Omtale fra forlaget
Desse novellene handlar om livet i og rundt norske folkebibliotek frå 1950 talet til omkring tusenårsskiftet. Dei tek oss med inn mellom bokhyllene, inn bak skrankane, ned i dei mørke, støvete kjellarmagasina, og inn i veremåtane og tankane til bibliotekarbeidarane: Den unge, uerfarne praktikanten, den pedantiske biblioteksjefen, den strenge, pirkete lesesalbibliotekaren, den kantete, asosiale, mannlege bibliotekaren, og dei andre meir eller mindre særeigne personane som held seg der inne mellom bøkene.
Forlag Liv forl.
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788283302264
EAN 9788283302264
Språk Nynorsk
Sider 178
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketOg nokre elska det. Kome inn i boklabyrinten, finne seg ei krå, ei heilt roleg krå, heilt omgjeven av bøker dei var interesserte i, setje seg på ein låg krakk eller på golvet, ta fram bøker, den eine etter den andre, lese litt her og der, i mange bøker eller i berre ei bok, gløyme tid og stad, berre vere i boka, i bøkene, finne roa, den eigne, trygge roa som du finn når den stressa kvardagen forsvinn, blir borte, bak høge blånar, eller bak mange fulle bokreolar.
Di eldre bok, di fleire eksemplar, di fleire lesararar, di meir sjel. Mange tusen menneske, ja kanskje millionar over heile verda har lese dei same orda, dei same setningane, tenkt omtrent dei same tankane og hatt omtrent dei same kjenslene når dei las boka. Når du les, blir du ein av dei. Du deler tankar, førestillingar, kjensler, kunnskap med alle dei som har lese akkurat det same. Kanskje sit det mange og les akkurat det same som deg på same tid. Då blir kjensler, tankar og førestillingar mangedobla.
4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketMitt eget lesemål for 2021 var å lese ei novellesamling i måneden. Bøkene er lagt inn kronologisk etter når de ble lest, mao. er den første boka lest i januar og den siste i desember.