Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande året på rad då han vert merksam på ei ung kvinne som har eit kjærleiksforhold til presten Paul Winther, ein annan lesesalslitar. Møtet med desse to gjer at Holck sjølv blir trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Dette fører han bl.a. til ei øy på Vestlandet og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodelspelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romanar av Hoem.
Omtale fra forlaget
Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande år på rad idet han ein vår-dag får augo opp for ei ung kvinne som kjem inn på lesesalen. Slik vert han òg merksam på ein av dei andre lesesalsslitarane, presten Paul Winther, og han vert eit vitne til ein del av kjærleikshistorien mellom kvinna og presten. Samtundes gjer møtet med dei at Holck sjølv vert trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Det fører han blant anna frå hovedstaden til ei øy på Vestlandet, og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodespelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romanar av Edvard Hoem.
"Tid for klage, tid for dans" er ein bred og frodig samtidskrønike, med plass til refleksjonar kring teologiske og filosofiske spørsmål, såvel som til naturskildringar og dramatiske opptrinn og skifte. Werner Holck er kronikøren som ser livets spel, anten det er i historia, blant menneska rundt seg eller på teaterscenen der Beckett får siste ord i denne romanen, som kan hende er blant dei beste Edvard Hoem har skrive.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 1998
Format Innbundet
ISBN13 9788270948222
EAN 9788270948222
Språk Nynorsk
Sider 398
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Den godeste Hoem skriver så fint - det er som å bli båret på en rolig bølge gjennom boken. Men hva var egentlig historien? Ihvertfall gode skildringer om våre omskiftelige sinnelag.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket87 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket