Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 51 til 60 av 190 sitater

Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

[Luk 8,16]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

'Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.'

[Luk 8,5-8]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som for tilgjeve lite, elskar lite.

[Luk 2,47]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt. Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.

[Luk 6,43-45]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje? Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

[Luk 6,41]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Han fortalde dei òg ei likning: 'Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta?'

[Luk 6,39]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Døm ikkje, så skal de ikkje dømmast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving. Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»

[Luk 6,37-38]

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekt han ikkje skjorta heller. Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att. Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

[Luk 6,29-31]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Han fortalde dei òg ei likning: 'Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.'

[Luk 5,36-39]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

Luk 4,24

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieKirsten LundLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn Sturød