Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 31 til 40 av 190 sitater

Der åtselet er, vil gribbane samlast.

[Luk 17,37]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

[Luk 16,13]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.

[Luk 16,10]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein mann hadde to søner. Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.

Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ Så braut han opp og gjekk heim til far sin.

Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.

Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på. ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’

[Luk 15,11-32]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’

[Luk 15,4-7]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Salt er ein god ting. Men mistar saltet òg si kraft, korleis kan ein då, korleis kan ein då gjera det salt att? Det duger verken i jord eller gjødsel, dei kastar det ut.

[Luk 14,34-35]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

«Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

[Luk 13,6-9]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og dn som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.

[Luk 12,48]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.

[Luk 12,34]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kven av dykk kan med all si uro leggja ein alen til si livslengd?

[Luk 12,25]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Harald KIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe SolbergIreneleserStig TKirsten LundNina J.B.PiippokattaGrete AastorpTone HHeidiRandiTor-Arne JensenHeidi HoltanMorten JensenVibekeAud Merete RambølRoger MartinsenAmanda AHanne Kvernmo RyeSynnøve H HoelEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågtuhamreMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikte