Hoem skriv om forholdet sitt til Jesus. Boka er personleg og nær og i skjønnlitterær stil. Eit kort lesestykke for kvar dag i advent fram til 13. dag jul. Ulike sider ved Kristus kjem til syne for oss. Forfattaren fabulerer kring tekstane i kyrkjeåret, mellom anna møter vi dei tre vise menn, mor og far til Jesus, Judas og elles mange av læresveinane, døyparen Johannes og ein gamal mann som sit i hytta si og skriv ned historiane på pergament og gøymer dei i ei nærliggande hole. Ikkje minst fortel Hoem om tider i sitt eige liv der Jesus var eller i ettertid er blitt viktig for han.
Kristusfigurasjonar er vakker, lettlesen og interessant. Boka har berre 3 terningkast her inne, så derfor vil eg gjere merksam på ho.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Klarte ikkje å kome inn i historien. Truleg har Hoel skrive Syndere i sommersol for å sjokkere og more i samtida, men satiren gjorde at eg ikkje oppfatta fortellinga som ei ordentleg historie, meir som ein overflatisk konstruksjon. Eg vil hevde at boka er ein kuriositet, men kan godt vere eg tek feil. Likte veldig godt Trollringen, Arvestålet og Fjorten dager før frostnettene, men Syndere i sommersol var ikkje for meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Veldig bra bok! Fyrste del består av tradisjonelle dikt, nidviser og songar om livet, naturen og dyra på Grønland. Dei er glade og prega av takksemd. Del to består av moderne dikt og klagesongar. Dei er triste og prega av rotløyse og protest mot det moderne som er tredd ned over hovuda deira. Det synes klart at å tvinge urfolk inn i ei moderne ramme med storstilt sentralisering, innlagt vatn og alt det der, 8-15-jobbing og misjonering om at helvete ventar om dei ikkje tek imot dei danske si tru, det er ei slags oppskrift på katastrofe. Her er utvilsamt stort forsoningsarbeid som må gjerast.
Siste del er ein kommentar av Harald Sverdrup som har overskrifta: Er det håp for Grønland? Her teiknar han eit bilete av eit jaktfolk som levde i eitt med naturen, for så å plutseleg bli dregne ut av paradiset. Sjølvsagt ein provokasjon for den kvite, kristne mann at dei innfødde på noko som helst måte levde i paradis, så dei flytta paradis til ein tilstand etter døden. Sverdrup vedgår at overgang til jerngryter til å lage mat i, gevær til å jakte med og antibiotika mot sjukdomar har vore framsteg, men i det store og heile har utviklinga vore styrt av den kvite mann, anten for at kolonialistane leita etter rikdomar, eller ville spreie kristendom og eigen kultur.
Håpet i boka til Sverdrup er at kanskje grønlendarane kan få sitt eige sjølvstende og finne tilbake til sin eigen kultur og leve meir på eigne premissar og kanskje vere meir lukkelege.
Eg tykkjer Dikt fra Grønland er ekstra aktuell i desse tider då ein viss president ønsker å kjøpe eller ta Grønland med makt. Uvisst om til beste for grønlendarane. Eg ville tilrådd dei som kastar terning om Grønland å lese Dikt fra Grønland.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fy søren for eit kaos i Midt-Austen! Takk for bokmeldinga.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Glimrande bok! Skulle ønske eg ikkje har lese den, sånn at eg kunne oppleve den igjen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er generøs når eg gjev terningkast fire. Boka er underleg omsett, med til dels merkelege ordvalg, og i tillegg virkar handlinga oppkonstruert.

Døme på merkelege ordvalg og rare situasjonar:
* Jeg var hektisk, som om jeg lovet en fange som skulle henrettes evig lykke i det hinsidige.
(Har aldri sett hektisk brukt på denne måten. Det høyres kunstig ut.)
"Ja, jeg skal ut og kikke litt etter jenta. Dessuten vet jeg ikke hvor det ble av sønnen min. Han er fylt tolv, så jeg håper han kommer tilbake av seg selv.
(Veldig merkeleg å seie "kikke LITT". Dette er jo ein til dels desperat situasjon. Skjønar ikkje kvifor ho berre skal kikke litt. )
Er mange liknande setningar i boka.
Ellers så køyrer ho bilen sin plutseleg ned i eit digert hol i vegen, som ho av ein eller anna grunn ikkje hadde lagt merke til før. Heilt rart. Kunne ha funne mange liknande døme.

Til sist er det umuleg å vite kva som har skjedd i hovudet på hovudpersonen og kva som er verkeleg. Veldig rar bok. Min mistanke :Her er eitt eller anna særislandsk som eg ikkje skjønar meg på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for at du gjorde meg merksam på det. Trur eg går for nynorsk versjon eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for svar. Då prøver eg meg kanskje på Krig og fred på nynorsk. 😊

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Amalie Skram skuffar ikkje. Heile vegen må eg slå opp framandord i Det norske akademis ordbok. Til stor glede. Det arkaiske språket er vakkert og flyt lett, trass i at Fru Ines kom ut i 1891.
Ei av dei beste eg har lese. Iallefall den beste eg har lese ut i dag. Som berre er denne eine. Altså uttrykk for at eg likte boka veldig godt. Virkar som Amalie Skram sette Fru Ines aller høgast. Har likt alle Skram-bøkene eg har lese. Fru Ines minte meg ved eit høve om Stormfulle høgder, på grunn av det skjebnesvangre i den grenselause, men umulege kjærleiken. Språket til Skram er eineståande, og mennneskeskjebnane er uråd å ikkje bli berørt av.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Interessant synspunkt. Eg synst det var heilt motsatt. Syntest lange passasjar med fotballkamp i England osv.var kjedeleg. Ser ikkje heilt kva som var så spennande med det. Berre mot slutten kom Renberg til poenget for min eigen del. Eg synest at Tollak til Ingeborg var mykje betre. Eg trur at mange likar Du er så lys fordi den er mystisk og spesiell i stilen, og eigentleg misleiar lesaren til å tenke at boka er betre enn det ho er. Så må Renberg finne på noko på slutten, eller så henger jo heile historia berre og dinglar, og då er det dei som tykkjer slutten kjem anstrengt og kunstig, og andre som synes fyrste del vart altfor lang.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vakker bok om ein liten gut og bestefaren hans. Dei to er nært samanknytte. Dei ser på stjernene og dei set ut graut til nissen, og guten trur så klart det er nissen som et grauten. På julafta kjem julenissen, og guten er ikkje dummare enn at han har gjennomskua bestefaren. Han skjønar så pass at når bestefaren går ned i kjellaren etter ein dram, og nissen i mellomtida kjem med gåver, så er det nok bestefar som er blitt forvandla til ein nisse. Etterpå seier bestefar at det var dumt at nissen kom akkurat når han var nede i kjellaren, men det tenkjer guten må vere fordi bestefar ikkje kan hugse å ha blitt forvandla. Eg vil ikkje røpe meir av handlinga. Les boka sjølv, anten aleine eller ilag med eit barn.
