Maria Magdalena har fanga interessa mi. Kven var ho eigentlig?
Etterkvart har eg funne fleire bøker om henne, både ved hjelp av nettet og biblioteket. (Er imponert over velviljen på biblioteket!!) Emnet er omfattande...... får kanskje aldri vite kven ho verkeleg var, sidan så mange har ytra så mange ulike teoriar.
Den einaste romanen eg har om Maria Magdalena. Har skrive bokomtale. Den medverka iallfall til at eg fekk lyst til å finne ut meir om Maria frå Magdala.
Las denne for ei god stund sidan. Er også medvirkande til at Maria Magdalena er verdt eit "studium". Oskar Skarsaune prøver å tilbakevise teoriane i denne boka.
Ein må iallfall bli imponert over innsatsen til Oskar Skarsaune. Han går gjennom kjelder...men, om eg blir så mykje klokare........
På baksida les eg: "Maria Magdalena er blant Bibelens mest sentrale kvinneskikkelser"........
Vidare seier vaskeseddelen at ho er ein av kvinneskikkelsane som hyppigast er framstilt i europeisk maleri og skulptur-kunst. Kyrkja innvilga henne ikkje helgenstatus før i 1969.
"I den andre delen følger vi Maria Magdalenas livsløp, fra hun som tolvåring blir forlovet med Jesus, til hun mange år senere forlater det hellige land med kurs mot Sør-Frankrike...."
Hm...