Livshus

av (forfatter).

Aschehoug 1995 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.17 (12 terningkast.)

85 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Lyrikksamling utgitt post mortem.

Omtale fra forlaget

Lyrikksamling utgitt post mortem.

Bokdetaljer

Forlag Aschehoug

Utgivelsesår 1995

Format Innbundet

ISBN13 9788203175954

EAN 9788203175954

Språk Nynorsk

Sider 72

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

5 4 3 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Klarast i minnet står tider og stunder da ein heilt og fullt kjende ein var til.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sannferdig soge

Til skogs aleine etter molte.
Berre så vidt eg fekk lov.
Men her var eg no da, og jammen
gjekk eg rett på ei stor myr,
gyllen av moden molte.

Sette ned seksliterspannet til å tømme i
og gav meg til å plukke i literspannet.
Dette gjekk sanneleg bra.
Det er moro å vere aleine i skogen
og moro å plukke slike fine bær
når det er så nok av dei som her.

Vart nok litt lei av det etter kvart,
men dreiv på til seksliterspannet var fullt
og tok enda ein runde med literspannet.
Sola var i ferd med å gla.
Tenk å komme heim med sju liter molte!
Kva kom dei til å seie da?

Men var var seksliterspannet?
Søkk borte. Eg leitte og leitte.
Grein litt, men kva hjelpte det.
Måtte berre tusle meg heim.
Dei tok vel til å bli redde for meg no,
og skogen blir så annleis når sola går ned.

Kom heim med ein liter molte.
Fortalde om det store spannet,
såg at soga ikkje heilt vart trudd.
Men den store hjelparen i all slags nød,
han goffa, var på pletten. Han sa:
"I morgon tidleg går du og eg til skogs
og ser etter spannet.
Vi finn det sikkert når vi er to.
Få deg litt at og gå og legg deg no."

Neste morgon labba vi til skogs.
Og trur du ikkje at vi fann spannet.
Rettnok berre godt og vel halvfullt no,
men alle veit da korleis moden olte
sig saman i eit spann.
Det var berre skryt å få
da eg sette spannet på benken heime
og ropte i triumf: "Sjå!"

Og smilen hans goffa var så blank,
og eg såg
at stod å triumferte så smått, han òg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

GOFFA

(John Svendsen Moren 1845 - 1923)

Det var berre vi som hadde ein goffa.
Andre hadde ein bessfar eller to.
Fordi han var aleine om det namnet
brukte dei andre det òg på han.
Det var like gjerne ein av dei som sa:
"Kom, no går vi inn åt'n goffa."

Han var kårkall.
Avsett? Til overs? I vegen?
Ein gretten gubbe som erga seg
over alt ungfolket gjorde?

Å nei. Ikkje han.
Han var i sving tidleg og seint,
lett på foten, lett i skrotten,
med gløgge auge og mangkunnige hender.
Alt ikring seg visste han å nytte ut.
Kunne alle slags gamle teknikkar,
lærte seg nye.

Eg minnast mørke haustkveldar
då han brende trekol og tjøre
i ei mile i skogkanten.
Mystisk prosess, nesten uhyggeleg.
Mystisk og nesten uhyggeleg
var han sjølv òg da.
Det hende ein av oss ropte på han
for å forvisse seg om
at den svarte kolbrennaren
verkeleg var han.

Og svart stod han i smia
og greip med lange tenger
ut av essa glødande jernstykke
og andre bruksting.
Kjapt klang slegga mot steet.
Blåsebelgen pusta tungt, tuhungt.

Oppved Hundselåa hadde han
sagbruk og mølle.
På saga fekk vi ikkje vere med.
I mølla var vi velkomne.
Når han tråkka rundt der
var han kvit, pudra av mjøl
over heile seg,
og reint særskilt blid.
Mølla var da òg ein triveleg stad:
varme, mjøllukt, logn kvernsteinstur
og han.

I stormyra nordanfor jordet
spadde han og gjengen hans opp torv
til tørking og maling.
Han dreiv i stor stil.
Hadde forretningskonvoluttar, ja da,
påtrykt: "Moren Sag, Mølle & Torvstrøfabrik".

Heime i kårhuset
hadde han innreidd snekkarverkstad.
Triveleg stad, det òg:
dreiehjul, høvlar, hoggjern,
lukt av varmt lim og fersk høvelflis.
Der reaprerte han ting og laga nye,
så som finurlege leiker til oss,
og små river og ljåar, prydde
med utskorne og måla krusedullar
som gjorde dei meir freistande å bruke.

Jeger og fiskar som han var
tok han oss med på ekspedisjonar
som kunne bli så spennande
at han forbaud oss å fortelje heime
kva som nærepå hadde hendt.

I skreddtartimen ville han gjerne kvile.
Men ofte var det nettopp da
at vi som leika fann ut
at no ville vi inn åt'n goffa.
Vi han rundt gyngestolen hans:

"Fortel, goffa!
Fortel om da du var liten.
Fortel bjønnhistorier.
Fortel om a Tore med rompa!"

Alltid var han til stades
for oss onga.
Og alltid til stades, med heile seg,
i sine mangfaldige gjeremål.
Han levde i ei tid
som var den rette for han.
Eg trur han var ein lykkeleg mann.


Han døde da eg var seksten.
I den alderen ser ein lite
etter dei ein har bak seg i tida.
Og i alle skiftande tider sidan
har eg vel tenkt på han
berre som snarast når eg rørte ved
ein og annan fin ting eg har
frå hans lette, sikre hand.

Men her eg er no
veit eg han har vore
ein grunnvoll under heile livet,
og han kjennest så nær
som det var like før eg sjølv
eller ein annan onge sa:
"No går vi inn åt'n goffa."

Det er godt at mine etterkommarar
er i slikt med han

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

oppsummering. kjempemorsomt!


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Vandre med vers" av Halldis Moren Vesaas
  • "Ein blomstervang for din fot - norske kjærleiksdikt i utval" av Halldis Moren Vesaas
  • "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas
  • "En går seg selv så lett av minne - dikt om kjærlighet" av Lise Fjeldstad
  • "Så nær deg" av Halldis Moren Vesaas
  • "I Midtbøs bakkar - minner frå eit samliv" av Halldis Moren Vesaas
  • "Kjærlighetsdikt - dikt. Bilder" av Stein Mehren
  • "Liv og dikt i lag - dikt og prosa" av Halldis Moren Vesaas
  • "Dikt i samling" av Tarjei Vesaas
  • "Dikt i samling" av Halldis Moren Vesaas
  • "Lyden av leselykke - en bokelskers bekjennelser" av Anne Fadiman
  • "I et rom i et hus i en have" av Finn Carling
Alle bokanbefalinger for dette verket