Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka handlar om naturen og landskapet i Hordaland. Ho har temakapittel som inneheld fordjupningsstoff om naturfaglege tema om fylket og ein kommunedel som tar for seg botanikk, geologi, zoologi og meteorologi. Har ordliste og kjelde-, namne- og emneregister.
Omtale fra forlaget
Eit omfattande bokverk om fylket si naturhistorie . ei tvillingbok til Kulturhistorisk vegbok, Hordaland.
Ei storsatsing på formidling av kunnskapen om naturressursar og naturkvalitetar i fylket - ei reise ut i landskapet og inn i kunnskapen!
Å sjå landskapet med geologen, botanikaren, zoologen og meteorologen sine blikk er for mange av oss ei ny naturoppleving . ei oppdagingsferd i makro- og mikro-universet, ei utforsking av naturen omkring oss. I denne boka vil du finna stoff om steinkonglomerat som ligg slik steinane vart avsett for millionar av år sidan, om kleberstein og hellebrot, om mellomalderlege blomeenger og varmekjære vokstrar i lune lier og yrande fugleliv på våtmarker og tidevassflater; ei bok til nytte og glede for skule og friluftsliv, for reiselivet, for næringslivet og for oss alle.
Forlag Bergen museum Nord 4 bokverksted
Utgivelsesår 2004
Format Innbundet
ISBN13 9788273260611
EAN 9788273260611
Omtalt sted Hordaland
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 567
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket