Omtale fra forlaget
Bandet dekkjer perioden frå ca. 800 og fram til reformasjonen. I tillegg til politisk og økonomisk utvikling legg forfattarane vekt på vanlege folks levekår og sosiale og religiøse forhold. Det overordna grepet er korleis maktforholda endra seg og korleis dette påverka dagleglivet. Her var det ei utvikling frå rivaliserande høvdingar i vikingtida til ei sentralisert kongemakt og kyrkje på 1200-talet. Leiglendingsvesenet vart meir utbreidd, og kyrkja sin framvekst og lære endra folks oppfatning av livet og døden. Etter folketap og agrarkrise i seinmellomalderen glir Noreg inn i dynastiske unionar som endar med lydrikestatus og reformasjon.
Den nye utgåva er betydeleg revidert, men nyare forsking og med sentrale forskingsdebattar integrert i framstillinga.
Jon Vidar Sigurdsson er professor i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo.
Anne Irene Riisøy er professor i samfunnsfag ved Universitetet i Sørøst-Norge, avdeling for lærarutdanning.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2022
Format E-bok
ISBN13 9788234008399
EAN 9788234008399
Serie Norsk historie frå vikingtid til vår tid (1)
Omtalt tid Eldre tid 1500-tallet
Språk Nynorsk
Sider 334
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket11 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket