Omtale fra forlaget
«Dette er ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane.» Lothepus.
Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til.
Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni?
Journalist og forfattar Finn Tokvam har hatt mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar. Lothepus fortel om den gongen han flykta frå politiet med hest, om kunsten å ri i fylla, og om då han var på reinjakt på vidda og leigde sjøfly for å gå på pub i Bergen. Han fortel også om kva det gjorde med han at han mista veslebror sin, Stian, i ung alder.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788252194708
EAN 9788252194708
Omtalt person Leif Einar Lothe
Språk Nynorsk
Sider 182
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Bok om det meste, i artig språk, på nynorsk, av kjendis.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket