Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka er meint som eit bidrag til begrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn, og samtidig ein politisk pamflett som utfordrar dominerande oppfatningar om kva det seie å vere norsk og moderne. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Kva er det vi bør feire i 2014, ved tohundreårsjubileet for 1814? Kven er vi, og korleis vart vi det? Kva inneber det å vere medborgar i dette samfunnet? Kva vil det seie å vere norsk og moderne? Og kva inneber dét for integrering og deltaking i eit moderne norsk samfunn? Denne teksten er eit bidrag til begrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn, og samtidig ein politisk pamflett som utfordrar dominerande oppfatningar om kva det er å vere norsk og moderne. I Gunnar Skirbekks bok framstår dei norske moderniseringsprosessane annleis og som meir spennande enn mange trur - i utgangspunktet som noko å vere stolt over, men og problematiske og utfordrande. Skirbekk fortel vår historie som ein stadig pågåande motsetnad mellom embetsmannselitar og folkelege rørsler. Gunnar Skirbekk er internasjonalt eina va våre mest kjende nolevande filosofar. Han var assistent for Herbert Marcuse i California, har samarbeidd med Jürgen Habermas og Karl-Otto Apel, og har alltid vore internasjonalt utadretta. Hans mange bøker og artikler er omsette til over tjue språk, inkludert kinesisk, islandsk og usbekisk. I denne boka vender han blikket heimover, og gir sitt bidrag til diskusjonen om kva det vil seie å vere norsk.
Forlag Res publica
Utgivelsesår 2010
Format Heftet
ISBN13 9788282260190
EAN 9788282260190
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 252
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket5 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket