Eg synes i bunn og grunn leselister er noko tull sidan eg til ein kvar tid berre leser det eg føler for å lese. Dette kan likevel vere problematisk sidan ein del bøker krever og fortene ein viss dedikasjon. For å få til ei litt meir strukturert lesing i tida fremover er derfor lesesirkel eit konstruktivt tiltak. I lesesirkelen har vi etter mykje innspel frå meg og lite innspelt frå den andre, verte einige i kva for nokre bøker som skal lesast. Desse bøkene er ei god blanding av litteratur av forfattarar frå heile verda, som vi trur vert koselege å lese.
Etter litt krangling vart vi einige i at det berre er dei 15 første bøkene som må lesast i år.
Denne lista er mest for min eigen del, for betre å halde oversikt over pensumet.
Etter 2 semester med alt for mange fag, og alt for lite kosleg litteratur, ser eg no frem til nokre deilige veke med strandhyggje og sommarlitteratur, og for å kome meg så langt unna pensumet som mogleg, vert det fantastisk (fantasy) litteratur som står på prioriteringslista.
Eg gler meg =)
Vert glad for kommentarar og fleire forslag ;)