Omtale fra forlaget
Kva skjer i den nyaste litteraturen?
Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattarane om, og korleis?
For ti år sidan kom den første Røff guide til samtidslitteraturen. Marta Norheim har granska kva som har skjedd sidan den gong. Ti år er ikkje lenge, men overraskande nok fann Norheim ut at bøkene har andre tematikkar i dag. I dag blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller kvinner. Den nye litteraturen handlar om alt, med nokre interessante unntak, meiner Norheim.
Boka er for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så vel som fagfolk.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788252194197
EAN 9788252194197
Omtalt tid 2000-2009 2010-2019
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 395
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket