Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 30 sitater

Om det ikkje var håp, kvifor skulle ein skriva? Om det ikkje fanst ei framtid for menneska, og for meg blant dei, kvifor skulle eg bry meg med å forma ord ?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og var det einkvan som ikkje inviterte henne, men alle oss andre, fordi dei trudde det var umogeleg at ho ikkje kunne vera blant dei, då sende eg dei ei krass melding. Slikt kunne eg ikkje finna meg i. Og den som stod bak slikt måtte vera snill og justera sine haldningar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det finst tider i livet då ein skal seia farvel. Det finst fasar ein må gjennom. Ein knyter barnet til seg, men det vaksne mennesket skal gå sine eigne vegar. Den eldre skal sleppa taket, lata fuglen flyga. Den eldre må sjå når det han gjer for barnet er meir til skade enn til gang. For barnet er ikke barn lenger. barnet er noko anna, noko den eldre ikkje skal styra eller skapa. Ein skal ikkje skapa det skapte, ikkje streva med å forma det som har funne si form. Den eldre må vita når han skal gi opp.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No trong eg ikkje skriva. Lysta til å forma ord blie borte for meg. Kvifor forma ord når ein kunne laga menneske? Kvifor skriva sitt liv når ein kunne skapa det, forma det i kjøt og rom?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men dei orda eg ikkje sa, dei orda som dreia seg om livet med G, og om hennar lagnad, om hennar sorg, uhandgripeleg, vart også viska ut inne i meg. Dei orda som ikkje kom ut i lufta, og kunne høyrast av slekt og vener, dei døydde også inne i meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men om ein skriv om det mørkaste svarte, om ein fortel om dei djupaste sorger, dei smertelege tapa, den kjærleiken som slokna, den venen som er død, det barnet som aldri fekk veksa - det å skriva om det er å dyrka håpet. Alt det vonde kan lysa mot menneska, i skrift, og når det lyser i skrift, gjer det deira liv lettare. For skrift - dersom ho er god - ville ikkje finnast om det ikkje var ein utveg og ein ny morgon.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ein kan ikkje fortelja utan håp.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har respekt for fjellet. Det kan verka fredeleg, ufarleg, men så plutseleg spelar det opp, så ser ein vinden, musklane, snøen som dansar og kan bli til ein storm. Det store fjelldyret kan sluka deg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ho ler og spring, hoppar, leikar, følgjer oss så trygt og lett der me går, i sol, i skugge, men så spring ho brått frå oss, må røma, må koma seg vekk frå oss, og gråta, og rasa, og utvikla sitt hemmelege liv, det livet me aldri skjøna.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kva ville me vita av henne? Me ropte på henne når ho sat med ryggen til, men ho reagerte ikkje. Me gjekk bort til henne, stod like bak henne, slo hendene saman, ho merka det ikkje. Me klappa i hendene, såg på augo hennar som såg ein annan veg, studerte augo hennar som såg langt bort, inn i eit anna land, ho blinka ikkje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelKirsten LundPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol Skipnes