2019
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring. «Therese Tungen høstet lovord for sin første novellesamling. Med Kjærleik og det som liknar befester hun sin posisjon.» Turid Barth Pettersen, Vårt Land «Therese Tungens noveller er lange og langsame, men held på nerven tvers gjennom. Novellene har klassiske kvalitetar, med konkrete situasjonar som opnar for innsikt i mellommenneskelege eller eksistensielle forhold. ... Tungen skriv svært stødig og sjølvsikkert, med tiltru til eigne evner og eit uredd forhold til tradisjonen. Det er eit finstemt nærvær og eit bevegande alvor i Tungens noveller. Dei er nære, men ikkje klamme, og stilsikre utan å bli glatte. ... Therese Tungen må ha late seg påvirke av Alice Munro.» Eivind Myklebust, Klassekampen «Therese Tungen tek nok eit steg opp frå ei god debutsamling.» Vidar Kvalshaug, Bok365 (Terningkast 5) «Therese Tungen har igjen levert en godt gjennomført novellesamling som engasjerer og berører.» Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5) «Therese Tungen tar tak i alle de mer eller mindre dramatiske øyeblikkene og setter dem sammen til helt fabelaktige noveller. (...) Det er et sjeldent sug i Tungens noveller som drar deg inn i levd liv.» Karoline Henanger, Vinduet «Allereie frå første avsnitt blei eg dratt inn i handlinga. (...) Historiene er spennande, og ein kan utan vanskar identifisere seg med personane og liva deira. Therese Tungen sin prosa har høg kvalitet. Bak ligg godt arbeid.» Per Ivar Henriksbø, Gudbrandsdølen Dagningen
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788203364846
EAN 9788203364846
Språk Nynorsk
Sider 333
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket