast gjer ho til ein kriminalroman.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Lesverdig bok på grunn av rike skildringar og godt språk. Boka har tidvis preg av magisk realisme, fordi Madame Bovary lever i ei fantasiverd. Eg synes boka er uhyggeleg og skremande, kanskje fordi dei som fortener lukke, må lide, medan andre får alt utan å betale for det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei av dei beste bøkene eg har lese. Intens kjærleikshistorie som går til djupna i menneskesinnet. Tragisk, men samstundes vakker. Landskapet på dei engelske heiane passar perfekt som ramme.
Nynorsk er den ultimate målforma.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kan ikkje gje anna enn terningkast 6 til denne boka. Samtidig er det ein prestasjon å lese seg gjennom ho. Eg trur kanskje Forbrytelse og straff traff meg djupare, men eg veit ikkje før det har gått meir tid. Som motvekt mot alle reality-program og alskens krim er dette å skyte spurv med atombombe, kanskje sprenger du deg sjølv samstundes, eller du døyr årevis seinare av etterskadene. Med du meinar eg den du trudde du var.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Glimrande bok som eg las på 1-2-3. Passe sær og psykologisk, med godt driv. Melankolsk og tilbaleskuande. Godt språk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei! No hugsar eg ikkje detaljar, berre at eg likte ho. Aldri tenkte eg at berre slekta til Hoem kunne hatt interesse av det han skreiv om. Bonderomantikk veit eg ikkje, men boka er no iallefall fri for erotikk og "sånt for nåke". Eg likte alle bøkene i Hoem si slektskrønike, og kanskje best Jordmor på jorda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kvæven skriv framleis poetisk og god nynorsk. Han skildrar vekselvis frå dyre- og naturperspektiv, og frå den tilsynelatande meiningslause krigen som har vart så lenge at det er uklart korleis det heile begynte, og i alt dette eit tredje perspektiv, menneska som lengtar, prøvar å halde på det som gjer dei til menneske, drøymer om det som ein gong gjorde dei lukkelege. Boka er driven av ei ytre handling, persongalleriet er stort, kanskje fordi mange må nemnast slik at mange kan døy, og eg er klar over at denne fyrste delen gjerne måtte vere slik, for å legge grunnen for del 2 som skal kome. Las ho ut på nokre få dagar, fordi ho var spanande, lettlest og djup.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

No har eg lese ut boka. Det er lagt opp til at det kjem ein del 2. Eg gjev boka terningkast 4 eller 5. 5 fordi ho er så god at eg las ho ut på nokre dagar. 4 kanskje fordi det er stort persongalleri, og at det er veldig mykje ytre handling i form av action. Samtidig er det litt tidleg å gje ei vurdering, då denne fyrste delen var nødvendig for det som skal kome i del 2. Eg endte opp med terningkast 5 i bokmeldinga mi her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg reknar med at ein del no snart er ferdige å lese den heilt nye boka til Tore Kvæven. Eg har 40-50 sider att. Synes boka skil seg veldig frå Hard er mitt lands lov og Når landet mørknar, men det som er likt er den poetiske nynorsken og skildringar vekslande frå dyre- og naturperspektiv til menneska sine sysler, som då på ein måte blir ubetydelege, men også meir dyrebare på same tid. Andre med innspel?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las boka på kort tid. Grunn? Ho greip meg. Ho er enkel, men språket let meg kome nært innpå. Ttist, men håpefull og vakker opp i det heile.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las denne novellesamlinga ganske fort ut. Dei fleste av novellene fall godt i smak.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det mest imponerande med denne boka er at forfattaren har hatt gjennomføringsevne til å skrive 100 sider med absurditetar og tankesprang som iallefall ikkje greip meg. Eg kan ikkje anna enn tru at enten elskar du denne boka, eller så skjønar du fint lite av ho. Dersom du ventar deg djupe refleksjonar kring det å vere menneske, så bør du lese noko anna. Liker du psykedeliske, absurde og meiningslause tankesprang, så lån denne boka. Eg synes grunngjevinga at det er for mykje alvor i det norske folk ikkje er nok til å gjere Vonde blomar morosam.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarianne  SkageHarald KFiolToveBertyKaren RamsvikBerit B LieLailaEli HagelundTanteMamieTove Obrestad WøienMarianne TKirsten LundmgePi_MesonG LKristine LouiseTor-Arne JensenDinaTheaTone SundlandLiv-Torill AustgulenStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarmo LarsenVannflaskeNinagretemorBente NogvaCarine OlsrødritaolineReidun SvensliGrete AmundsenKjell F TislevollInger-LiseMarit HåverstadEmil ChristiansenTatiana WesserlingBenedikte