Raudt støv

Bok 1

roman

av (forfatter).

Samlaget 2023 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 3.50 (6 terningkast.)

21 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris!

Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank.

Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong.

Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2023

Format Innbundet

ISBN13 9788234006920

EAN 9788234006920

Serie Raudt støv (1)

Omtalt tid 2060-2069

Omtalt sted Australia Malaysia

Språk Nynorsk

Sider 279

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 2 2 1 0

Bokomtaler

Kvæven skriv framleis poetisk og god nynorsk. Han skildrar vekselvis frå dyre- og naturperspektiv, og frå den tilsynelatande meiningslause krigen som har vart så lenge at det er uklart korleis det heile begynte, og i alt dette eit tredje perspektiv, menneska som lengtar, prøvar å halde på det som gjer dei til menneske, drøymer om det som ein gong gjorde dei lukkelege. Boka er driven av ei ytre handling, persongalleriet er stort, kanskje fordi mange må nemnast slik at mange kan døy, og eg er klar over at denne fyrste delen gjerne måtte vere slik, for å legge grunnen for del 2 som skal kome. Las ho ut på nokre få dagar, fordi ho var spanande, lettlest og djup.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Den soldaten som kjempar for å verna det umistelege, vil inst inne vita at også fiendens menn og kvinner er som han sjølv. Ikkje dermed sagt at dei Ikkje må drepast og nedkjempast. Alternativet er verre. Men så lenge den han ser, på den andre sida av ingenmannslandet, er eit verdig menneske, vil ein også sjølv ha verdi. Mens den som blir dregen nedover, til berre det umenneskelege i fienden finst igjen, vil over tid tapa omtanken også for dei han skal verna. Deretter seg sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Londonreglene" av Mick Herron
  • "Den andre søvnen" av Robert Harris
  • "Kaninburet" av Tess Gunty
  • "Agentene" av Mick Herron
  • "Clinch" av Martin Holmén
  • "Boken for glemte ord" av Pip Williams
  • "Statsråden kommer - roman" av Birger Emanuelsen
  • "Merking" av Fríða Ísberg
  • "Sanger om våpen" av Jennifer Clement
  • "Døde løver" av Mick Herron
  • "Lazarus - roman" av Kjell Ola Dahl
  • "Snøleoparden" av Grethe Bøe
Alle bokanbefalinger for dette verket