Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 41 til 50 av 190 sitater

«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’

[Luk 12,16-20]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.

[Luk 12,15]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

[Luk 11,33]

Godt sagt! (5) Varsle Svar

[M]en mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

[Luk 10,29-37]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For ein arbeidar er verd si løn.

[Luk 10,7]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.

[Luk 10,3]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.

[Luk 10,2]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lat dei døde gravleggja sine døde

[Luk 9,60]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.

[Luk 9,50]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne?

[Luk 9,25]

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Morten JensenVibekeAud Merete RambølRoger MartinsenAmanda AHanne Kvernmo RyeSynnøve H HoelEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågtuhamreMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingKirsten LundHarald KLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaTor-Arne JensenLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikteChristin SillibakkenTrude JensenLars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryMarteBerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn S