Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom. Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon – inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet. Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta. I dette første finn vi Voluspå og Håvamål. Han har før m.a. gjeve ut kritikarroste gjendiktingar av islandske mellomalderkvad som ”Lilja” og ”Geisli”. Som lyrikar er han omsettt til 30 språk. VOLUSPÅ er den synske volvas visjonar av verdssoga, frå skapinga til verdas undergang – men med eit syn om ei ny og harmonisk verd. HÅVAMÅL er Odins tale: Her gjev han råd om mellommenneskeleg samkvem og høvisk framferd, men òg innsyn i den heidne tids mystikk, runekunst og trolldomsdikt. Vigdís Finnbogadóttir siterte ofte frå eddadikta i talane ho heldt som verdas første kvinnelege president: I forordet kjem ho m.a. inn på kvinnas plass både i gudeverda og som kulturformidlar i det førkristne samfunnet: Volva er den som ser og veit, og som åtvarar mot kaos og øydelegging av alt liv.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788202409562
EAN 9788202409562
Serie Edda-dikt (1)
Språk Nynorsk Flerspråklig Norrønt
Sider 230
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet er'kje så gildt
som godtfolk seier
å få i seg flust med øl.
For hugfestet minkar
di meir ein drikk
og vitet renn vekk.
Opp ser ho stiga
For andre gong
jord or hav,
atter grøn.
Fossar fell,
ørna flyg over,
ho som på fjellet
fisken veider.
Middels vis
bør mannen vera,
ikkje altfor klok.
Fagraste livet
lever den mannen
som måteleg mykje veit.