2012
Omtale fra forlaget
I nokre sommarveker ligg Oslogryta på kokepunktet og vinden er søkk borte. Pianostemmaren Henry Moan er godt vaksen og heile livet har han budd i den same bygarden i Thereses gate. Han har brukt talentet sitt til å gjere amatørar gode og til å la virtuosar skinne. Ein dag døyr sjefen og Henry innser at ein livslang draum om å bryte opp og flytte til Salzburg er innan rekkjevidde.
Han skal berre avvikle pianobutikken, besøke epleskrotten av ei mor, få greie på kva som eigentleg skjedde med Slampen, ta seg av undulaten Louis, bli sjukemeldt, unngå å verte forelska, bli friskmeldt, spreie sjefens oske utover Oslo, halde avtalen med Konserthuset varm, nippe til ein whisky av beste sort i Bar Noir, bli klok på Frk. Sanner og ikkje minst få seg ei god natts søvn på så lengje han kan hugse.
Sommar i Thereses gate er ein liten film frå Bislet, fylt av musikk. Sommar i Thereses gate er ein liten roman om dei som gjerne lev eit heilt liv utan å bli sett.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788202367862
EAN 9788202367862
Språk Nynorsk
Sider 166
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Etter å tilfeldigvis ha kome over novellesamlinga "Offa" frå 2008 tidlegare i år har eg gått og trippa og venta på denne romanen som kom i haust. Og den friske, vittige forteljarstilen frå novellesamlinga er til å kjenne att i "Sommar i Thereses Gate". Det er berre eitt problem; etter å ha kome drøyt halvvegs i boka innser eg at den er blotta for handling som engasjerer. På ein måte kan ein kanskje hevde at dette faktumet gjenspeglar livet til hovudpersonen i boka og derfor er naudsynt, men frå ein forfattar som på sin eigen internettside (http://www.ronniemaglarsen.no/) forklarer bakgrunnen for karriera med ein lovnad om at han aldri meir skal kjede seg burde det vere lov å håpe på ein innsats for at lesarane hans heller ikkje skal gjere det.
Sånn. Nok surmuling. Der er ein del bra også. Boka har eige lydspor, det er jo eit friskt og spanande tiltak. Men det eg hugsar best frå boka er eit knippe ordspel i toppklasse, som burde bli allemannseige på linje med "guten som ikkje kunne sykle for faren sat i styret" i mangel av betre eksempel.
Min favoritt frå boka:
"Om alt håp er ute, er det viktig å ikkje vere inne."
Håper forfattaren ikkje har brukt opp alle ordspela enno, men har spart nokre til neste bok. Eg kjem sikkert til å lese den også.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketOm alt håp er ute, er det viktig å ikkje vere inne
I heisen på veg ned til utgangen hang det eit skilt. Dr. Haugsbø, "Open grunna sjukdom".