Omtale fra forlaget
Versto skriv om forholdet mellom kjønna. Vi kjenner ikkje Den andre fullt ut fordi vi ikkje kjenner oss sjølv fullt ut. Og omvendt. Difor brukar han relasjonen mellom mann og kvinne som er ein heilt grunnleggjande relasjon i tilværet for dei fleste av oss til å undersøkje det relasjonelle generelt sett. Boka kan lesast som ei samling enkeltdikt. Samstundes spring den rytmiske, repeterande forma i redigeringa av dikta ut frå eit syn på boka som eit heilskapleg verk. Der er altså ein relasjon mellom dei enkelte delar og heilskapen ¿ i samsvar med det som er bokas innhaldsmessige tema. Dette er sjølvsagt ein freistnad på å la form spegle «innhald» på ein måte som kan aktivere lesarens eigen poetiske sans.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788203360558
EAN 9788203360558
Språk Nynorsk
Sider 67
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEit fugletrekk lettar
gjennom trehundre og åtte barndomar, trykk frå venger
jamnar ut andleta.
Cellisten reiser seg; kyrkjebenkane er eit roleg bølgande
landskap, ein åker
i vind.
No kan alle sjå det: regnet i Getsemane,
dei gjennomlyste dropane
på panna hans.