Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Avslutninga på storverket
Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.
I det tredje bandet av «Septologien» nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stilt måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til Galleri Beyer i Bjørgvin.
I tilbakeblikk fylgjer vi livet til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av å måla bort alle bileta som har fest seg i minnet hans. Asle og Ales flytter etter kvart frå byen til huset på Dylgja. Namnebroren gifter seg også, men bryllaupet hans endar med ei hulkande brur og eit vondt brot.
Asle har for fyrste gong sagt ja til å feira jul med Åsleik og syster hans, Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka, og dei byter på å stå til rors. Med seg har dei to målarstykke Guro skal få i julegåve. Heime hjå Guro angar det av røykt pinnekjøt.
Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.
Nominasjonar og prisar til Septologien:
Det andre namnet:
Langlista til Dublin Literary Award 2020
Langlista til The International Booker Prize 2020
Nominert til Kritikarprisen 2019
Nominert til Brageprisen 2019
Nominert til Stadsteaterns Internationella pris
Nynorsk litteraturpris 2019
Eg er ein annan:
Langlista til Dublin Literary Award 2021
Nominert til Kritikarprisen 2020
Eit nytt namn:
Langlista til Dublin Literary Award 2022
Kortlista til The international Booker Prize 2022
Finalist til National Book Award 2022
Kritikarprisen 2021
Brageprisen 2021
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788252196214
EAN 9788252196214
Serie Septologien (VI-VII)
Språk Nynorsk
Sider 330
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2021 Kritikerprisen. Voksen 2021
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Med alle gjentakingane, nærmast som refreng eller leietema?, er Septologien meir som eit langt dikt enn ein roman. Det er poesi. Og poesi treng ein ikkje å forstå heilt og fullt, det er steminga, kjenslene. Og det er havet, dauden og kjærleiken.
Tanker på tampen av et liv. Fin avslutning!
Boka er nok helt sikkert fantastisk, men jeg har ikke tålmodighet til slik sakte lesing som dennne boka krever.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketog eg tenkjer at det er få av dei som trur seg vera innanfor som er det, men mange av dei som er utanfor, dei er innanfor
Prinsessen får gave fra bokbransjen H. K. H. prinsesse Ingrid Alexandra fylte 18. år 21.01.22 «Bokbransjen har gått sammen om å gi prinsessen en dannelsesgave. Og hva er vel mer dannende enn en bokpakke? I et videointervju i regi av NRK svarer prinsessen på spørsmål fra andre ungdommer. En av ungdommene spør hva prinsessens nyttårsforsetter er. Prinsessen svarer: Å lese mer bok og være mer aktiv. Bokpakken består av et utvalg av de siste års vinnere av Brageprisen, Kritikerprisen, Bokhandlerprisen, Bokhandelens sakprosapris, Vesaasprisen, Rosettaprisen, Bastianprisen, Uprisen, Årets tegneserie og Arbeiderlitteraturprisen» (bok365.no, 21.01.22)