Skriver ei kort lita omtale, rett og slett fordi det ikkje står noko om denne boka her frå før, og fordi dette er ei bok eg trur mange ville like å lese. "Like" i hermeteikn - det er ei vond bok som vekker ein masse kjensler - sorg, vantro, sinne - hos lesaren. Ei viktig bok også - som setter lys på høgst reelle livssituasjonar folk flest aldri trenger tenke på.
Eg fekk nokre assossiasjonar til Krystallslottet av Jeanett Wells, men dette er ingen kopi, det er ei unik historie. Om du likte Krystallslottet, vil du nok også like denne. LES! OG LÆR
Boka handlar om Tara som vekst opp i ein spesiell familie. Forutan den strenge religionen, Mormonisme, har ho ein svært eksentrisk far, sannsynlegvis sjuk i form av ein biploar lidning. Ho blir hindra frå å gå på skulen, ho har ingen fødselsattest (innen familien er dei ikkje ein gong einige om kva dag som er fødselsdagen hennar, dei veit berre at det er på hausten ein gong!), ho arbeider for faren i utrygge omgivningar, ho blir banka og mishandla av ein bror, ho blir på sett og vis hjernevaska - legar er farlege, utdanna menneske er løgnarar og bedragarar som er hjernevaska av myndigheitene, myndigheitene er ute etter å ta dei, osv osv...
Tara klarar imidlertid - som syttenåring - å få ein fot ut av heimen og inn i det offentlege då ho bestemmer seg for å utdanne seg. EIN FOT riktig nok ... for ho blir dratt og dytta og halt i, inn o ut av to ulike liv, driven av frykt og lojalitet til familien, samstundes som ho merker at det finst noko meir, at ho ønskjer seg noko anna. Men å gje opp si eiga slekt, trass i alt dei har utsett ho før ...
Oppsiktsvekkande, djupt, sårt ... dette er ein spesiell historie, som dessverre ikkje er unik. LES!