Eit tilfeldig besøk på ein brukthandel resulterte i eit fullt nett med bøker - 19 stk - til NOK 40,00 Kjekt!
Er så heldig å ha i bokhylla mi 12 stk bøker av Charles Dickens. Dei er i brunt "skinn", med dekorasjon i "gull" - og arka er gulna av alder. Utgivne av Dreyers forlag i 1969. Har lese dei fleire gonger. Dette er bøker vi har sett stor pris på. I tillegg har eg to bøker av nyare dato.