Omtale fra forlaget
Korleis leva anstendig i ein verden der individualismen er einerådande, der samhald og kollektivt ansvar er i vanry, og pengar og makt dei einaste måla på framgang og lykke? Gjennom eit tjuetals ulike livshistorier frå vår samtid og nære fortid fortel Habeas Corpus om kvinner og menn som prøver å leva så sant og rett dei kan, ut frå dei lover og reglar som gjeld i samfunnet. Liva deira blir vikla inn i kvarandre, vikla inn i den store historia og inn i krefter som er sterkare enn dei sjølve. Vi er i Norge, i Europa, i Nord- og Sør-Amerika. Når andre gjer urett, kan vi straffa og boikotta dei; korleis boikottar vi oss sjølve? Kva med den lovlydige, når lov blir urett? Kjartan Fløgstad er ein av våre mest markante litterære stemmer. Han har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2023
Format Heftet
ISBN13 9788205593671
EAN 9788205593671
Serie Gyldendal pocket
Språk Nynorsk
Sider 317
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket"Livet ligg bak oss alle som ein ledning, eller eit tau å gripa fatt i, stekka armane ut frå kroppen til begge sider for å kveila det saman i like store ringar du anten kan bera over skuldra eller henga frå deg og festa til ein krok på veggen, velordna, slik at etterkommerane, om dei vil, kan ta det ned og strekka det ut, for å ha noko å halda seg til når du går ut av historia."
"Når Vegard Mikkelsen får argumentere for å sitja stille og ta det med ro, eller for at prosjekt eller ei oppgåve er heilt uråd å gjennomføra, blir ha rett og slett veltalande, og inntar på denne måten ei nøkkelrolle i organisasjonen, ei rolle alle byråkrati set stor pris på og er avhengige av. Nei, spørsmålet krev ikke handling, men avhandling, konkluderar seinorkonuslent Millelsen og vender tilbake til skrivebordet"
22 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket