Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 30 sitater

"Det var saknet av henne eg elska no."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Herregud,eg var 60 år og visste ikkje noko om meg sjølv.Kva var mine sterke og dårlige sider? Korleis såg dei andre på meg? Kva hadde eg å gi? Kor mykje varme hadde eg for dei som kom ut for tap eller skade? Eg visste det ikkje."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Menneska kan koma til å gløyme siine beste eigenskapar, sine nedervde evner til å vera saman, til å sjå dei andre, tolka dei, løfta dei, elska dei. Menneska kan koma til å oversjå sine beste sider, sin intuisjon, si innlevingsevne, si subjektive vurderingsevne, dei kan koma til å tvila på sitt vesen, sitt kompliserte sanseapparat, og i staden kan dei koma til å tru på enkle løysinger, overdrivne tankar om kontroll og rasjonalitet, og om plan og evaluering.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det var ikkje ofte ho hadde fri. Det var ikkje ofte eg hadde fri heller. Det var viktig å gi kvarandre litt rom. Livet var stridt nok som det var, om ein ikkje skulle nekta kvarandre å leva.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Samvitet jagar oss som ein svolten ulv.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

[.....]..Slik er skrifta. Ho følgjer spor. Det finst spor i skrift som er viska ut andre stader. Det finst rester av det me såg, det me kjende, blant bokstavane.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sei dine tankar høgt, og dei blir sette på prøve. Stemma avslører deg.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Den som ikkje vil hamna på ei hylla, kan skriva. Den som ikkje vil bu i bås, kan skriva sitt liv om. Den som ikkje vil bli ferdig utvikla, fastgrodd, stiv, kan omdefinera seg sjøv i skrift. Han kan skapa seg sjølv om.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva gjer ein ikkje for sine born? Det var ei tid då eg kunne gjera kva som helst for G. Ho fylte livet mitt heilt. Til dømes var eg med på unnfanginga.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

[....],avstanden betyr ikkje noko når han stadig blir mindre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

FindusReidun SvensliHeidiHilde Merete GjessingEmil ChristiansenTine SundalPiippokattaKari ElisabethAnniken RøilIngvild SAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesKirsten LundFride LindsethMarit HøvdeG LskognymfenEllen E. MartolLailamarithcVannflaskeVibekeBjørn SturødSynnøve H HoelBjørg L.IreneleserKorianderBeathe SolbergMarit HåverstadIngunn SDolly DucksiljehusmorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudCarine OlsrødLene MHilde H HelsethKaramasov11Stein KippersundAnn Helen ETrude Jensen