Omtale fra forlaget
Kva driv daglegvarekjedane med?
Nordmenn handlar mat ofte og ukritisk. Tre av fire husstandar handlar fleire gonger i veka. Trur du at du sjølv bestemmer kva som hamnar i handlekorga di, kva du skal ha til middag? Denne boka får deg til å tru om att.
Før vi får sjansen til å velje noko som helst, er ei rekkje val allereie tekne. Og ikkje alle er tekne med ditt og mitt beste som føresetnad. På ein heilt vanleg tur gjennom ein heilt vanleg daglegvarebutikk syner Siri Helle korleis vala vi gjer på handleturen er styrte frå inngangsdøra til kassa.
Noreg har den mest konsentrerte daglegvaremarknaden i Europa. Tre daglegvarekjeder leverer nittifem prosent av maten vi et, og makta til daglegvarekjedene gjeld ikkje berre mellom reolane. Daglegvarekjedene styrer alt frå småbyestetikk og pizzakjeder til dyrevelferd i hønsehuset.
Alle må handle mat. Vi klarer oss ikkje utan mat, og har ikkje anna val enn å handle hos ein av dei tre kjedene. Det er på tide å finne ut av kva dei eigentleg driv med.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format E-bok
ISBN13 9788252197358
EAN 9788252197358
Serie Norsk røyndom
Språk Nynorsk
Sider 69
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Vi blir med forfatteren på handletur i dagligvarebutikken. At vareplassering ikke er tilfeldig, har vi hørt før, men her får vi en god innføring i hvordan og hvorfor.
Norge har også et veldig konsentrert dagligvaremarked; faktisk på topp i Europa. Kun 3 store kjeder «bestemmer» hva vi skal kjøpe/spise.
Ei lita flis av ei bok, men full av interessant innhold. Her har noen hver litt å lære.
Septemberboka i utfordringen til Trondheim leser der det er FNs bærekraftsmål 12 ansvarlig forbruk og produksjon som er tema.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket35 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket