Klyngetunet

den norske landsbyen

av (forfatter) og Oddleiv Apneseth (foto).

Skald 2018 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (2 terningkast.)

8 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren «Norges låver». På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk.

Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap.

I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna.

Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.

Bokdetaljer

Forlag Skald

Utgivelsesår 2018

Format Innbundet

ISBN13 9788279592686

EAN 9788279592686

Språk Nynorsk

Sider 444

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Et land på fire hjul - hvordan bilen erobret Norge" av Ulrik Eriksen
  • "Forhandle med virkeligheten - ett år på ett hjul" av Erlend Loe
  • "På randen av Vigeland" av Roy Jacobsen
  • "Stillstand - sivilisasjonskritikk på lågt nivå" av Agnes Ravatn
  • "Hør her'a!" av Gulraiz Sharif
  • "Noe tapt og noe vunnet" av Tara Westover
  • "Farvel til Eddy Bellegueule" av Édouard Louis
  • "Andvake - forteljing" av Jon Fosse
  • "Koke bjørn - roman" av Mikael Niemi
  • "Bli hvis du kan. Reis hvis du må - roman" av Helga Flatland
  • "Fugletribunalet - roman" av Agnes Ravatn
  • "Bienes historie - roman" av Maja Lunde
Alle bokanbefalinger for dette verket