Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
"Dødslekene": Det grufulle realityprogrammet Dødslekene bringer ungdommene Katniss og Peeta sammen. Tjuefire deltakere sendes ut på en enorm utendørs arena. I løpet av en sesong må deltakerne kjempe for livet. Den siste deltakeren som står levende igjen, vinner... Katniss og Peeta kjemper mot utspekulerte konkurrenter, mot sulten, kulden og mot følelsene de får for hverandre. "Opp i flammer": Med livet som innsats vant Katniss og Peeta fra det lutfattige Distrikt 12 Dødslekene - Det årlige, grufulle tv-programmet der den som står levende igjen, vinner. Men seieren ble deres ved å trosse det mektige maktsenteret Capitol, og det skjer ikke ustraffet...
Forlag Lydbokforlaget
Utgivelsesår 2010
ISBN13 9788242149435
EAN 9788242149435
Serier Digikort. Lydbok Dødslekene (1)
Genre Science fiction Dystopier Spenning
Språk Bokmål
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I nedtrekkslista under ”Finn bøker” finn ein lenke til ”Høy favorittprosent” dvs. dei bøkene som oftast er markerte som favorittar av brukarar av denne nettstaden. På toppen finn ein Dødslekene av Suzanne Collins. Dette gjorde meg litt nysgjerrig, så eg måtte googla litt for å få greie på meir om denne boka og forfattaren. Dystopisk ungdomslitteratur var ein sjanger som var heilt framand for meg. Gjennomsnittsalderen for bokelskere som har denne i hylla si, er nok låg. Kunne denne boka vera noko for meg, med mine 50 +?
Dødslekene er den fyrste boka i ein trilogi. Eg lånte digikortet med dei to fyrste bøkene på biblioteket, den nemnde Dødslekene og Opp i flammer. I skrivande stund er eg godt i gang med bok nummer to. Ulrikke Hansen Døvigen gjer ein grei jobb som opplesar av lydbokversjonen.
Handlinga i bøkene går føre seg i ei framtid der det samfunnet me i dag kjenner ikkje lenger eksisterer. Nasjonen «Panem» er eit totalitært samfunn som undertrykker befolkninga på alle tenkjelege måtar. I den høgteknologiske hovudstaden Capitol bur dei rike og dekadente herskarane av nasjonen, i dei kringliggjande fattige 12 distrikta lever befolkninga i naud og fattigdom. For å slå ned på eventuelle opprør i landet, arrangerer styresmaktene Dødslekene. I desse leikane vert 24 deltakarar valde ut, 2 ungdommar i alderen 12 – 18 frå kvart distrikt. Ungdommane skal delta i eit grotesk realityprogram; på ein gigantisk arena skal dei kjempe mot kvarandre og omgivnadene. Dei skal rett og slett drepe dei andre deltakarane og overleve sjølv. Den siste overlevande vinn, - og både vinnaren og distriktet vedkommande kjem frå, vert belønna. I drapsshowet kan arrangørane laga andre utfordringar og straffa eller belønna deltakarane. Alt går ”live” på TV og befolkninga pliktar å følgje med.
Hovudpersonen er 16-årige Katniss frå Distrikt 12, og handlinga vert fortald i presens eg-form. All drepinga og alt det forferdelege ungdommane må gjennomgå, vert fortalt gjennom Katniss. Eg grua meg til å lese den delen av boka som handlar om drepinga og nedslaktinga, men faktisk vert det fortalt på ein såpass nøktern måte slik at det ikkje vert så ubehageleg som frykta. Både Katniss og hennar ven frå Distrikt 12, Peeta, er moralske og ansvarsbevisste personar i eit samfunn som er heilt utan sympatiske trekk. Katniss og Peeta kjempar mot utspekulerte konkurrentar, mot sorg og smerte, mot svolt og kulde, - og må takle kjenslene dei får for kvarandre.
Boka kan samanliknast med Harry Potter-bøkene, sidan det her også handlar om det gode sin kamp mot det onde. Collins er ein god forteljar, slik som J. K. Rawlins er. Anbefalast for alle som er interesserte i ei god forteljing, i ungdomslitteratur og ungdomskultur. Her får du både samfunnssatire, spenning, mediakritikk og opprør, samt ein dose romantikk og trekantdrama.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket