Kafédikt

Samlaget 1999 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 2.50 (2 terningkast.)

11 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Ein moderne diktantologi med dikt for folk som likar seg på kafé. Boka har eit format som gjer at ho passar ved kafébordet. Dikta handlar om smått og stort, kaféliv og tema som blir diskutert på kafé. Ein del av dikta er skrivne spesielt for denne samlinga, andre dikt er publisert tidlegare.

Omtale fra forlaget

Ein moderne diktantologi med dikt for folk som likar seg på kafé. Boka har eit format som gjer at ho passar ved kafébordet. Dikta handlar om smått og stort, kaféliv og tema som blir diskutert på kafé. Ein del av dikta er skrivne spesielt for denne samlinga, andre dikt er publisert tidlegare.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 1999

Format Innbundet

ISBN13 9788252154825

EAN 9788252154825

Språk Nynorsk

Sider 92

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 1

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

å leve
er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser
og fin musikk
men sidan no
dette orgelet likevel står her
kan vi vel spele litt på det

(Arne Ruset: å leve)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Alf.A Sæter.

Frieri

Først
vil eg kyssa deg på panna
i solskinet
under eit vårgrønt lindetre,

på nasetippen
ytst på en tom brygge ein junikveld
med seglbåtar
og frålandsvind.
Seinare,
varsamt på kinnet
ved ei stilt glidande elv
i flatt landskap,
og til sist
på munnen
i turistmylderet
på troppa til ein katedral
i ein ukjend by.

Då seier du kansje ja,
– om eg spør?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ann Kavli

Oss, retning

Eg veit
Ikkje kvar
Vi skal

Men eg gler meg
Medan vi kjem dit

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Olav H.hauge

Skeiserenn

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.

Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runden fyre.

Det kjennes litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!

Og du fell inn i di eigi takt
og kappstrid med deg sjølv.
Meir kan du ikkje gjera.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Einar Økland

På utekafé

Når livet er godt nok
seier vi ikkje stort.
Myser mot tankane.
Nippar til kaffien.
Grip etter glaset.
Flyttar beina.
Hallar oss bakover.
Ser oss ikkje ikring.
Mumlar berre så vidt.
Kjenner vi har
det gode i oss.
Svelgjer det
ned.
Bøyer oss fram att.
Flyttar beina tilbake.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

11 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Du vil kanskje også like

  • "Baudolino" av Umberto Eco
  • "Pelsjegerliv blant Nord-Canadas indianere" av Helge Ingstad
  • "Hvis en reisende en vinternatt" av Italo Calvino
  • "Århundrets kjærlighetssaga" av Märta Tikkanen
  • "Kjærleikens ferjereiser" av Edvard Hoem
  • "Benoni ; Rosa" av Knut Hamsun
  • "Dikt i samling" av Olav H. Hauge
  • "Syden" av Are Kalvø
  • "T. Singer - roman" av Dag Solstad
  • "Sa mor" av Hal Sirowitz
  • "Snø" av Orhan Pamuk
  • "Egalias døtre" av Gerd Brantenberg
Alle bokanbefalinger for dette verket