Omtale fra forlaget
Tradisjonell språkhistorie er i denne læreboka sett saman med tekstanalytiske og didaktiske perspektiv. Tekstdøma står i sentrum og illustrerer endring og variasjon så vel i tid som i geografisk og sosialt rom. Boka fell i to delar, der første delen er eit språkhistorisk lengdesnitt, medan andre delen går nærmare inn på ulike språklege tema. Fleire aspekt er representerte: bøyingsformer og lydverk, tale og skrift, sakprosasjangrar og læreplanar, personnamn og stadnamn. Den nye utgåva er oppdatert etter den nye rettskrivingsnormen for nynorsk. Boka er primært skriven for lærarstudentar som tar fordjupingseining i norsk, men er òg aktuell for bachelorstudentar og norsklærarar. Hildegunn Otnes er førsteamanuensis ved PLU, NTNU, og Bente Aamotsbakken er professor ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Vestfold. Dei har undervist på mange nivå i skoleverket, og har gitt ut ei rekkje bøker som blir nytta i høgare utdanningsinstitusjonar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2012
Format Heftet
ISBN13 9788252182415
EAN 9788252182415
Språk Nynorsk
Sider 279
Utgave 4
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Etter at Det Norske Arbeiderparti kom inn på Stortinget i 1903, kunne ein kanskje tru at dette partiet ville ta eit klart standpunkt i desse sakene, men partiet engasjerte seg heller lite i språksaker. Argumentasjonen gjekk på at den var likegyldig om ein skreiv gryta eller gryten, det viktige var om ein hadde noko å ha i gryta.
12 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket