Omtale fra forlaget
Under mottoet "Ung, stolt og harry" gir boka ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og avslører at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Har register.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1999
Format Heftet
ISBN13 9788252154191
EAN 9788252154191
Genre Humor
Språk Nynorsk
Sider 207
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSei meg kva du legg i ordet "harry", og eg skal seie deg kvar du bur, , kvar du har budd, kvar du skulle ønskje at du budde, kva slags utdanning du har, kva slags utdanning du skulle ønske at du hadde, kva slags utdanning du skulle ønske at du ikkje hadde, kor mykje du tener og kor mykje du vil at folk skal tru at du tener.
I dag blir det sett på som harry å snakke høgast mulig i mobiltelefonar på mest mulig offentlege plassar, fordi ein mobiltelefon strengt tatt ikkje er noko å vise fram lenger når alle norske familiar har minst ein kvar og alle veit at dei kostar ca tre kroner.
Ein bil er dessutan eit svært veleigna festlokale. Du bestemmer både musikken, selskapet og utsikta sjølv.
Den nyrike harryen prøver å høyre heime både hos dei verkeleg rike og hos vanlege folk, og endar som regel opp ein plass midt imellom. Ekte rikingar likar klassisk musikk. Ekte harryar likar rock. Nyrike harryar likar Rock Classics.