Eg tykte historien var rørande vakker. Flotte, stillferdige teikningar og fin tekst. Ei glimrande barnebok. Guten og bestefaren lever på ein gard, openbart nært knytte til både tamdyra og dei ville som held til i nærleiken, og naturen for øvrig. På slutten av boka finn guten meining og trøyst i eigne tankar der naturen er heilag og døden berre ein overgang. Kan hende berre barnlege førestillngar, men eg synes guten er klokare enn vi anar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka er 400 sider. Altså ganske lang, men på slutten klarer Hoem å samle ein del trådar og avslører korleis dei skadeskotne menneska i boka er blitt som dei er blitt. Hoem dykker djupt ned i kristendomen, særleg korleis korstoga framleis pregar den vestlege verda 900 år etter, og han viser gjennom tankane til hovudpersonen i boka, korleis korstoga leia fram til reformasjonen, tvil om Guds eksistens og til sjuande og sist fremveksten av dei totalitære ideologiane i det 20. århundre, samt forsøker Hoem å vise korleis vi kan leve med denne tvilen og tankane om at Gud har forlate oss. Han konkluderer med noko sånn som at rasjonelle tankar og bevisføringar for om Gud finst eller ikkje, er nyttelaust, og at det einaste som kan føre oss nær Gud er lidinga og kjærleiken. Gjennom lidinga vår, ser vi Jesus si liding, og gjennom kjærleiken ser vi Gud sin kjærleik. Ved å lide og dermed tvile på om Gud finst, og ved å sjå kor aleine vi står, kan vi skjøne Jesus når han på korset spør om far hans har forlate han. Korleis kan vi ikkje la oss merke av det når Gud tek menneskeham og endar på korset, der den nakne lidinga er så stor at han tvilar på sin eigen eksistens? Dei som tek si eiga liding, sitt eige kors, og ber det, går saman med Jesus. Dette er berre nokre av tankane og utgreiingane som Hoem legg fram i Tid for klage, tid for dans. Eg likte boka. Hoem skriv som vanleg malande og vakker nynorsk
Tidvis tragikomisk, og nokre gongar litt langdrygt, men det fungerer sånn i ettertid, når eg har lese ferdig boka, nettopp fordi Hoem klarer å avrunde med å eksponere det innerste i desse folka, slik at eg sit att med ei kjensle av respekt og takksemd - den nakne menneskesjela vist fram, og det er det uråd å ikkje kjenne seg igjen i.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Edvard Hoem er meister i komposisjon og psykologiske skildringar. Eg fann det interessant og etter kvart rørande å vere med ekteparet Ungermann frå dei i starten av boka kjem til Bergen midt på 50-talet og til boka sluttar i det Sovjetunionen i 1968 knuser reformrørsla i Tsjekkoslovakia. I gode og vonde tider følgjer vi ekteparet, etterkvart får dei ein son, og mot slutten av boka ligg spaninga i om forholdet deira vil overleve etter kvart som dei sjølve og tidene endrar seg. Mykje av handlinga går føre seg på og rundt Frøken Dryers musikkskule, der Theodor Ungermann etter kvart blir bestyrar. Sjølv om eg ikkje er spesielt musikkinteressert, las eg boka ut på nokre få dagar. Kvifor? Fordi Hoem fører oss nært inn på menneska og tida, og fordi han som alltid skriv vakker nynorsk. Eg håpar fleire les denne boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Meir eller nindre einig med deg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei to beste forteljingane er dei to fyrste. Altså Historien om Fru Berg og Trylle bort mennesker. Dei rører meg mest.
The life and death of Janis Joplin: ein god idé, og eigentleg veldig bra, unntatt slutten. Kvifor måtte ho dø? Det virka konstruert for å gjere historien spesiell. Kanskje tek eg dog feil. Kan vere at jenta hadde undergangen i seg, som Joplin.
Det som lyser opplevde eg som ei frå A til B forteljing, om ei jente som er knytt til bror sin, men så etterkvart skjønar vi det er noko unormalt ved han. Kanskje er han tilbakeståande. Derfor kjem slutten heilt uten overrasking.
Jentene mine var godt skrive, og teikna gode bileter av særleg to av hovudpersonane. Igjen likte eg ikkje slutten, men her vart eg kort og godt provosert av valet og handlingane til hovudpersonen sin sambuar. Kanskje er det eit godt teikn at eg lot meg påverke? Muligens novella si forteneste, men eg tykte Solveig ikkje hadde rett til å handle slik ho gjorde. Det virka rart på meg at ho etter lang tid med apati og djup depresjon plutseleg er på beina og umiddelbart forlet mannen sin, som berre hadde gjort så godt han kunne. Rett nok tok han nokre feilskjær, men for meg som lesar så er ikkje slutten truverdig. På den andre sida er det ikkje godt å skilje røyndom frå fantasi, og nykje som skjer mellom linjene hos Rishøi.

