Omtale fra forlaget
Alle stader i verda finst det forelska par. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bløygen er ein liten stad med tretten innbyggjarar i alt, med lyktestolpe og rosebed, kommunestyre og blandakor. Då verdsmeisterskapen i pludring og romantikk blei lyst ut, bestemte kommunestyret at Bidger og Esmiluni skulle meldast på og at dei siste slantane i kommunekassa skulle brukast på dei for å gjera bygda kjend. Men i Bløygen budde òg Bjørn Disel. Han hadde ein stor draum i verda: At det var han som skulle bli kjærast med Esmiluni. Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. No har han dikta ei vedunderleg forteljing for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling.
Forlag Cappelen
Utgivelsesår 2006
Format CD
ISBN13 9788202265564
EAN 9788202265564
Serie Bl√∏ygen (1)
Språk Nynorsk
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Kritikerprisen. Barn og ungdom 2001
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketListe for å halde orden på bøkar eg vil anbefale barn å lese :) Spesielt tenker eg på lillesøstera mi på ti år. Også skal eg bli grunnskolelærar, gleder meg til å lese med borna på skulen!