Vi er treblåsarar, lokka av ting vi ikkje står imot. Det er naki og nytt overalt. Eit berg står i rennande vatn. Det står som ei still lyft øks ut i lufta og kløyver tidene for oss, så vi kan nå fort nok fram. Vi er venta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lovnaden var eit strengt feste, hardt, men til å stå på. Når det er borte, veit ein ikkje plassen sin. Når det luktar rart i vår-kveldinga veit ein aller minst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det sterke mars-solskinet stod rett på henne, så ho var innkransa av glim og lys. Alle slags lysande skråstrek og bjelkar, underlege roser, isroser og is-stas. Prydd som til den største fest.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fuglen skar dei øyde viddene opp i strimlar og spiralar, og var døden. Levde det likevel nokon nede mellom buskane eller trea, så gjekk det eit lyn frå auget og ei skråstripe skar ned. Etterpå var her endå færre liv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det stengde is-slottet har liv. Dei har sjølve lånt det livet. Lys og liv til den døde isblokken, og til den stumme tida etter midnatt. Før dei kom, stod fossen og dura trøysteslaust i blinde, og iskolossen var berre den ferdige stumme døden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vintersola hadde omsider komi så høgt at ho slapp ned til is-palasset. Den seine, kalde sola hadde likevel mykje av si kraft. Strålane gjekk gjennom tjukke isvegger og vinklar og brester, og braut lyset i underfulle mønster og fargar, så det trøysteslause romet dansa. Istappane ned frå taket og dei som vaks oppover ifrå golvet, og sjølve dropane og alt dansa med i dette lyshavet som braut inn. Medan dropane glimta og storkna og glimta og storkna, og gjorde for kvar gong det vesle romet ein drope mindre. Det skulle fyllast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ho var midt i ein forsteina skog. Is-skog. Vatnet som hadde sprute her ei tid, hadde laga stammer og greiner av is, og små-tre stakk opp or botnen mellom dei større. Her var óg ting som ikkje kunne kallast anten det eine eller det andre - men det høyrde til på ein slik stad, og ein fekk ta alt som høyre til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var eit trolldoms-slott. Her måtte ein prøve å koma inn såsant der fanst inngang! Der var sikkert fullt av rare gangar og portar - og inn der måtte ein.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei raude putande leppene dine, nei det er mine, så likt, så likt! Håret på same måten, og glimt og strålar. Det er oss! Vi kan ikkje gjera noko med det, det er som frå ei anna verd. Biletet byrjar å svive, flyt ut til kantane, samlar seg, nei samlar seg ikkje. Det er ein munn som smiler. Ein munn frå ei anna verd. Nei det er ikkje noko smil, det er noko ingen veit - det er berre oppspana augevipper over glimt og strålar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stjerner, men ingen måne, og ingen snø til å å laga lysskimmer - så mørkret vart tett, trass i stjernene. På sidene var det dødsstill skog - med alt som måtte leva og fryse der inne i denne stund.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er en klar dag, tidlig ettermiddag med et varmt lys som faller skrått over snøen. Det er vindstille, og jeg kan se røyken fra skorsteinene på husene nede i bygda. Myke, grå blyantstreker mot den intenst blå himmelen, hvor kvelden som er på vei allerede, gjør fargen dypere for hvert minutt. Også dette er en gave fra deg til meg. Evnen til å nyte utsikten. Til å se skjønnheten. Og det er så umåtelig vakkert.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjærligheten kan ikke måles. Den kan ikke bli telt i år, minutter eller sekunder, veid i gram eller kilo. Den kan ikke kvantifiseres på noen måte. Den kan heller ikke sammenlignes, den ene med den andre. Den bare er. Det korteste streif av ekte kjærlighet kan gi næring til et helt liv. Det må vi alltid huske.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hun spilte det om og om igjen og ba meg høre nøye etter, for hun sa at musikken inneholdt all skjønnheten i hele verden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg ble umiddelbart hensatt til en verden med klarere farger, mer intense smaker og lukter. Og en stund trodde jeg det tilhørte meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var som om fortellingen var et skjørt spindelvev, og hun måtte passe fryktelig godt på så hun ikke rev over tråden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

«Det finnes ingen hemmeligheter her. Alle vet alt om alle. Det tror de i hvert fall. Hemmeligheter må voktes godt, og prisen er høy.» Hun åpnet øynene og myste mot solen. «Ensomhet. Prisen er ensomhet.»

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hun la ingen planer for fremtiden. Hagen var gått i frø, huset holdt på å falle sammen. Hun visste at malingen flasset, at det var en sprekk i skorsteinen. En døende bygning, som huset en døende kropp.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Landskapet foran henne virket urgammelt, avrundede fjell polert av is og vind, langsomt flytende elver og stille tjern. Det var et gjerrig landskap som krevde hardt arbeid for å bære frukt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Luften var tørr og kald, og pusten hennes forlot munnen som små skydotter av hvit damp som løste seg opp i natten. Himmelen var en svart evighet uten stjerner eller måne. Det føltes som om hun hadde falt gjennom en tunnel og landet i en verden av absolutt stillhet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva er det som får oss til å bruke time etter time på å formulera diktlinjer med bokstavar og ord? Sikkert mange ulike ting, men noko av det er vel dette eventyret av å kunna utføra tryllekunstar og språklege saltomortalar som gjev ein ei kitling i magen. Det kan gje arbeidsmessig tilfredsstilling å skriva sakprosa også, men når ein får til ei diktlinje eller to som får noko til å opna seg, kanskje ved å visa eit mørkt gap under eller ein fargesprakande himmel over, så gjev det ei skaparglede som ein vil oppsøkja på ny og på ny når ein først har vorte kjent med ho.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kari FredriksenTheaNorahHelena ETrygve JakobsenDemeterIngunnHarald KAmanda AMarianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaHeidi LTone Maria JonassenEster S