Landar på terningkast 4 for denne novellesamlinga. Klart best av Rishøi sine tre samlingar synes eg er Vinternoveller. La stå og Historien om Fru Berg er tidvis veldig gode, men Vinternoveller etter mi meining på eit anna nivå.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Likte Jimmy sa og Det regner inn klart best, slik som du, men Ariel var også bra, iallefall interessant og annleis. Dei andre novellene i La Stå fekk eg ikkje like godt tak på. Har nettopp lese Vinternoveller også. Kjempebra den!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg fekk ikkje heilt taket på denne romanen. Fyrste gong det skjer med ei Sundstøl -bok. Eg las til endes, men eg kan berre sånn delvis gjere greie for innhaldet. Framsida består av to krusedullar i ulike fargar. Ein svart og ein raud, vikla inn i kvarandre, men likevel adskilte. Ein svart prikk og ein rud. Ganske forvirrande. Eg har fått med meg at det handlar om ein forfattar med skrivesperre, den slitne kona hans og eit barn med utfordringar. Det siste las eg eigentleg på baksida. Hullet han krøp ut av er lettlesen og velskriven, men samtidig så til dei grader kunstnarisk at boka gjekk meg over hovudet. Kan vere at eg er ute av stand til å bedømme den kunstnariske kvaliteten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Las nettopp Jeg sank. Ein ting er sikkert ja, og det er at Sundstøl for det meste held seg på det indre plan, og i krysning mellom røyndom, fantasi og det underbevisste.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tykte desse gjentakingane var svært kraftfulle. Han vender stadig tilbake til mora si gravferd og til familielunden deira. Ikkje før mot slutten innser han kor viktig denne lunden var for dei, og framleis er for han. Slik også slike lundar og tuntre har knytt folk, familier og slekter til tre og til naturen til alle tider og gjeve dei identitet og røter. Sjølv heilt på slutten, når han tek seg fram om natta, følgjer han dei døde trestubbane, og han knyter ein tråd frå ullgensaren, som mor hans strikka til han, rundt stubben ved skoleporten, for å finne vegen til skulen. For meg veldig bra biletebruk. Trea viser veg som dei alltid har gjort, både framover og bakover, til skulen og til minnet frå fortida. Heilt utsvolten og sjuk må han inn i skulebygget for å finne dette minnet. Eg synes at språket og lengten bakover passar bra all den tid verda i det store og det heile har gått under. Han er ein gamal og døande mann som berre har minna sine.
Han fortel mykje om matkøen han står i, og at straumen er borte, og han fortel om at den sterkaste sin rett no rår. Ei ytre skildring av vald og katastrofe hadde passa i ei heilt anna type bok. Denne boka er skriven på eit indre plan, med hint om ytre hendingar.
Viss Sundstøl kan mykje betre enn dette må han vere heilt i særklasse. Skal iallefall finne meir av han. Eg har lese ei anna bok av han som heiter Dag frå natt. Også den mykje på eit indre plan, og veldig bra, men eg levde meg enno meir inn i En hellig lund.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTor Arne DahlPiippokattaAlice NordliReidun SvensliKjell F TislevollSolTralteAnniken BjørnesConnie ThereseIngeborg Ganniken sandviksnurreAnne Berit GrønbechIreneleserHeidi HoltanTone HFindusBjørg Marit TinholtCarine OlsrødSolveigTor-Arne JensenIngunnJKarin  JensenTalmaTherese HolmJulie StensethsiljehusmorJoakimTone SundlandMonica  SkybakmoenHilde Merete GjessingPerSpelemannKjell PLars Johann MiljeHarald KHelge-Mikal HartvedtLinda LarsenAnette Christin MjøsÅsmund Ådnøy