2013
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
"Om talekunst", "De Oratore", er eit meisterverk innan latinsk prosa. Med denne utgåva finst det endeleg komplett på norsk. "Om talekunst" består av tre bøker, og vart til ikring året 55, på ei tid da Cicero var tvinga til å dra seg ut av det politiske livet. Dei er skrivne som samtalar eller dialogar, "slik Aristoteles brukte å gjera det", skriv han i eit brev. Eit av dei sentrale tema Cicero tek opp, er om brei filosofisk og litterær danning er eit naudsynt vilkår i ein opplyst offentleg tale. Er talaren ein spesialist på faget kommunikasjon på same måten som ein bonde har forstand på landbruk og skodespelarar duger til å gje eit drama liv på scenen? Eller bør han vera ein forstandig kar som i tillegg til talegavene sine har store kunnskapar på alle felt og mykje praktisk skjøn, og som difor kan snakka klokt og utførleg om dei fleste saker, i eit fagert og hoveleg språk? Talekunst handlar om å overtyde, om korleis ein tale bør byggjast opp, om val av ord og stilnivå og om ei god framføring. Men ingen kan vere ein god talar, seier Cicero, utan at han er eit anstendig menneske - talaren må vera truverdig om folk skal festa lit til han.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788203218002
EAN 9788203218002
Omtalt tid Antikken
Språk Nynorsk
Sider 315
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketOm ein talar derimot blir kritisert for ein feil, meiner ein den kjem av dumskap. Og for dumskap finst det inga orsaking, for at einkvan har vore dum, blir ikkje orsaka med at han hadde 'vondt i magen' eller at han 'var i det lunet'. Som talarar må vi tola ein hardare dom. Kvar gong vi tek ordet, blir vi dømde. Ein held ikkje nokon for ukunnig i scenekunst sjølv om han ein gong har gjort feil, men ein talar som har vorte kritisert, han held ein for tungnæm, anten for evig og alltid, eller i alle høve for ei lang tid.
For kva song kan finnast som er meir hugnadleg enn ein tale framført sømeleg og utan overdriving? Kva for dikt synest meir velbygd enn ei kunstfullt avrunda setningsrekkje? Kva for skodespelar verkar meir hugnadsam når han framstiller sanninga, enn ein talar gjer når han hevdar henne? Kva er meir smakfullt enn råkande fyndord som fylgjer på rekkje og rad? Kva ovundrar vi meir enn det å kasta lys over ei sak med glitrande ordlegging? Kva er meir fullenda enn ein tale der alle ting er gjevne att i fullt mål? For det finst ingenting som ikkje er eit emne for talaren, så framt det då fortener å uttrykkjast fagert og kraftfullt.